Teateret i Efesos

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Teateret i Efesos. Foto Arne Berge 2005

Teateret på bildet er det einaste teateret som er nemnt i Bibelen. Me finn det i utgravingane etter den store og viktige antikke byen Efesos.

I nytestamentleg tid var teateret allereie gamalt og det var under utviding. Arbeidet med utvidinga starta under keisar Claudius (41-54) og blei avslutta under keisar Trajan (98-117). Då det stod ferdig romma det ca 25.000 tilskodarar.

Grunnen til at teateret i Efesos blir omtalt i Det nye testamentet, er at det var sentralt i eit opprør mot Paulus si forkynning og undervisning i byen på 50-talet. Opprøret er omtalt i Apostelgjerningane.

Dei kristne i Efesos på slutten av det første hundreåret, då Apostelgjerningane og Johannes openberring blei skrive, hadde nok ikkje noko positivt forhold til staden. Teateret var eit sentrum i den gresk-romerske kulturen og dei kristne hadde med seg den dramatiske historia om opprøret mot Paulus ein generasjon tidlegare.

Utgangspunktet var ein situasjon der Paulus blei anklaga for å vera ein trussel mot Artemiskulten, som var så viktig i byen. Dette har eg skrive om i notatet Artemistempelet i Efesos. Her følgjer andre delen av den godt formulerte forteljinga i Apostelgjerningane, kapittel 19:

Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teateret og drog med seg Gaius og Aristarkos, to makedonarar som hadde følgt Paulus på reisa. Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han. Nokre av dei høgste embetsmennene i provinsen, som var mellom venene hans, sende òg bod til han at han ikkje måtte våga seg inn i teateret. Forsamlinga var no i fullt opprør. Somme skreik éin ting, andre noko anna, og dei fleste visste ikkje eingong kvifor dei hadde kome saman. Då skuva jødane fram ein mann som heitte Aleksander, og nokre i flokken sette han inn i saka. Aleksander gjorde teikn med handa og ville halda ein forsvarstale til folket. Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er efesargudinna Artemis!» Men byskrivaren roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til vaktar for tempelet til den store Artemis og steinen som har falle ned frå himmelen? Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram. No har de ført hit desse mennene som verken er tempelranarar eller har spotta gudinna vår. Vil Demetrios og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre guvernørar. Partane kan stemna kvarandre for retten. Og har de noko anna å krevja, skal det bli avgjort på det lovlege folketinget. Etter det som har hendt i dag, kan vi lett bli klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til om nokon krev oss til rekneskap for dette oppstyret.» Med desse orda fekk han folkehopen til å skiljast.

Apg 19,29-40

Eg tenker meg at Lukas, då han skreiv dette avsnittet, truleg har snakka med Gaius og/eller Aristarkos. Dette var dei to mennene som hadde vore i Paulus sitt reisefølge og som nå hamna midt i kaoset i teateret. Dei blei augevitne og representantar for dei som trudde på Jesus, midt i den farlege situasjonen.

Byskrivaren som greidde å roa ned folkemengda i tempelet, var ein lokal tenestemann. Han var opptatt av at folket i byen skulle ha eit godt forhold til den romerske administrasjonen for provinsen, som også var lokalisert i byen. I talen sin forsvarar han faktisk dei kristne med å seia at dei er heilt ufarlege for den gresk-romerske kulturen; dei er verken tempelranarar eller nokon som har spotta den lokale gudinna. Han får roa forsamlinga ved å argumentera for at saka, om det då er nokon sak, heller må førast for dei ordinære rettsorgana. Og med talen sin oppnår han at folket forlet teateret. Dermed er også teateret ute av bibelhistoria. Men Paulus «sende bod etter læresveinane og sette mot i dei» før han reiste vidare (Apg 20,1). Etter den skremmande hendinga, trong dei nok å bearbeida det dei hadde opplevd.

Dette notatet er ein del av ein påbegynt serie med bilde frå dei sju byane i Johannes openberring. Stadane ligg i dag i Tyrkia. Kor mange notat det blir i serien og over kor lang tid den vil gå, veit eg ikkje. Men utgravningane etter Efesos er så innhaldsrike at det kjem meir før eg rettar blikket mot neste by. Efesos er jo også den av desse byane som betyr mest i bibel- og kyrkjehistoria.

Tidlegare er teateret omtalt her på bloggen i notata Paulus i Efesos (2005) og Gladiatorar i Efesos (2007).

4 tankar på “Teateret i Efesos”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.