Adventsblogg 5. desember

Ved julekrybba vår er det mange sauer. Dei kjem eg tilbake til om litt. Først vil eg ta med noko frå dagens bibeltekst i Salme 65 der det er ei poetisk setning om sauene. Bildet frå pilegrimsvandringa i Pyreneane i sommar passar godt til denne setninga:
Markene kler seg med sauer … (Sal 65,14)
Men den gamle salmen handlar om mykje meir enn sauer. Den er ein lovsong til Gud for alle velsigningane i naturen, og først og fremst vatnet si store tyding. Vatn forandrar alt, har eg lært av Kirkens Nødhjelp. I store delar av verda er reint vatn ein mangelvare. Dette kan me framleis gjera noko med!
Sjå kor flott det står om vatnet i den gamle hebraiske poesien:
10 Du gjestar jorda og lèt henne drikka djupt,
du gjer henne overdådig rik.
Guds bekk er full av vatn,
du sørgjer for kornet,
ja, såleis sørgjer du for henne.11 Du vatnar fòrene, jamnar plogveltene,
med regnskurer gjer du jorda mjuk,
du velsignar hennar grøde.12 Du kronar året med dine gode gåver,
spora dine flyt over av rikdom,13 beita i øydemarka flyt over,
haugane smykkar seg med jubel.14 Markene kler seg med sauer,
dalane sveiper seg i korn.
Dei ropar av glede, dei syng. (Salme 65,10-14)
Tilbake til sauene og deira plass i adventstida. Det er mange sauetekstar i Bibelen. Og sjølv om det ikkje står om sauer i juleevangeliet, tenker eg meg at gjetarane sin flokk var ein saueflokk:
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. (Luk 2,8)
Heime hos oss har me sauer i alle rom, heile året. Inger elskar nemleg sauer. I adventstida samlar mange sauer seg ved julekrybba. Og dermed har me våre eigne Betlehemsmarker tilgjengeleg for familien. Julekrybba med tilbehør fyller ein heil benk på kjøkkenet, og barnebarna får leika med figurane. Spesielt sauene og kamelane står ulikt plassert frå dag til dag. Eg tok dette bildet i morges då sauene varma seg rundt bålet. Nå i kveld har dei flytta seg til ein anna plass på kjøkkenbenken.

Eg tenker meg at det neste bildet, tatt ved Yeruham nord i Negevørkenen, kan gje oss eit inntrykk av koss saueflokken på Betlehemsmarkene eigentleg såg ut.

Jesus kalla seg den gode gjetaren. Han sa:
Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. (Joh 10,14-15)
Fortsatt god adventstid!
Her er heile adventsbloggen frå adventstida 2019:
- 01.12 Advent
- 02.12 Jesus opna bokrullen
- 03.12 Grotta under bodskapskyrkja
- 04.12 Mariakjelda
- 05.12 Sauer i adventstida
- 06.12 Om julekrybber
- 07.12 St. Gabriels kyrkje i Nasaret
- 08.12 Forventninga sin adventssøndag
- 09.12 Josefskyrkja i Nasaret
- 10.12 Nasaret på Jesu tid, rekonstruert
- 11.12 På veg til Betlehem
- 12.12 Jakobs protevangelium
- 14.12 Josef sitt esel
- 15.12 Reiseguide, år 50 e Kr
- 16.12 Inn i Betlehem
- 18.12 Englesong utanfor Betlehem
- 19.12 Englekapellet
- 20.12 Fødselskyrkja AD 1900
- 23.12 Om Jesu fødsel
- 24.12 Gjetaren frå Betlehemsmarkene (preike, julaften)