Jakobs protevangelium

Adventsblogg 12. desember

e0152a92172587780864f85421948cc19a8abaf150ea88012befada1

Mange av dei allmenne førestillingane me har om det som skjedde rundt Jesu fødsel, kjem frå det tidlege kristne skriftet Jakobs protevangelium. Likevel er dette skriftet, som truleg blei skrive på siste del av 100-talet, ukjent for dei fleste. Det finst på norsk i Bokklubben si bok Apokryfe evangelier i serien Verdens hellige skrifter.

Det er for eksempel frå Jakobs protevangelium me har førestillinga om at alt rundt Jesu fødsel gjekk så fort, og at det skjedde den natta då dei kom fram til Betlehem. I bibelteksten står det: «medan dei var der, kom tida då ho skulle føda» (Luk 2,6). Det er noko anna. Eg trur Josef, som den ansvarsfulle mann han var, hadde god tid til å organisera det nødvendige rundt fødselen!

Jakobs protevangelium bygger på og kombinerer tekstane om Jesu fødsel i Matteus- og Lukas-evangeliet. Men det er også mykje nytt stoff som ikkje kjem frå bibelteksten, særleg om det som skjedde før Jesu fødsel. Eg har tidlegare nemnt skriftet si forteljing om Mariakjelda, og har planar om å nemna protevangeliet i fleire adventsbloggar.

Jakobs protevangelium («for-evangelium») blir ikkje rekna for å vera ei kjelde til historisk kunnskap. Det er nok heller ikkje skrive i Midt-Austen og manglar derfor også den jødiske og palestinske lokalkunnskapen som dei nytestamentlege skrifta er prega av. Men Jakobs protevangelium har likevel vore svært viktig i den kristne tradisjonen. Det var populært i oldkyrkja og det har prega kristen kunst og kultur heilt opp til vår tid. Eg syns derfor det er eit interessant å kjenna det og ser på det som ein tidleg kristen roman.

Jakobs protevangelium i bokklubb-utgåva er omsett av Einar Thomassen. Halvor Moxnes har skrive innleiande essay til skrifta i boka.

Fortsatt god adventstid!

2 Responses to Jakobs protevangelium

  1. […] med Josef sitt esel har me frå Jakobs protevangelium som eg skreiv om i forrige adventsblogg. Her står det om reisa frå Nasaret til […]

  2. […] er bare at me har mange lag med forestillingar som ikkje kjem frå Bibelen. Noko av dette kjem frå Jakobs protevangelium. Desse forestillingane kan vera koselege og hyggelege, men dei gjer at forteljinga om Jesu fødsel […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: