Inn i Betlehem

Adventsblogg 16. desember

IMG_0913

Informasjonstavle om den gamle byporten i Betlehem.
Foto: Arne Berge 2013

Adventsbloggen vil vera prega av Betlehem dei siste dagane før julehøgtida. Den lokale tradisjonen vil ha det til at Josef og Maria kom til byen gjennom byporten Qoos Az Zarara (eller Qauz Az-Zararah) i den gamle delen av Betlehem.

Det finnes knapt noen flekk i den bibelske geografi som gjennom tidene har talt til den menneskelige fantasi og lengsel som Betlehem, byen fra juleevangeliet.

Slik begynner biskop Per Lønning sitt forord i eit bildeverk om Betlehem som kom ut på Universitetsforlaget i 1981. Boka var skriven av Bargil Pixner og George Hintlian. Les heile forordet her: Per Lønning om Betlehem.

På adventsbloggen vil eg i dagane framover skriva om bibeltekstar og tradisjonar knytt til dei viktigaste pilegrimsmåla i Jesu fødeby.

Å kom, bli med til Davids by
hvor engler synger under sky!
Å la oss gå på marken ut
hvor hyrder hører nytt fra Gud!
(Grundtvig: Det kimer nå til julefest, vers 2. Norsk salmebok nr 44)

Men Betlehem er ikkje bare ein by som taler til vår fantasi og lengsel, for å minna om Lønning sine ord. Byen er ein levande palestinsk by med ein kristen minoritetsbefolkning. Det neste bildet viser kjøpesenteret over buss-stasjonen. Dette er også Betlehem. Og det er via denne bygninga dei fleste tilreisande kjem til byen i dag.

IMG_5973

Betlehem. Foto: Arne Berge 2018

Fortsatt god adventstid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: