Kulturlandskap i Galilea

Bilde #3 frå vandringa på Jesus trail

galilea-2012-182

Dette bildet viser kulturlandskapet nord for Nasaret. Her ser eg tilbake på byen der Jesus vaks opp. Det vil seia, på Jesu tid var Nasaret ein liten landsby på andre sida av den bebygde åskammen me ser i horisonten.

Etter å ha passert ein travel hovudveg i utkanten av Nasaret, går Jesus trail gjennom dette fredelege kulturlandskapet i retning Zippori national park. Denne delen av turen er ca 9 km. Her går me mest på grusvegar og stigar mellom dyrka mark og beiteområde.

Eg trur Jesus gjekk ofte i dette terrenget i oppveksten. Byen Sepphoris (det gamle greske namnet på Zippori) blei bygd på nytt av Herodes Antipas i desse åra. Her var det nok både arbeid å få og varer å få kjøpt. Seinare i livet heldt Jesus seg helst unna byane med gresk-romersk kultur, og han omtalte Antipas som “den reven” (Luk 13,32)!

Neste år inviterer Inger og eg på nytt til vandring på Jesus trail: I Jesu fotspor. Her blir det ein god kombinasjon av kulturhistorie, bibelhistorie og friluftsliv!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: