Fødselskyrkja AD 1900

20/12/2019

Adventsblogg 20. desember

IMG_1800

Adventsbloggen i dag blir enkel; eit gamalt foto av Fødselskyrkja i Betlehem. Eg såg bildet då eg var i Betlehem i haust, og tok bilde av bildet! Kyrkja er svært viktig; tradisjonen seier at den er bygd over Jesu fødestad. Eg kjem tilbake til staden i adventsbloggen i dagane som kjem. I kveld tar eg bare med dette, saman med eit bilde av dei same murane, 100 år seinare. Fortsatt god adventstid!

The Basilica of the Nativity in Bethlehem

Fødselskyrkja, Betlehem. Foto: Arne Berge 2005


Bilde av St. Olav i Fødselskyrkja

29/07/2018

Dette eldste kjente bildet av St. Olav er måla på ei av søylene i Fødselskyrkja i Betlehem. Bildet har lenge vore svært utydeleg. Eg var innom Fødselskyrkja tidlegare i sommar, og fekk sjå at bilda på søylene nå er under restaurering i samband med det store prosjektet The Restoration of the Church of Nativity – Bethlehem.

Sjølv har eg bildet frå eit kalenderblad frå 1941, utgitt av Dreyers grafiske anstalt i Stavanger. Her blir bildet tidfesta til 1165-1180. Historikaren Trond Norén Isaksen daterer bildet til rundt 1150-1160 i boka Hellig krig om Norges krone (s. 160). Eg har lånt ut bildet frå kalenderbladet til denne boka.

St. Olav, The Church of Nativity, Bethlehem

Olav den heilage i Fødselskyrkja, bilde frå Dreyers kalender 1941

 


%d bloggarar likar dette: