Englekapellet

Adventsblogg 19. desember

IMG_2560 (2)
Englekapellet. Foto: Arne Berge 2012

Det vakre Englekapellet på Hyrdemarkene i Beit Sahour utanfor Betlehem er bygd som eit telt. Her er me i eit område som tradisjonelt har blitt rekna som «Betlehemsmarkene» i juleevangeliet.

Adventsbloggen i dag høyrer altså saman med det forrige notatet om englesongen. Det var den berømte arkitekten Antonio Barluzzi som designa Englekapellet. Det blei vigsla i 1954. Barluzzi har forma mange spesielle og veldig fine kyrkjebygg i Det heilage landet. Lovsongen Gloria in excelsis Deo er i sentrum på denne staden, og det er faktisk også heilt spesielt å synga i dette kapellet. Akustikken er flott; her er det ikkje vanskeleg å bli inspirert til å bidra i den verdsvide lovsongen!

På veggene i kapellet er det tre store freskoar med motiv frå juleevangeliet. «Arch. U. Noni frescoed the three apses …» står det i guideboka Bethlehem 2000. Eg har ikkje greidd å finna ut kven denne Noni var. Etter min smak er bilda litt for glansbildeaktige. Eg trur heller ikkje at Jesus blei født i ei slik fjellhole eller grotte. Det kjem eg truleg tilbake til før det blir jul.

IMG_0785
Fresko i Englekapellet. Luk 2,8-12. Foto: Arne Berge 2011

Den første freskoen viser gjetarane og engelen som kom med hovudbodskapet i jula:

Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.

IMG_0786
Fresko i Englekapellet. Luk 2,16-19. Foto: Arne Berge 2011

Den andre freskoen viser gjetarane som har funne barnet og som fortel alt dei har høyrt om det. Alle er andektige, til og med sauene! Krusifikset i forgrunnen er frå altaret i kapellet.

IMG_0787
Fresko i Englekapellet. Luk 2,20. Foto: Arne Berge 2011

Den tredje freskoen viser oss gjetarane på veg tilbake til markene med flokken sin.

Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Fortsatt god adventstid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.