Det herodianske kvarteret

Jerusalems 10 på topp #5

Under eit av dei moderne bygga i det jødiske kvarteret i Gamlebyen, ligg eit museum som viser fram dei arkeologiske utgravingane av seks luksushus frå herodiansk tid (37 f Kr – 70 e Kr). Her kan ein sjå denne flotte mosaikken, bordet og dei to steinkara.

The Palatial Mansion

Spesielt eitt av husa, The Palatial Mansion, skil seg ut. Dette er ein relativt godt bevart bygning på 600 kvadratmeter over to etasjar, blant anna  med ein stor mottakingshall og eit innebygd gardsrom. I tilknyting til bygget ligg The Peristyle Building, ein bygning som utmerkar seg med imponerande søyler som minnar om det som er funne i luksusvillaer i Pompeii og herodianske palass i Masada, Herodion og Jeriko. I kjellaren er det funne rituelle bad som viser at dei som budde her, la vekt på å følgja dei jødiske forskriftene.

Det herodianske kvarteret

Utgravingane av dei seks bygningane blir kalla Det herodianske kvarteret og er tilgjengeleg som Wohl Archaeological Museum. Du finn inngangen like ved Hurva Square.

Kven budde her?

Arkeologen Nahman Avigad var ansvarleg for utgravinga av området. Han meiner at The Mansion kan ha vore bustaden til ein rik øvsteprestleg familie eller ein av familiane i det sekulære aristokratiet i Jerusalem. Bargil Pixner har utfordra dette synet ved å hevda at arkeologane her har funne delar av Det hasmoneiske palasset der kong Herodes den store budde den første tida av regjeringstida si. Dette er eit omstridt synspunkt, men Pixner får støtte frå fleire fagfolk. Teorien er interessant, men eg tenkjer me bør vera forsiktige med ein slik identifikasjon før det evt kjem fram historisk eller arkeologisk kunnskap som gir sterkare støtte til teorien.

Jerusalems 10 på topp

Eg har funne fram ein uavslutta serie om Jerusalems 10 på topp og ser for meg at eg nå vil fullføra serien. Det er den kjende forskaren Jerome Murphy-O’Connor som har laga lista som eg følgjer. Han har rangert Herodian Mansions som nr 5 på denne lista.

Relatert stoff (om det hasmoneiske palasset) her på bloggen: Notatet om Pilatus si borg.

Oppdatering: Serien er nå ferdig:

6 svar til Det herodianske kvarteret

  1. […] 5. Det herodianske kvarteret […]

  2. […] 5. Det herodianske kvarteret […]

  3. […] 5. Det herodianske kvarteret […]

  4. […] 5. Det herodianske kvarteret […]

  5. […] 5. Det herodianske kvarteret […]

  6. […] Bygningsrestane kan vera frå eit herskapshus knytt til aristokratiet eller presteskapet på Jesu tid, uttaler arkeologen Shimon Gibson, på grunn av “the elaborate nature of objects found in these buildings and their proximity to an excavated mansion in the nearby Jewish Quarter”. Han må her tenkja på funna i det herodianske kvarteret. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: