Keisarkulten i Efesos og Johannes openberring

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Skulptur frå Domitiantempelet, nå i Ephesus Museum. Foto: Arne Berge 2019

Armen og hovudet er alt som er igjen etter den enorme keisarskulpturen i Domitiantempelet i Efesos. Ut frå størrelsen på hovudet, reknar ein med at skulpturen var ca 5 meter høg.

Domitian var keisar i perioden 81-96. Han blei kalla Herre og Gud. Tempelet blei bygd i 89-90 og stod som eit tydeleg teikn på keisarkulten eller emperiekulten i tida då Johannes openberring blei skrive. Domitian blei elles mektig upopulær utover på 90-talet, og han blei drepen i 96. Då han var død, blei det bestemt at minnet etter han skulle vera fordømt (damnatio memoriae). Tempelet blei då omgjort til eit tempel til ære for faren Vespasian og broren Titus, som hadde vore keisarar før Domitian.

Det neste bildet viser nokre av restane som er igjen av Domitiantempelet i Efesos. Tempelet var bygd på ei stor plattform. Steinmurane me ser, var ein del av fundamenteringa for denne plattforma. Tempelet stod på nivået over steinbogane. Rett til høgre for dei to søylene ser me ei trapp som gjekk frå nedre nivå opp til øvre nivå der tempelet stod.

Sjå fleire bilde med god informasjon hos Carl Rasmussen på Holy Land Photo.

Murane under Domitiantempelet, Efesos. Foto: Arne Berge 2005

Så vidt eg forstår, meiner mange historikarar i dag at den store keisarskulpturen ikkje er ein skulptur av Domitian, men av Titus (sjølv om det ikkje blei presentert slik i Ephesus Museum i 2019). Begge desse har elles hatt eit negativt omdøme i kyrkja si historie. Titus var han som, før han blei keisar, leia øydelegginga av Jerusalem i år 70. Og Domitian har blitt knytt til forfølging av kristne i Efesosområdet på 90-talet.

I det 20. hundreåret har synet på Domitian endra seg. Han blir nå vurdert meir positivt enn tidlegare, i alle høve i den første perioden av dei 15 åra han var keisar. Upopulariteten som førte til drapet i 96, er framleis ein del av historia som blir fortalt. Sjå f eks i Store norske leksikon.

Det er interessant at det nå også blir rekna som usikkert om det verkeleg var systematisk kristenforfølging i Efesos så tidleg som under Domitian, og dermed også om imperiekulten på 90-talet var den konkrete bakgrunnen for Johannes openberring.

Det tradisjonelle synet har vore at apostelen Johannes som gamal var leiar for kyrkja i Efesos, at han under Domitian blei forvist til Patmos der han fekk synene sine og skreiv Johannes openberring, og at han etter Domitians død fekk koma tilbake til Efesos. Dette bygger på det kyrkjefedrane skreiv. Eusebios omtalte forfølging under Dometian i si kyrkjehistorie frå 320-talet (Kyrkjehistorie, bok III, 17-23), men så tidlege kyrkjefedre som Klemens av Alexandria (ca 150-215) og Tertullian (ca 160-220) skal også ha skrive om dette.

Eg vil her visa eit par ulike vurderingar av dette. Martin Synnes, som var ein av lærarane mine då eg studerte teologi, skreiv i 1996 at bakgrunnen for Johannes openberring var forfølging i Efesos under Domitian. Men han rekna ikkje med at Domitian sjølv, som levde langt borte i Roma, var involvert i dette:

Det er imidlertid lite sannsynlig at keiseren har befattet seg med en slik episode i en provins. Når vi betenker den rolle som Roms keiser (Domitian) inntar i Joh åp, er det ikke merkelig med en viss tilvekst i den kirkelige tradisjonen. Vi må slutte at Johannes tvangsmessig er blitt adskilt fra sine trosfeller. En angiver fra fiendtlig hold kan ha utløst guvernørens reaksjon.

Martin Synnes: Sju profetiske budskap til menighetene. Verbum forlag, Oslo 1996. Side 45

Professor Jorunn Økland skriv heilt annleis om dette i introduksjonen til Johannes openberring i Studiebibelen (2019):

I lang tid anså den historiske forskningen det for en sentral teori at forfølgelser var bakgrunnen for skriftet. Men historikere i dag finner ikke spor av eller kilder til at det skal ha vært systematiske kristenforfølgelser i Lilleasia i denne tidlige perioden. Johannes sier bare at han er på Patmos «på grunn av Guds ord og vitnesbyrdet om Jesus» (1,9) – det kan altså like gjerne ha vært for å misjonere. At skriftet er kritisk til romersk kolonimakt og storsamfunnet generelt, og at det oppfordrer til motstand mot imperiet, er det større enighet om. Forfatteren ser den sosiale, politiske og religiøse motstanden i et kosmisk perspektiv. Fordi alle jordiske imperier før eller siden faller, vil Roma falle som Babylon en gang gjorde det, og da vil Jerusalem frigjøres fra romersk overmakt – Jerusalem er etter Johannes´ mening Guds utvalgte by fra evighet til evighet (Åp 21).

Studiebibelen. Det Norske Bibelselskap 2019. Side 1209

Uavhengig av om det var forfølging av dei kristne i Efesos under Domitian eller ikkje; Domitiantempelet stod der på slutten av det første hundreåret. Det må ha vore eit mektig teikn på det kyrkja oppfatta som avgudsdyrking. For dei kristne kunne ingen andre enn Jesus Kristus vera «Herre og Gud».

Oppdatert 03.05.2020

Relaterte notat:

Jfr også det tidlegare notatet Johannes i Efesos.

Dei sju byane i Johannes openberring

Seven churches of asia

 «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.» (Op 1,11)

Slik står det i første kapittel i Johannes openberring. Eg har reist til desse sju byane og vil i tida framover dela nokre bilde frå stadane.

Andre og tredje kapittel i openberringsboka inneheld sju korte brev til dei kristne i desse byane. Breva blir tradisjonelt kalla sendebrev, men kunne like gjerne vore kalla profetiar. Resten av openberringsboka er synene som forfattaren fekk og som saman med breva blei sendt til dei kristne i dei sju byane. Rekkefølga som byane er nemnt i, speglar ei naturleg reiserute med utgangspunkt i Efesos. Dersom det var ein bodberar som reiste med openberringsboka frå Patmos, kom han truleg i land i Efesos, den viktigaste hamnebyen i området.

Nokre av dei eldste notata her på bloggen blei skrivne etter at eg hadde to turar til området i 2005. Hausten 2019 var eg tilbake i dette bibelske landskapet på studietur. Det er inntrykk frå desse turane eg vil nå vil dela gjennom foto og kommentarar.

Oppdatering med serien Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring:

På torget i Efesos / Artemistempelet i Efesos / Teateret i Efesos / Keisarkulten i Efesos og Johannes openberring / Celsusbiblioteket i Efesos / Mariakyrja i Efesos

Like ved Laodikea ligg restane etter byen Hierapolis ved dagens Pamukkale. Hierapolis er også nemnt i Det nye testamentet, men er altså ikkje ein av «dei sju byane». Sjå notatet: Filips grav i Hierapolis.

Kartet er henta frå https://en.wikipedia.org/wiki/Seven_churches_of_Asia

Johannes i Efesos

6a00d8341cb87053ef00e54f4567b78833-640wi

Apostelen Johannes var ein viktig leiar for dei kristne i Efesos mot slutten av det første hundreåret. Han kom truleg til byen etter katastrofen då Jerusalem blei øydelagt av romarane i år 70 og dei kristne blei spreidde rundt omkring.

Det er vanleg å rekna med at Johannes blei forvist frå Efesos til Patmos ca år 95 under den romerske keisar Domitian (keisar 81-96). Dette er då bakgrunnen for orda i Johannes Openberring: «Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.» (Op 1,9).

Då keisar Domitian blei drept i 96, kunne Johannes ifølge tradisjonen koma tilbake til kyrkjelyden sin i Efesos.

Dei skrifta i NT som er knytt til Johannes, har truleg blitt til i Efesos og på Patmos. Dette gjeld Johannesevangeliet, tre Johannesbrev og Johannes openberring. Det er mange teoriar om forfattarspørsmålet til desse fem skrifta. Er dei skrivne av same person, og er dette i så fall apostelen Johannes? Eg tenker at dei anten er skrivne av apostelen eller av personar som har blitt prega av forkynninga hans.

Me veit sjølvsagt ikkje om apostelen verkeleg levde så lenge som til omkring år 100. Den store og imponerande Johannesbasilikaen blei bygd på 500-talet på staden der tradisjonen seier at Johannes blei gravlagt.

Johannesbasilikaen ligg på høgda Ayasoluk, namnet er ei tyrkisk form av Ayos Theologos (den heilage teologen) som igjen er den ortodokse kyrkja sitt æresnamn på Johannes. Kyrkja blei bygd av keisar Justinian (527-565) då det bysantinske riket var på høgda av si makt, over ei eldre og mindre kyrkje frå 300-talet. Kyrkjeruinen er restaurert i nyare tid og grava er nå markert med ei minneplate sentralt i kyrkja, der hovudaltaret ein gong stod.

Det finst lokale tradisjonar om at Johannes kom til Efesos allereie ca 42. Dette er gjengjeve i enkelte tyrkiske guidebøker som om det var historiske facts. Dersom dette er korrekt, var Johannes der før Paulus første gong dreiv misjon i byen! Korfor er då ikkje Johannes nemnt i Apg 18-20 som er det avsnittet som fortel om Paulus si verksemd i Efesos?

Desse lokale tradisjonane legg også stor vekt på at Jesu mor Maria kom til Efesos saman med Johannes. Dette blir knytt til at Johannes fekk ansvar for henne etter korsfestinga (Joh 19,25-27). Men det er òg sterke tradisjonar knytt til Marias død i Jerusalem. Eg trur den mest sannsynlege teorien er den at Johannes kom til Efesos etter 70, og at Maria døde i Jerusalem før dette.

Oppdatering 2020: Teorien om at Johannes kom tidleg til Efesos saman med Jomfru Maria, er også formidla gjennom offentleg informasjon i Johannesbasilikaen. Dette bildet er frå september 2019:

IMG_1421
Informasjonstavle i Johannesbasilikaen, Efesos. Foto: Arne Berge 2019

Prokoros

På Patmos er folket opptatt av tradisjonane som er knytt til Johannes sitt opphald på øya omkring år 95.

Ein tradisjon som er viktig for dei, seier at apostelen hadde med seg Prokoros som sekretær då han var forvist til øya, og at sekretæren skreiv ned det Johannes såg i openberringane. Prokoros er ein mann som er nemnt i Bibelen ein gong (Apg 6,5), og då i ein heilt annan samanheng.

Eg hadde tidlegare lese om dette i boka Englenes byer (som eg for øvrig vil anbefala på det varmaste!), men ikkje lagt så mykje i det. På Patmos var det derimot tydeleg at han var viktig, det forstod eg både av det guiden sa og av det eg såg på ulike ikon på øya.

Eg kjøpte med meg heim ein reproduksjon av eit ikon frå Johannesklosteret. Det viser Johannes som ser inn i himmelen og Prokoros som sit ved sida av og skriv det Johannes dikterer.

Ein ting som er spesielt ved motivet på ikonet, er at den greske teksten som Prokoros sit og skriv, er opningsorda i Johannesevangeliet, ikkje i Johannes Openberring! Guiden vår fortalde at dette var fordi tradisjonen på Patmos seier at Johannes også begynte å skriva evangeliet sitt på Patmos, og at han seinare gjorde det ferdig i Efesos!

Prokoros er altså nemnt i Apg 6,5 i samband med at sju menn blei kalla til diakonteneste i den første kyrkjelyden i Jerusalem. Han var ein av dei. Den mest kjente av desse er Stefanus som blei den første kristne martyren (Apg 6,8 ff). Ein annan er Filip, som me møter igjen som evangelist i Apg 8. Men dei andre fem (altså Prokoros og fire andre) står det ikkje meir om i NT.

Då eg kom heim, prøvde eg å finna ut om tradisjonen om Prokoros var nemnt i nokre av bøkene eg har om Apostelgjerningane. Og jo då: F. F. Bruce skriv i kommentaren sin: «Later tradition represents Prochorus as amanuensis of John the Evangelist, as bishop of Nicomedia and as martyred at Antioch.»

Eg syns det er interessant å høyra om desse gamle tradisjonane. Dei er nok likevel ikkje så gamle at dei går tilbake til den første kristne tida. Det er nok tryggast å rekna med at desse spesielle tradisjonane som står så sterkt på Patmos, er relativt unge og historisk sett ganske usikre. Eg har i alle høve ikkje funne noko belegg for at dette er historiske teoriar som har støtte blant forskarar.