Artemistempelet i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

IMG_1444
Restar etter Artemistempelet i Efesos. Foto: Arne Berge 2019

Ei fordjupning i terrenget, stein frå gamle murar og ei søyle som er reist opp av arkeologar. Det er dei restane me i dag kan sjå etter det berømte Artemistempelet i Efesos. Men sjølv om det ikkje er så mykje å sjå av tidlegare tiders prakt, er det interessant å koma til denne staden. Tempelet som stod her, blei i antikken rekna som eit av dei sju underverka i verda. Og det er det einaste av desse sju underverka som er nemnt i Bibelen.

Tempelet var kjent for rikdomen sin og fordi at det var så vakkert. Bygningen var med vår tids språkbruk ein turistattraksjon for Efesos, og efesarane var nok svært stolte av tempelet og av gudinna Artemis som var knytt til byen.

Tempelet er omtalt i Apostelgjerningane kapittel 19. Dette skriftet blei truleg skrive i 80- eller 90-åra e. Kr. Episoden som blir omtalt, hende på 50-talet og er knytt til apostelen Paulus si verksemd i byen.

Forkynninga og undervisninga til Paulus blei tydelegvis oppfatta som ein trussel mot Artemiskulten (eller mot økonomien i denne kulten). Når det står om «heile Asia» i bibelteksten, handlar det om den romerske provinsen Asia som bestod av ein region rundt Efesos i Lilleasia, altså ikkje vår tids verdsdel.

Her er den første delen av teksten som omtaler tempelet:

På den tida vart det ei stor uro om Vegen. Ein sølvsmed som heitte Demetrios, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt. Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet. Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtalar menneske i store mengder og fører dei vill, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar. Det er fare for at yrket vårt får dårleg ord på seg, men verre er det at tempelet til Artemis, den store gudinna vår, kan bli rekna for ingen ting, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å mista sitt velde.» Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er efesargudinna Artemis!» (Apg 19,23-28)

Litt lenger ute i teksten står det at det var allment kjent «… at efesarbyen er sett til vaktar for tempelet til den store Artemis …» (Apg 19,35). Det same uttrykket skal vera funne på ein mynt frå keisar Nero si tid, altså frå same tidsepoke som Paulus var i verksemd. Dette seier noko om historisiteten i den godt formulerte forteljinga i Apostelgjerningane.

Resten av teksten i Apostelgjerningane kapittel 19 kjem i neste notat frå Efesos; då skal det bli bilde frå teateret i byen.

Då teksten i Apostelgjerningane blei skriven på 80- eller 90-talet, var Artemistempelet allereie fleire hundre år gamalt, og det stod ennå i nesten 200 år. For faktakunnskap om tempelet: sjå for eksempel Store norske leksikon sin artikkel her.

Tilbake til bildet frå Efesos: I bakgrunnen kan du sjå Ayasoluk-høgda med mange interessante bygningar. Den grå bygningen til venstre framfor høgdedraget er moskéen Isa Bey frå 1300-talet. Over moskéen ligg det ei borg frå kristen mellomalder. Mellom borga og søyla frå tempelet ser du restane av den store Johannesbasilikaen. Den blei bygd på 500-talet der ein i følge den lokale tradisjonen meiner at apostelen Johannes er gravlagt.

Efesos er ein av dei sju byane i Johannes openberring.

7 tankar på “Artemistempelet i Efesos”

  1. Jeg ble så overrasket da jeg besøkte stedet for noen år siden. Det ligger jo lavt i terrenget, nærmest nede i en sump. Altså en av de syv underverker beskrevet som «når jeg ser Diana tempelet stige mot skyene blekner de andre underverk…» og så ligger det ikke engang på en høyde. Og nå er det en plass for storker og frosker. En merkelig plass. Har du også tenkt over dette?

    Erik

    1. Ja, det er sånn sett ein merkeleg plassering. Kan det vera at terrenget har endra seg på 2.500 år? Wikipedia prøver seg med ei forklaring: «Konstruksjonen ble satt opp på myrgrunn for å verne det mot framtidige jordskjelv.» Eg veit ikkje om denne forklaringa er fagleg akseptert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.