Josefskyrkja i Nasaret

Adventsblogg 9. desember

IMG_8684

Josefskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2009

Josefskyrkja frå 1914 ligg like ved Bodskapskyrkja i Nasaret. Den er bygd over ei kyrkje frå mellomalderen. Under kyrkja er det ei grotte som blir vist fram som Josefs verkstad. Informasjonstavla utanfor kyrkja seier at staden blei peikt ut som dette allereie på 600-talet og at seinare tradisjonar har identifisert staden som Josefs hus. Forskaren Jerome Murphy-O´Connor meiner derimot dette er ein from tradisjon som kan følgast tilbake til 1600-talet. Han skriv:

From the C17 the cave has been identified as the workshop of Joseph, a pious tradition that has no foundation. (Murphy-O´Connor i The Holy Land. Oxford Archaeological Guide)

IMG_8682

Informasjonstavle på Josefskyrkja. Foto: Arne Berge 2009

Josef har ein sentral posisjon i forteljingane om det som skjedde før Jesu fødsel og om Jesu fødsel og barndom (Matt 1-2 og Luk 1-2). Seinare høyrer me ikkje noko om han, anna enn av omtale som f eks når dette blir sagt om Jesus: «Er ikkje dette son til tømmermannen?» (Matt 13,55). «Bygningsmannen» ville nok elles vore ei vel så god omsetjing av det greske ho tektån. Eg tenker meg at Josef, og etterkvart Jesus som ung medarbeidar, først og fremst fann arbeid i byen Zippori som låg i nærleiken. Der var det stor utbygging på denne tida.

IMG_8685

Informasjonstavle i grotta under Josefskyrkja, Nasaret. Foto: Arne Berge 2009

Eg skreiv for fleire år sidan ei julepreike i form av Josef sin versjon av det som skjedde rundt Jesu fødsel i Betlehem:

Josef fortel

Hei, så kjekt å sjå deg! Du òg er her i Betlehem, ja. Me kom i går, på grunn av det der manntalet til Augustus. Nå er eg bare ute for å gjera någen ærend. Eg skal kjøpa litt lampeolje og någe å drikka. Kan tru eg har opplevd møje sidan me kom i går! Det er bare heilt utruleg!

Les meir

Fortsatt god adventstid!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: