St. Gabriels kyrkje i Nasaret

Adventsblogg 7. desember

Galilea 2012 058 (1)
St. Gabriels kyrkje, Nasaret. Foto: Arne Berge 2012

Det er også ei gresk-ortodoks bodskapskyrkje i Nasaret i tillegg til den mykje større og meir berømte katolske Bodskapskyrkja. Den ortodokse kyrkja heiter St. Gabriels kyrkje og er altså sterkare knytt til engelen Gabriel enn til Maria. Kyrkja ligg ved ein open plass like ovanfor Mariakjelda som eg skreiv om på adventsbloggen for nokre dagar sidan. Inne i kyrkja er det ein brønn med rennande vatn frå det same kjeldevatnet.

Kyrkja blei bygd i 1750 over restane av ei eldre kyrkje. Staden er første gong nemnt i skriftlege kjelder i korsfarartida, då den russiske pilegrimen Daniel i 1106 skreiv om ei kyrkje bygd over kjelda i Nasaret.

Den norske teologen Volrath Vogt som var i Nasaret i 1863, skreiv om kyrkja som ein av «mærkverdighedene» i Nasaret:

Gabrielskirken, der hvælver sig over en Brønd i Nærheden af Jomfru Marias Kilde, er i Agt hos Grækerne, fordi de paastaa, at Jomfru Maria øste Vand af denne Brønd, da Gabriel aabenbarede sig for hende.

Av omtalen kan det tyda på at den gresk-ortodokse tradisjonen som Vogt møtte i Nasaret, plasserte englebesøket ved brønnen (som nå altså er inne i kyrkja), og at murkonstruksjonen litt lenger nede i bakken ligg på staden der folk seinare henta vatn, i alle høve på 1800-talet.

St. Gabriels kyrkje er ei typisk gresk-ortodoks kyrkje, rikt utsmykka med ikonar og ikonostasis. Kyrkja er liten og kvadratisk, bare 14 x 14 meter. Går me gjennom kyrkjerommet og ned nokre trappar, kjem me til brønnen med rennande vatn.

IMG_1636
Rennande vatn i Gabrielskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2019

Her ved brønnen har eg fleire gonger lese frå Bibelen:

26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne: 

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

(Luk 1,26-33)

Fortsatt god adventstid!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.