Nasaret på Jesu tid, rekonstruert

Adventsblogg 10. desember

IMG_1623
Gjetaren i Nazareth Village. Foto: Arne Berge 2019

Mens adventsbloggen framleis hovudsakleg handlar om Nasaret, vil eg også fortelja om Nazareth Village. Dette er ein park, eller om du heller vil, ein rekonstruert gard og landsby som gjenskaper Nasaret på Jesu tid. Eg har fleire gonger besøkt staden med grupper som Inger og eg har vore reiseleiarar for, seinast nå i haust. Og eg har aldri blitt skuffa!

Jesus levde det meste av livet sitt i Nasaret. Dei første leveåra var han flyktning i Egypt. Dei siste tre åra av livet var han omreisande rabbi med utgangspunkt i Kapernaum. Men Jesus levde altså likevel det meste av livet som barn, ungdom og vaksen i Nasaret. Han var kjent som «Jesus frå Nasaret»:

Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» (Matt 21,10-11)

Dei som har bygd opp Nazareth Village har eit stort engasjement for å dela bodskapet om Jesus. Når eg kjem til staden, merkar eg dette engasjementet! Dei presenterer staden slik:

A first-century farm and village presenting the life, times, and teachings of Jesus of Nazareth for all the world.

Logoen deira er ei oljelampe, og dei siterer ofte desse orda frå Jesus:

Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys. (Joh 8,12)

Fortsatt god adventstid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: