Peter ved bålet

07/04/2018

Notat til søndagens tekst: Joh 21,15-19

IMG_6347 Tabgha, Peterskyrkja,

The Church of the Primacy of St. Peter. Foto: Arne Berge 2005

Etter påske møtte Jesus Peter ved eit bål i strandkanten ved Tiberiassjøen (Gennesaretsjøen). Her fekk Peter fornya kallet sitt. Denne kyrkja er bygd på staden der dette etter tradisjonen skal ha skjedd. Den fransikanske kyrkja, eg ville vel heller sagt kapellet, blei bygd i 1933 over restane av ei kyrkje frå 300-talet.

Evangeliet etter Johannes fortel at Peter og seks andre disiplar var ute og fiska på Gennesaretsjøen etter påsken. Dei var nok framleis både usikre og forvirra etter det som var hendt med Jesus.

Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. (…) Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. (…) Jesus sa til dei: «Kom og få mat!»

(Utdrag frå Joh 21,1-14).

Den flate kalksteinen framfor altaret i kapellet i Tabgha blir etter tradisjonen kalla Mensa Christi, Jesu bord.

IMG_1503

Mensa Christi, Tabgha. Foto: Arne Berge 2011

Etter måltidet fornya Jesus kallet til Peter og stadfesta at han satsa vidare på disippelen. Tre gonger spurde han Simon Peter om hans kjærleik, tre gonger fekk han eit (forsiktig) bekreftande svar og tre gonger gav han Peter eit tydeleg kall til leiarskap. Det er dette som i år er søndagens tekst på 2. søndag i påsketida:

15 Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» 16 Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» 17 Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! 18 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» 19 Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

Dette er ein tekst som seier mykje om koss Jesus møter oss. Han vil gje oss nye sjansar når me har svikta. Han vil fornya kallet me fekk i dåpen. Han vil at me skal følga han. Og han kallar oss til å høyra saman i eit fellesskap.

Det er nokre som har kalla dette Peter sin konfirmasjon. For Jesus bekrefta sin kjærleik til han, og Peter fekk også bekrefta at han framleis ville vera saman med Jesus, trass i at han hadde svikta så grovt. Andre har kalla det for den første ordinasjonssamtalen i kyrkja. Altså den personlege samtalen biskopen har med den som skal bli prest. Uansett samanlikning: Jesus bekrefter kjærleiken, fornyar tilliten og kallet til tenesta.

Det er vanleg å tenka at Jesu tre spørsmål har samanheng med Peters tre fornektingar før korsfestinga. Sviket skjedde etter at Jesus var arrestert, ved eit bål på gardsplassen i øvstepresten sitt hus. Johannes skildrar situasjonen slik:

Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde tent eit bål og stod og vermde seg ved glørne. Peter vart òg ståande der saman med dei og vermde seg.

Eg syns det er ein interessant detalj at Johannesevangeliet knyter saman Peters fornekting før korsfestinga med Jesu kall etter oppstoda, også på den måten at det blir nytta eit relativt spesielt gresk ord for bål på begge desse stadane (Joh 18,18 og 21,9). Det er ordet he anthrakiá som betyr eit bål av kol med glør i. Dette får den norske Bibelen 2011 fram på ein fin måte ved begge stadane å knyta saman orda bål og glør.

Det er flott å koma til The Church of the Primacy of St. Peter i Tabgha og stå på stranda der tradisjonen seier at dette skjedde; Jesus møtte Peter med tilgjeving og ny start.

IMG_6342 Tabgha, Peterskyrkja, skulptur

Jesus og Peter, Tabgha. Foto: Arne Berge 2005

Oppdatert 07.04.2018

Advertisements

153 store fiskar

06/05/2013

Det er fleire vidløftige teoriar i teologisk litteratur om korfor detaljen med kor mange fiskar disiplane fekk, er tatt med i Joh 21,11.

Nå har ein teologisk student kome med den endelege forklaringa på spørsmålet, basert på eiga erfaring: Fishermen count their fish. Enkelt og greitt. Sånn er det bare.

Her er teksten:

Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet.

Studenten må krediterast; han heiter Jordan Burt. Det er læraren hans, Dr James F. McGrath som fortel om den enkle og logiske forklaringa, sjå her: 153 Fish – The Definitive Explanation.

(via April Carnival, på bloggen ἐνθύμησις)


%d bloggarar likar dette: