
«Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.» (Op 1,11)
Slik står det i første kapittel i Johannes openberring. Eg har reist til desse sju byane og vil i tida framover dela nokre bilde frå stadane.
Oppdatert oversikt over serien Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring: På torget i Efesos / Artemistempelet i Efesos / Teateret i Efesos / Keisarkulten i Efesos og Johannes openberring / Celsusbiblioteket i Efesos / Mariakyrja i Efesos / Frå den gresk-romerske byen Smyrna / Frå Pergamons Akropolis / Forfølging i Pergamon / På sporet av dei første kristne i Tyatira.
Andre og tredje kapittel i Johannes openberring inneheld sju korte bodskap til dei kristne forsamlingene i desse byane. Desse bodskapa blir tradisjonelt kalla sendebrev, men kunne like gjerne vore kalla profetiar. Eigentleg er det heile openberringsboka som i følge Op 1,4 er eit brev til dei kristne i dei sju byane. Rekkefølga som byane er nemnde i, speglar ei naturleg reiserute med utgangspunkt i Efesos.
I helsinga i starten av boka (1,4) blir mottakarane omtalte som «dei sju forsamlingane i Asia». Asia var den gong namnet på den romerske provinsen i dette området.
Det var elles kristne forsamlinger også i andre byar i provinsen. Me les i Det nye testamentet om Miletos, Kolossai og Hierapolis (Apg 20,17 ff; Kol 1,2 og 4,13) som altså ikkje er nemnde som mottakarar i Openberringa. Ei mogleg forklaring på dette er den bevisste bruken av sjutalet (og andre tal) i boka. Sjutalet strukturerer på mange måtar innhaldet i Openberringa og talet står gjerne for det fullkomne eller for ein heilskap. Dermed kan me tenka oss at boka til forsamlingane i «dei sju byane» eigentleg er eit brev med bodskap til alle dei kristne forsamlingane.
Nokre av dei eldste notata her på bloggen blei skrivne etter at eg hadde to turar til området i 2005. Hausten 2019 var eg tilbake i dette bibelske landskapet på studietur. Det er inntrykk frå desse turane eg vil nå vil dela gjennom foto og kommentarar.
Kartet er henta frå https://en.wikipedia.org/wiki/Seven_churches_of_Asia