Gå i fred. Ten Herren med glede. Kvil i hans nåde

05/05/2019

Preike i konfirmasjon i Hinna kirke 4. og 5. mai 2019

Konf 2019 tullebilde 2 red

Hinnakonfirmantane 2019, tullebilde. Foto: Studio Hjelm

I Hinna kirke avsluttar me gudstenestene med utsendingsorda «Gå i fred. Tjen Herren med glede. Hvil i hans nåde.» Dette brukte eg som disposisjon for preika i konfirmasjons-gudstenestene denne helga (4. og 5. mai 2019 / 3. søndag i påsketida). Her er manuset:

Det står skrevet i evangeliet etter Markus:

Apostlene samlet seg igjen hos Jesus og fortalte ham om alt de hadde gjort, og alt de hadde lært folket. Og han sa til dem: «Kom med meg til et øde sted hvor vi kan være alene, og hvil dere litt!» For det var så mange som kom og gikk at de ikke fikk tid til å spise engang.
Så dro de ut med båten til et øde sted for å være alene. Men mange så at de dro bort, og kjente dem igjen, og fra alle byene strømmet folk sammen til fots og nådde fram før dem. Da Jesus gikk i land, fikk han se en mengde mennesker. Han fikk inderlig medfølelse med dem, for de var som sauer uten gjeter. Og han ga seg til å undervise dem om mange ting.
Det var nå blitt sent på dagen, og disiplene kom til ham og sa: «Stedet er øde, og det er alt blitt sent. Send dem fra deg, så de kan dra til gårdene og landsbyene her omkring og kjøpe mat.» Men Jesus svarte: «Dere skal gi dem mat!» De sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpe brød for to hundre denarer, så de kan få spise?» «Hvor mange brød har dere?» spurte han. «Gå og se etter!» Da de hadde gjort det, sa de: «Fem brød og to fisker.»
Så sa han at de skulle la alle danne matlag og sette seg i det grønne gresset. 40 Og de slo seg ned, rekke ved rekke – noen på hundre og noen på femti. Så tok han de fem brødene og de to fiskene, løftet blikket mot himmelen og ba takkebønnen, brøt brødene i stykker og ga til disiplene, for at de skulle dele ut til folk. De to fiskene delte han også ut til alle. Og alle spiste og ble mette. Etterpå samlet de opp tolv fulle kurver med brødstykker og fisk. Det var fem tusen menn som hadde spist. (Mark 6,30-44)

Slik lyder det hellige evangelium.

Gå i fred

Fred vere med deg! Desse ordå komme´ frå Jesus. I dag får du som er konfirmant, høyra ordå om fred sagt saman med namnet ditt.

Fred er eit flott ord. Men kva betyr det? Eg vil seia at det betyr meir enn å få «vera i fred». Det betyr kanskje heller å «leva i fred» med dei me har rundt oss. Det har altså någe med relasjonar å gjera. Någen vil òg seia at det har med heilhet og velvere å gjera.

Eg trur at Jesus vil gje oss det me kan kalla Guds fred. Gud vil det beste for oss. Bibelen fortel oss at han elskar oss. Det mest kjente bibelverset om Guds kjærlighet, har me snakka om mange gonger på samlingane våre. Det er det som blir kalla «Den lille Bibel»:

For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.

Guds gåver til oss er verdifulle. Større enn någe aent me kan få. Det å gå i fred,  – og å leva i fred, – seier oss någe om det som er mest verdifullt. Men det seier oss òg någe om det sårbare menneskelivet. For det er ikkje opplagt at me kjenner på denne freden i livet vårt. Livet er ikkje bare enkelt. Og me kan alle, i større eller mindre grad, kjenna på uro og savn når livet ikkje blei sånn me hadde håpt.

Bibelteksten sa at Jesus fekk «inderlig medfølelse» med dei som var komne for å høyra på han.

Jesus fikk inderlig medfølelse med dem, for de var som sauer uten gjeter. Og han ga seg til å undervise dem om mange ting.

Livet deira var ikkje enkelt. Det var sjukdom og aen nød, og sjølvsagt ikkje någe helsevesen sånn me er vant med. Dessutan var det eit hardt og tøft samfunn. Folk var fattige og levde under romersk okkupasjon. Midt i denne virkeligheten kom Jesus og viste ein ekte medfølelse. Han kom med Guds kjærlighet til desse menneskene.

Med eit moderne ord kallar me dette for empati, det vil seia evnen til å setta seg inn i koss andre menneske har det. Jesus har slik empati. Han viste omsorg og ville gje dei det beste.

Når det står at han underviste dei om mange ting, veit me sjølvsagt ikkje kva han snakka om akkurat då. Men eg trur det handla om Guds kjærlighet og om hans tilgivelse. For me veit at Jesus ofte snakka med folk om at Gud ville gje menneskene frelse og fred, midt i det tøffe livet dei levde. «Kom til meg, alle dokker som strevar, og eg vil gje dokker kvile» sa han.

Når eg seier at eg trur på Jesus, handlar det ikkje om historie og gamle dagar. Nei, det handlar om vår tid, her på Hinna. Det handlar om mitt og ditt liv. Det betyr at han møter oss i dag, med den same freden og kjærligheten som me les om i Det nye testamentet.

Truå på Jesus gjer at me kan leva i fred med Gud og i fred med våre medmenneske. Midt i kvardagen som ofte kan vera tøff og krevande.

Når eg seier «å leva i fred med Gud», tenker eg på at me kan ta imot hans kjærlighet og tilgivelse. Dette er någe me treng alle saman.

Når eg seier «å leva i fred med vår medmenneske», tenker eg på at me kan la den kjærligheten og tilgivelsen me sjølve har møtt hos Gud, prega oss i møte med andre menneske.

Ten Herren med glede

Bibelteksten handla òg om at Jesus gjorde eit under. Eit merkeleg under. Dei hadde bare litt mat, fem brød og to fiskar, men då Jesus velsigna denne maten blei det, utruleg nok, rikeleg til mange tusen menneske. Dette er eit under me ikkje kan forstå. Og det er jo det som gjer det til eit under.

I dag har eg lyst til å seia någe om det at Jesus brukte vennene sine, då han gjorde dette underet. Han ville at dei skulle tena han med glede.

«Dokker skal gje dei mat!» sa Jesus. Kanskje dette er eit hint om at Jesus hadde god humoristisk sans? Kanskje han smilte godt då han sa det? Dei hadde jo bare fem brød og to fiskar, – og det var tusenvis av sultne menneske!

Kanskje det. Men først og fremst viser dette oss at Jesus kallar til å ta ansvar. Han vil at me skal ta ansvar for kvarandre og for alt det Gud har skapt. «Dokker skal gje dei mat!» sa Jesus. Derfor har alltid ordå «å dela» og «å tjena» vore viktige ord i vår kristne tru. Me kunne gjerne seia å tjena med glede.

Eg lurer forresten på når det var disiplane oppdaga at det hadde skjedd eit under med dei fem brøda og dei to fiskane …

Var det då Jesus løfta blikket og ba takkebøn? Var det då han braut brødene i små stykke? Var det då dei fekk maten av Jesus og begynte å dela ut? Eller var det då dei såg overskuddet etter at alle hadde spist seg mette?

Jesus vil at me skal dela og gje vidare av det som me har fått. Det er slett ikkje sikkert at me oppdagar undervegs kva våre ord og handlingar betyr for andre. Men du kan vera trygg på at ordå dine og dei gode gjerningane dine kan bety någe flott og positivt for dei du har rundt deg.

Kvil i hans nåde

Her i Hinna kirke avsluttar me alltid gudstenestene med utsendinga «Gå i fred. Tjen Herren med glede. Hvil i hans nåde.»

Å kvila er ei viktig side ved det å tru! Bibelteksten viser oss at Jesus ville at vennene hans skulle få samla krefter i ein travel kvardag:

Apostlene samlet seg igjen hos Jesus og fortalte ham om alt de hadde gjort, og alt de hadde lært folket. Og han sa til dem: «Kom med meg til et øde sted hvor vi kan være alene, og hvil dere litt!» For det var så mange som kom og gikk at de ikke fikk tid til å spise engang.

Det står at disiplane, eller apostlane som dei blir kalla her, kom til Jesus og var opptatt av alt det dei hadde gjort. Kanskje dei var stolte over det dei hadde prestert? Eller kanskje dei først og fremst var slitne? Det kan sikkert forstås på fleire måtar. Men Jesus var uansett mest opptatt av koss dei hadde det. Han ville at dei skulle få ro. Han sa til dei: «Kom med meg til eit øde sted kor me kan vera aleine, og kvil dokker litt!»

Det er ikkje sikkert at alle her drømme’ om å få komma til «eit øde sted». Men å kvila og samla krefter, det trur eg alle opplever godt. Og eg håper at dokker konfirmantar har opplevd kjerkå som et sånt fristed, der det er godt å vera. Her møter me han som vil gje oss kvile.

For me lever i eit krevande samfunn. Det skjer møje rundt oss og det er mange som stiller krav. Det gjeld både for ungdom og voksne. Og me er jo så forskjellige, – og taklar derfor dette på forskjellig måte. For mange av oss er det heilt fint med store forventningar og høge mål. For andre skapar dette stress og press.

I dag er me spesielt opptatt av kva dette betyr for dokker ungdomar. Någen snakkar om at dokker tilhøyrer «Generasjon prestasjon», og at dokker er meir aktive og meir opptatt av å gjera det bra, enn ungdomar var før i tidå.

Eg er ikkje sikker på at dokker alle kjenner dokker igjen i dette, eller om dokker opplever dette positivt eller negativt. Men uansett: Budskapet om Jesus fortel oss at han er meir opptatt av kem me er enn av kva me gjer eller kva me presterer.

Han er opptatt av deg og meg og av koss me har det som menneske. Han vil at me, midt i kvardagen, skal få kjenna på ein grunnleggande trygghet og tilhørighet. Å tru er å ta imot Guds gode gåver utan å fortena det. Det er det som kalles nåde. Og han vil at me skal kvila i hans nåde.

Til dokker konfirmantar vil eg seia det er mitt håp at du, same koss livet ditt utviklar seg, held fast på truå på Jesus og følger han. Og tar imot hans nåde.

«Hinna menighet – et sted å vokse»

Du høyrer til i ei kjerke. Hinna menighet sin visjon er «et sted å vokse». Det gjeld sjølvsagt òg andre kristne menigheter. Her har du ein plass, òg i framtidå. Her kan du finna tru, håp og kjærlighet. Her blir du utfordra til å gå i fred, tena Herren med glede og kvila i hans nåde. Det handlar om å veksa som kristne menneske.

Jesus har lova oss at han er med oss alle dagar inntil verdens ende. Det gjeld både dei gode dagane, når livet er ein leik, og dei vanskelege dagane. Han er trufast, òg når me kan kjenna oss usikre og ustabile.

Sjølve ordet konfirmera har med å bekrefta å gjera. Me kan i dag bekrefta vår tru på Gud. Det gjeld både dokker konfirmantar, dokker som er foreldre og alle oss andre.

Det er fint om du som er konfirmant i dag bekreftar truå, stille for deg sjølv, for eksempel framme ved altarringen. Det er også ein vekst! Men konfirmasjonen er altså meir enn dette, det er òg det at Gud bekreftar sin kjærlighet til deg.

Eg trur det er viktig at me vågar å løfta blikket og sjå etter någe som er større enn oss sjølve. For truå seier oss at Gud er nær og at me kan læra han å kjenna ved å tru på Jesus. Og at han kallar oss til å gå i fred, tena Herren med glede og kvila i hans nåde.

Ære være Faderen og Sønnen og Ånden, som var og er og blir én sann Gud, fra evighet til evighet.

Sjå òg hinnakirke.no

Advertisements

Langfredag i Hinna kirke

26/03/2018

Golgata. Jesu kors

Nå i den stille veka har eg lyst til å visa fram Victor Sparre sin store glaskunst i Hinna kirke enda ein gong.

Les om kunsten her: Victor Sparre: Golgata.

Du kan også lesa kunstnaren sin artikkel Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri her: Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke.


Victor Sparre om glaskunsten i Hinna kirke

28/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 3

Golgata. Jesu kors

Victor Sparre (1919-2008) er kunstnaren bak den store glaskunsten i Hinna kirke. Kunsten var  ferdig til vigslinga av kyrkja 29. oktober 1967. Dette var første gong kyrkjekunst blei støtta av det relativt nye Norsk Kulturråd. Størstedelen av utgiftene på kr 120.000 til kunsten blei likevel gitt frå lokale deltakarar i «kirkeringene», dette var kvinner som var aktive i foreiningar som arbeidde for å bygga kyrkja på Hinna.

Eg har tidlegare skrive om glaskunsten, sjå: Victor Sparre: Golgata. Her er det fleire bilde og lenke til meir informasjon om kunstnaren (som i 1967 framleis heitte Victor Smith, – han skifta familienamn i 1971).

Sparre har ein interessant tekst i årboka Fedrane kyrkje i Rogaland 1968: Kirkens kunst og Hinnakirkens glassmaleri. Her er det nokre setningar som er vesentlege for forståinga av tankegangen hans, samtidig som dei er til å undra seg over (og ikkje forstå!):

Golgatascenen er tom. Det er langfredag aften. Kristi legeme er tatt ned, men tilbake på korset er det et avtrykk, som aldri kan viskes ut av vår verden.

Her er heile artikkelen:

V Sparre 1967, s 59

V Sparre 1967, s 60.jpg

V Sparre 1967, s 61.jpg


Edvard Eikill om bygginga av Hinna kirke

27/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 2

jubileumlogo

Då kyrkjeklokkene skulle testast dagen før vigslinga, var det ingen lyd å høyra! Edvard Eikill har skrive historia om då Hinna kirke blei bygd i 1967. Edvard var allereie då aktiv i kyrkjelyden. Han fortel både om forhistoria til kyrkja og om sjølve vigslingshelga for nøyaktig femti år sidan.

Hinna sokn blei i 1966 skilt ut frå Hetland prestegjeld. Det hadde lenge vore regelmessige gudstenester med dåp og nattverd på bedehuset Betlehem, som blei godkjent til kyrkjelege bruk ved kongeleg resolusjon allereie i 1913. Dette bedehuset står i dag på Norsk Folkemuseum på Bygdøy (her). Dei siste åra før 1967 var det gudsteneste annankvar søndag på Betlehem og på Hetland gymnas.

Les heile historia i heftet som er gitt ut til jubileumshelga, sjå her.

Tilbake til den manglande klokkeklangen over Hinna. Edvard fortel historia frå laurdag 28. oktober 1967 då leiaren i byggekomiteen ville prøva kyrkjeklokkene for første gong:

Men da Trygve Brekke ville prøve ringeutstyret og få de første tre ganger tre – slagene til å runge over Hinna, ble det en rungende taushet. Hva var galt? Ingen kunne finne det, og utpå kvelden gikk et nødrop til klokkestøperiet Olsen Nauen i Vestfold. Innehaveren, Olsen Nauen selv, satte seg i bilen og var på Hinna tidlig søndag morgen. Da klokkene skulle ringe, ringte de for fullt.


Alfred Hauge om vigslinga av Hinna kirke

24/10/2017

Frå den lokale kyrkjehistoria på Hinna, del 1

Hinna kirke 1967

Kyrkjestatsråd Kjell Bondevik var til stades då Hinna kirke blei vigsla av biskop Fridtjov Birkeli for 50 år sidan. Bondevik helsa med bibelverset om tru, håp og kjærleik (1. kor 13,13). Det er Alfred Hauge som fortel dette i artikkelen Høytidsdag i Hinna menighet.

Det Hauge ikkje fortel, er historia som lever i kyrkjelyden om at kyrkjestatsråden blei avvist i døra då han kom fram etter at kyrkja allereie var heilt full. Det skal ha vore over 1000 menneske til stades ved vigslinga, i tillegg til ca 500 som ikkje fekk koma inn. Edvard Eikill fortel:

Kirken var så fullsatt at vakter utenfor måtte avvise dem som kom for sent. En av dem hadde vansker med å få en høy mann med god nynorsk dialekt til å forstå at fullt er fullt! Inntil det plutselig gikk opp for ham at mannen som var så innpåsliten, var kirkeministeren selv, Kjell Bondevik! Han fikk da slippe inn, og fikk også sagt noen gode ord.

Teikninga av kyrkja har blitt brukt mykje i alle dei femti åra sidan vigslinga 29. oktober 1967. Sjølv om kyrkja er påbygd to gonger etter dette, med Hinnasenteret og kyrkjetorget, er kyrkja framleis lett å kjenna igjen. Eg veit ikkje kven som har teikna denne teikninga. Kanskje er det arkitekt Retzius sjølv?

Her er Alfred Hauge sin artikkel i Fedrane kyrkje i Rogaland. Årbok for Stavanger bispedøme 1968:

A Hauge side 1

A Hauge side 1-kopi

A Hauge side 2 (1)

A Hauge side 2

A Hauge side 3 (1)

A Hauge side 3.jpg

A Hauge, side 4


Jubileumshelg på Hinna

23/10/2017

Hinna kirke er 50 år søndag 29. oktober 2017

Helga 28.-29. oktober feirar Hinna kirke sitt 50-års jubileum. Dei neste dagane vil eg skriva litt her på bloggen om det lokale kyrkjejubileet.

Kyrkja blei vigsla av biskop Fridtjov Birkeli søndag 29. oktober 1967. Nå i helga blir det jubileumsgudsteneste på sjølve dagen for jubileet. Kvelden før blir det jubileumskonsert med bidrag frå mange songarar og musikarar med tilknyting til Hinna.

Men femtiårsmarkeringa starta allereie for ein månad sidan med bursdagsfeiring med pølsemiddag, is, ballongar og konsert med Tore Thomassen. Då var det mange barn som var med og feira at kyrkja vår er 50 år «omtrent på denne tida».

Les meir om jubileumshelga på www.hinnakirke.no.

Her er helsinga eg skreiv til eit hefte som er delt ut i bydelen i samband med jubileet:

Hinna kirke feirar 50-års jubileum nå i haust. Det er mange menneske som har gått inn og ut av dørene i kyrkja vår desse 50 åra, og mange er takknemlege for det kyrkja har betydd.

«Kven er dette si kyrkje?». Dette spør me konfirmantane om. Det finst kanskje ikkje så mange gale svar på dette, men det finst mange riktige. Det er nemleg vår kyrkje, det er di og mi kyrkje. Og samtidig er kyrkja Guds hus, eit annleis og heilagt hus.

Me er mange som på ein eller annan måte har fått livshistoria vår fletta saman med den lokale kyrkja si historie. Eg veit ikkje talet på kor mange som er døypte her, men det må vera svært mange! Det same kan seiast om konfirmasjonar, vigslar og gravferder. Tenk også på alle dei som har deltatt i barnegospel, ungdomsklubb, tensingkor, bibelgrupper og andre små og store fellesskap. I mi eiga livshistorie er Hinna kirke viktig fordi eg blei konfirmert her i 1971, var aktiv her i «Unge kristne» midt på 70-talet, og blei ordinert til prestetenesta her i 1984. Og frå 2012 har eg altså kome tilbake som sokneprest.

I dag er kyrkjelyden vår prega av mange barnefamiliar på Tirsdagsmiddagen og på Allesammen-søndagane, vidare av ei godt utbygd trusopplæring for barn og unge og ei relativt god deltaking på gudstenestene. Men det er framleis god plass til fleire!

Sjølv om kyrkjelyden er i eit jubileumsår, tenker menighetsrådet framover. Me har dette året blitt med ei eit treårig utviklingsprosjekt, «Menighetsutvikling i folkekirken». Me ønsker å vera eit relevant fellesskap for barn, unge og vaksne på Hinna også i åra som kjem.


Hinna-konfirmantar 2017

05/05/2017

unnamed-4

Her er «tullebildet» av årets konfirmantar på Hinna. Ein god gjeng med ungdommar som eg har fått tilbringa mykje tid saman med det siste året. Foto: Arild Hjelm.

Denne og neste helg har me seks konfirmasjonsgudstenester med til saman 103 konfirmantar.

Her på bloggen markerer eg konfirmasjonane også dette året med ein konfirmasjonssalme som eg sjølv set stor pris på. Salmen er på ein glimrande måte prega både av tru, håp og kjærleik. Men når eg siterer salmen, vil eg nemna at det ikkje er alle konfirmantane som blei borne til dåpen då dei var små; også dette året har nokre av ungdomane i påsken gått på sine eigne føter fram til døypefonten for å bli døypt.

Glade samlast me i kyrkja for å vera i din nærleik
Her er våre konfirmantar, Herre signa dei med kjærleik
For dei unge vil me be
Signa dei med mot og fred
Herre gje dei kraft og tru
Signa dei du.

Stolte bar me dei til dåpen, og nå samlast me i glede
Nå er dåpsbarna blitt store, dei står her i kvite klede
Sjå til alle som er her
Signa oss og ver oss nær
Ver hos oss i tvil og tru.
Signa oss du.

Gje dei unge mot og vilje, vakne sinn, og sterke røter
Så dei vågar sjå og høyra, vera midt i alt dei møter
Kunna tola slit og strid
Halda fast og vera fri
Signa dei med mot og tru
Signa dei du.

Signa alle deira dagar, dei som gret og dei som smiler
Ver du nær dei alle timar, når dei trur og når dei tvilar
Herre signa deira liv
Gje dei håp og perspektiv
Signa dei med song og tru
Signa dei du.

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Johanne Ur Sæbø


%d bloggarar likar dette: