På veg til Betlehem

Adventsblogg 11. desember

IMG_6725
Wadi Qelt. Foto: Arne Berge 2018

Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, … (Luk 2,4)

Slik står det i juleevangeliet. Det står ikkje noko om reiseruta. Det er likevel vanleg å tenka seg at dei drog ned Jordandalen til Jeriko, derfrå opp til Jerusalem og vidare til Betlehem. I så fall har dei kanskje gått opp den stien som framleis er i bruk i Wadi Qelt mellom Jeriko og Jerusalem? På bildet over ser me stien som følger den bratte fjellsida i ørkendalen.

Ole Christian Kvarme ser for seg reiseruta slik:

Fire eller fem dager har reisen tatt. De har vandret forbi Tabor-fjellet i det nedre Galilea og over den fruktbare Jisre´el-sletten i retning Bet-Shean eller Scythopolis som romerne og grekerne kalte den vakre og imponerende hellenistiske byen sør for Gennesaretsjøen. Dernest har de krysset over elven Jordan og dratt nedover Jordan-dalen på østsiden av elven, forbi små jødiske landsbyer og byer med mye blandingsbefolkning. Ved Jeriko har de igjen krysset Jordan-elven og vendt blikket vestover og oppover mot Juda-fjellene, Jerusalem og Betlehem. (Ole Christian Kvarme: Barnet og byen. En bok om Betlehem. Side 50)

Kvarme ser altså for seg at dei kryssa elva ved Beit Shean og gjekk sørover på austsida av elva, for så å kryssa elva igjen ved Jeriko. Sjå notatet Om å kryssa Jordanelva.

Fortsatt god adventstid!

One thought on “På veg til Betlehem”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.