Vestmuren

Jerusalems 10 på topp #3

Vestmuren kan kallast an icon of contemporary Jerusalem.

Det er Jerome Murphy-O’Connor som omtaler Vestmuren (eller “Klagemuren”) slik i si oversikt over Jerusalems 10 på topp:

The Western Wall has become, along with the Dome of the Rock, an icon of contemporary Jerusalem. The bald wall face that mesmerizes tourists and pilgrims alike is in fact a small portion of the retaining wall built in the first century B.C. by King Herod to support the Temple Mount, a portion that for centuries had been the only one set aside for Jewish worship.

Biletet viser dimensjonane ved muren. Dei nederste delane (med størst steinar) er frå Jesu tid.

Staden er absolutt fascinerande for den som kjem dit som turist eller pilegrim. Og samtidig er det altså også ein stad som er i dagleg bruk, nærast som ein synagoge i friluft. For dei faste “brukarane” av staden er det bøn og lesing av heilage tekstar som står i sentrum.

Det første biletet viser eit utsnitt av den venstre og største delen av plassen framfor muren. Denne delen er bare open for gutar og menn. Jenter og kvinner kan koma inntil muren litt lenger til høgre. Det andre biletet viser gjerdet som skil mellom kjønna.

Vestmuren er ein stad der ein kjem tett innpå det jødiske Jerusalem. Samtidig er tempelplassen like over muren den mest symboltunge muslimske staden i byen. Forholdet mellom dei heilage stadane er med og gjer Jerusalem til ei vanskeleg og foreløpig uløyst gåte i ein framtidig fredsprosess i Midt-Austen.

Sjå også: Vestmuren / Klagemuren

Dette notatet er ein del av ein serie om Jerusalems 10 på topp. Det er forskaren og forfattaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista eg følgjer i serien. Vestmuren er rangert som nr 3.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:

Sjå meir stoff om Vestmuren her.

9 svar til Vestmuren

  1. […] 3. Vestmuren […]

  2. […] 3. Vestmuren […]

  3. […] tidlegare notat om Vestmuren – og fleire tidlegare notat […]

  4. […] Sjå også tidlegare notat om staden, for eksempel desse: Klippedomen og Vestmuren. […]

  5. […] Oppdatering: Sjå også det nyare notatet Vestmuren. Jerusalems 10 på topp #3. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: