Paulus i Efesos

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Paulus var i Efesos i to periodar på 50-talet. Han var misjonær der, og forkynte trua på Jesus blant folket i byen.

Den siste gongen Paulus forlot byen, var det under dramatiske omstendigheter. Det var nærast opprør i byen fordi Paulus blei oppfatta som ein trussel for det berømte Artemistempelet i byen. Det store teateret som låg midt i Efesos blei sentrum for bråket, eit teater som hadde plass til ca 25.000 menneske (sjå biletet)! Stemninga var så opprørsk at Paulus sine disiplar var redde for han og fekk forhindra at han gjekk inn i folkemassen. Du kan lesa heile historia om dette i ei levande skildring i Apg 19,23 ff.

Då dette skjedde, var det alt etablert ei kristen forsamling i byen. I Apostelgjerningane står det at Paulus, før han reiste frå byen, samla dei kristne og sette mot i dei (Apg 20,1). Det kunne nok trengast etter dei dramatiske hendingane. Seinare vaks kyrkja i Efesos, og byen blei i dei neste generasjonane ein viktig by for den kristne trua.

Men kva veit me om Paulus sitt misjonsarbeid i byen før problema tårna seg opp med uro i teateret?
Paulus kom første gongen til Efesos ca år 52. Han var då ute på ei lengre reise med utgangspunkt i Antiokia. Denne reisen varte i fleire år. Paulus var på veg frå Hellas til Jerusalem då han stoppa ei tid i Efesos. Han kom tilbake eit par år etter, og då blei han verande i 2-3 år i byen. I denne perioden etablerte Paulus seg som misjonær i Efesos, og det vaks fram ein kristen kyrkjelyd i byen.

På denne tida var det mange religionar som var representerte i storbyen Efesos. Blant anna budde det mange jødar der. Trua på Jesus blei ennå ikkje sett på som ein eigen religion, den blei meir sett på som ei av fleire retningar innan jødedomen.

Paulus gjekk alltid først til synagogen når han kom til ein stad der det var jødisk befolkning (og det var det i svært mange byar i Romarriket). Han ville koma i kontakt med folk og presentera budskapet om at Jesus var den Messias som var lova i GT. Saman med jødane trefte han då òg andre menneske som trudde på Israels Gud, eller ”dei gudfryktige heidningar” som dei ofte blir kalla. Dette var heidningar som på ein eller annan måte var knytt til jødane og til synagogen. Nokre av dei var vel det me i dag kunne kalla sympatisørar. Andre var direkte tilhengarar av jødane si gudstru. Desse var ei viktig målgruppe for Paulus sin misjon.

Paulus sitt første besøk i Efesos varte ikkje lenge. Folk i synagogen ville ha han til å stoppa lenger, men han hadde det travelt med å koma vidare. “Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil”, sa han (Apg 18,21).

I ettertid er det ikkje vanskeleg å sjå at dette var noko Gud ville, for Paulus kom tilbake og Efesos blei eit av dei viktigaste utgangspunkta for Paulus si misjonsverksemd utover på 50-talet.

Neste gong han kom til byen blei han buande i byen i to-tre år i perioden 54-56 (Apg 19). Dei første månadane underviste han med utgangspunkt i synagogen, men som så mange stadar blei det strid omkring han. Nokre ville høyra på budskapet han kom med, mens andre avviste trua på Jesus. Paulus flytta derfor verksemda si over til Tyrannusskulen. Verken synagogen eller denne skulen er lokalisert i dei arkeologiske utgravingane (ennå). Kva slags skule dette var, veit heller ikkje forskarane noko om.

Det blir fortalt at Paulus hadde samtalar i Tyrannusskulen kvar dag i to år. Her utrusta han dei som kom til tru, så dei sjølve kunne vera vitne om Jesus. Me kan gjerne lett tenkja at Lukas overdriver, når han skriver i Apostelgjerningane at resultatet av Paulus si verksemd i Tyrannusskulen var at “alle som budde i Asia, både jødar og grekarar, fekk høyra Herrens ord”. Men ordet Asia betydde på den tida den romerske provinsen der Efesos var hovudstad, ikkje verdsdelen Asia som me tenkjer på. Og me har verkeleg vitnesbyrd i NT om at Paulus si verksemd spreidde seg utover i regionen rundt Efesos. Historia om Epafras er eit eksempel på det. Han blei ein kristen leiar i heimtraktene sine i Lykosdalen, i byane Hierapolis, Laodikea og Kolossæ som ligg snaut 20 mil aust for Efesos (Kol 4,12-13).

I den moderne byen Selcuk, dagens Efesos, er det for øvrig ein evangelisk kyrkjelyd med ein bibelskule som heiter Tyrannusskulen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: