Reiseguide, år 50 e Kr

Adventsblogg 15. desember

derjesuslevde

Adventsbloggen på 3. søndag i adventstida handlar om ei faktabok for barn (og unge ungdomar). Den fortel om landet der Jesus levde og er skriven som ein reiseguide i år 50, altså mens området ennå var omtrent som på Jesu tid. Eg hadde ikkje sett boka før eit av barnebarna mine introduserte den for meg i går. Og eg blei sjølvsagt begeistra!

Jammen har ikkje boka også eit lengre avsnitt om å gå på fottur frå Nasaret til Kapernaum, altså veldig tilsvarande den moderne Jesus Trail som eg har gått mange gonger. Det sette eg pris på!

Når eg les boka som trusopplæringsleiar og som bibelinteressert farfar og morfar, syns eg det er ei flott bok som eg gjerne vil lesa saman med nysgjerrige barn. Boka gir masse faktakunnskap, også i kategorien fun facts, om landet der Jesus levde. Kanskje boka også kan skapa ein draum om ein gong sjølv å få reisa dit?

Når eg les boka som teolog og reiseleiar til Israel og dei palestinske områda, er eg imponert over kor mykje godt stoff ein har fått med i boka. Her er gode teikningar og kart, forteljande tekstar og faktatekstar. Med desse brillene ser eg likevel fort nokre få faktafeil, som på side 21: Staden ved Gennesaretsjøen der tradisjonen seier at Jesus viste seg etter oppstoda, ligg ikkje mellom Kapernaum og Betsaida. Staden ligg eit par km frå Kapernaum, men i den andre retninga. Side 44-45: På teikninga over Jerusalems bymur under Agrippa, ser det ut for at Golgata framleis ligg utanfor byen. Ved denne byutvidinga ca 10 år etter Jesu død, blei vel staden liggande innanfor muren? Til tross for slike detaljar imponerer boka med alt det ein har fått med på ein lett og interessant måte. Desse to eksempla på stadar der eg meiner å ha funne småfeil, får heller stå som eksempel på den mengda av fakta som faktisk er tatt med i boka.

Når det gjeld fødselsforteljinga frå Betlehem, undrar det meg at boka vidarefører tanken om eit fullt vertshus og om fødsel i ein stall (side 54-55). Eg registrerer også at forfattaren meiner at Maria og Josef truleg reiste gjennom Samaria då dei var på veg frå Nasaret til Betlehem. Eg trur heller dei reiste ned Jordandalen (her). Men dette er jo ein type «fakta» der me aldri kjem lenger enn til å meina noko om kva som er mest sannsynleg.

Meir om boka: Reiseguide Bli med der Jesus levde.

Originalutgåva heiter A Time-Travel Guide to the Land of Jesus og er skriven av Peter Martin (Oxford 2017). Boka er omsett til norsk av Vidar Kristensen og gitt ut på IKO-Forlaget AS i 2018.

Fortsatt god adventstid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.