Ein tur opp til Susita/Hippos

26/12/2017
Galilea 2012 573

Susita/Hippos. Foto: Arne Berge 2012

For nokre år sidan hadde eg ein tur åleine i området rundt Gennesaretsjøen, i leigebil. Eg stoppa og såg stadar eg elles aldri hadde kome til. Den mest spesielle opplevinga var nok besøket i ruinane etter byen Susita (med det greske namnet Hippos). Ein fantastisk flott stad! Utgravingsområdet står ope og tilgjengeleg for alle, men det er foreløpig ikkje lagt særleg godt til rette for besøk på staden.

I dag fann eg fram notat og bilde frå denne turen, då eg las omtalen av ei aktuell utstilling på Universitetet i Haifa:

New Exhibition Tells Story of Sussita as Israel Transitioned from Paganism to Christianity

(…) Hippos, situated to the east of the Sea of Galilee, was founded in the second century BCE and destroyed by the strong earthquake of 749 CE. Over the past 18 years, the site, which lies within the Nature and Parks Authority’s Sussita National Park, has been excavated and explored by researchers from the Institute of Archaeology at the University of Haifa. The excavations have yielded many impressive and unique findings over the years, both from the period when the city was still pagan and from the Byzantine and Umayyad periods, when Hippos had a clear Christian majority. For the first time, the new exhibition at the Hecht Museum presents the story of this transition from a society that worshipped the classic Greco-Roman gods to one that adopted the Christian faith.

Les meir

Det første bildet viser decumanus, hovudvegen aust-vest i byen. Bildet er tatt vestover.  Me ser så vidt Gennesaretsjøen i bakgrunnen. Sjøen ligg 300 meter lågare enn utgravingsområdet.

Susita / Hippos er ikkje nemnt med namn i Det nye testamentet. Men byen var ein av dei ti byane i Dekapolis og er dermed indirekte nemnt nokre få gonger, for eksempel i avslutninga av teksten om mannen frå gravhòlene:

Så gjekk han av stad og tok til å fortelja rundt omkring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg. (Mark 5,20)

Det neste bildet viser utgravingane etter ei av kyrkjene i byen. Så kjem eit bilde av ein informasjonstavle på staden. Til slutt eit bilde av vegen opp til Susita. Leigebilen står parkert midt i bildet. Me ser stien frå bilen opp til utgravingsområdet, der eg stod då eg tok bildet. Det er forresten ikkje sikkert bilutleigefirmaet ville likt det, om dei visste at eg tok turen opp desse bakkane.

Galilea 2012 576

Kyrkjeruin i Susita/Hippos. Foto: Arne Berge 2012

Galilea 2012 572

Foto: Arne Berge 2012

Galilea 2012 581

Vegen opp til Susita/Hippos. Foto: Arne Berge 2012

Advertisements

Synagogefunn ved Bet She’an

22/09/2010

Ein 1500 år gamal samaritansk synagoge er nyleg funnen i Jordandalen, nær Bet She’an. Ei pressemelding frå Israel Antiquities Authority fortel om funnet.

Bet She’an ligg vest for Jordanelva, ca 30 km sør for Gennesaretsjøen. I bysantinsk tid var byen eit samaritansk senter og det er frå denne perioden det nå er funne ein synagoge på 5 x 8 meter. Det er tydeleg at den er samaritansk, blant anna ved at den er orientert i retning Garisimfjellet som er heilagt for samaritanane.

Eg vil også nemna at Bet She’an på Jesu tid heitte Skytopolis. Byen var éin av dei ti byane i Dekapolis-forbundet. Jesus reiste i følgje Mark 7,31 gjennom Dekapolisområdet, som også er nemnt i Matt 4,25 og Mark 5,20. I dag er det ein stor og flott arkeologisk park på staden, verkeleg verdt eit besøk! Like i nærleiken ligg den moderne byen Bet She’an med 16.600 innbyggjarar (2007).

Her er eit utdrag frå pressemeldinga, som også inneheld bilder:

A Samaritan synagogue, c. 1,500 years old, was discovered before the holidays, southwest of Bet She’an.

(…)

According to Dr. Walid Atrash and Mr. Ya’aqov Harel, directors of the excavation for the Israel Antiquities Authority, “The discovery of another Samaritan synagogue in the agricultural hinterland south of Bet She’an supplements our existing knowledge about the Samaritan population in this period. It seems that the structures uncovered there were built at the end of the fifth century CE and they continued to exist until the eve of the Muslim conquest in 634 CE, when the Samaritans abandoned the complex. The synagogue that is currently being revealed played an important part in the lives of the farmers who inhabited the surrounding region, and it served as a center of the spiritual, religious and social life there. In the Byzantine period (fourth century CE) Bet She’an became an important Samaritan center under the leadership of Baba Rabbah, at which time the Samaritans were granted national sovereignty and were free to decide their own destiny. This was the case until the end of the reign of Emperor Justinian, when the Samaritans revolted against the government. The rebellion was put down and the Samaritans ceased to exist as a nation”.

(Les meir)


Nytt frå Gennesaretsjøen

19/06/2008

Haaretz skriv:

What are the mysterious stones emerging from Kinneret waters?

A marine scientist has discovered a series of mysterious stone patterns on the lake bed of drought-stricken Lake Kinneret.

The man-made piles of stone, which are now above water, jut out from the freshwater lake, and sit 30 meters from each other along a 3.5-kilometer stretch of the eastern shore, from the Kinneret College campus to Haon resort.

(…)

Though they have not yet been scientifically examined, there are several hypotheses as to what functions they fulfilled. One theory postulates that they were part of a boundary between the ancient lakeside towns of Hippos, also known as Sussita, and Gadara. Both towns were part of the Decapolis, a group of 10 towns that flourished in the eastern part of the Roman province of Palestina, and are mentioned in the New Testament. Others have hypothesized that the patterns were part of a string of watchtowers or small buildings, or were used to set up fishermen’s nets. (les meir)

Det er sjølvsagt interessant med dei «mystiske» steinane. Dessutan er det interessant at den israelske storavisa Haaretz finn det naturleg å nemna NT når dei eigentleg skriv om Dekapolis!


%d bloggarar likar dette: