Mariakyrkja i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Mariakyrkja, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Eg meiner at ein tur bortom Mariakyrkja høyrer med til eit besøk i Efesos, sjølv om den ligg litt utanfor løypa dei fleste guidar vil prioritera.

Det er flott å koma inn i desse kyrkjeruinane. Når eg har vore der, har det vore få turistar, noko som gir ei heilt anna ro enn i mange av dei andre delane av det arkeologiske utgravingsområdet. Kyrkja har vore ein stad for stille, ettertanke og andakt. Men den roen eg har kjent her, har dessverre ikkje alltid prega det som har skjedd i kyrkja.

Dette er visstnok den eldste Mariakyrkja i verda. Den blei truleg bygd ca 350-400 med utgangspunkt i ein sivil romersk basilika som hadde blitt øydelagt under gotarane sitt angrep på byen på 260-talet. Alt dette skjedde altså lenge etter den nytestamentlege tida, og heller ikkje den sivile basilikaen stod der i den første kristne tida. Kyrkja er likevel viktig i kyrkjehistorisk samanheng, fordi den sommaren 431 var samlingspunkt for det tredje økumeniske kyrkjemøtet i oldkyrkja.

Denne skissa gir inntrykk av det lange, smale bygget. Tilbygget på nordveggen, er baptisteriet (dåpskapellet). Kyrkjeruinen skal vera ca 145 meter lang.

Mariakyrkja i Efesos. Credit: Wikimedia Commons. https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Ephesos_Church_of_Mary_building_phases.png

Konsilet i 431 samla ca 250 biskopar. Hovudtemaet var forholdet mellom det guddommelege og det menneskelege ved Jesus, med utgangspunktet i spørsmålet om det var rett å bruka uttrykket theotokos (Gud-føderske) om Maria, Jesu mor. Biskop Kyrillos av Alexandria kjempa hardt for dette uttrykket og blei ståande som den sigrande kyrkjeleiaren. Engasjementet til Kyrillos var retta mot Nestorius og dei som støtta han. Nestorius var biskop av Konstantinopel, men han kom frå Antiokia og hadde nok i hovudsak støtte i dei austlege kyrkjene.

Grunnen til at dette kunne bli ein hard strid, var at det handla om noko så sentralt som koss ein skulle forstå Jesus som Guds son. Eg trur det er rett å seia at synet som vann fram, tok vare på ein sunn balanse mellom yttarleggåande synspunkt i ulike retningar. Kyrillos si forståing har også i hovudsak blitt ståande i kristen teologi, både i ortodokse, katolske og protestantiske kyrkjer. Men det er også livskraftige kyrkjer i Midt-Austen som har halde på arven frå Nestorius.

I vår meir økumenisk innstilte tid er det nok mange som tenker at dei kan ha snakka forbi kvarandre med sine harde og store ord i Mariakyrkja sommaren 431. Det kan ha vore personlege motsetnadar, og det kan ha vore språklege og kulturelle forskjellar som gjorde kommunikasjonen mellom Alexandria og Antiokia svært vanskeleg. Det som den gong blei oppfatta som fundamentale meiningsforskjellar om Jesus Kristus som Gud og menneske, kan faktisk ha vore relativt små nyansar.

Sjølv om Kyrillos sin teologi har vist seg å vera berekraftig, har kyrkjene i ettertid ikkje lagt skjul på at han oppførte seg ufint for å vinna fram på konsilet i Mariakyrkja. Kyrie eleison, Herre miskunna deg over oss! Dette er ei passande bøn med tanke på slike delar av kyrkjehistoria.

Eg tar med nokre fleire bilde frå Mariakyrkja. Det første viser apsis mot aust. Plata som står på veggen, fortel at pave Paul 6. besøkte staden i 1967. Det neste bildet viser dåpskapellet som ein overgrodd ruin. Men dåpsbassenget med trapp på to sider, er heldigvis godt synleg. Det siste bildet viser ei informasjonstavle som gir ein del historisk informasjon om bygningen.

Frå Mariakyrkja. Foto: Arne Berge 2019
Frå dåpskapellet, Mariakyrkja. Foto: Arne Berge 2005
Informasjonstavle ved Mariakyrkja. Foto: Arne Berge 2005

Relaterte notat:

One thought on “Mariakyrkja i Efesos”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.