Dei sju byane i Johannes openberring

Seven churches of asia

 «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.» (Op 1,11)

Slik står det i første kapittel i Johannes openberring. Eg har reist til desse sju byane og vil i tida framover dela nokre bilde frå stadane.

Andre og tredje kapittel i openberringsboka inneheld sju korte brev til dei kristne i desse byane. Breva blir tradisjonelt kalla sendebrev, men kunne like gjerne vore kalla profetiar. Resten av openberringsboka er synene som forfattaren fekk og som saman med breva blei sendt til dei kristne i dei sju byane. Rekkefølga som byane er nemnt i, speglar ei naturleg reiserute med utgangspunkt i Efesos. Dersom det var ein bodberar som reiste med openberringsboka frå Patmos, kom han truleg i land i Efesos, den viktigaste hamnebyen i området.

Nokre av dei eldste notata her på bloggen blei skrivne etter at eg hadde to turar til området i 2005. Hausten 2019 var eg tilbake i dette bibelske landskapet på studietur. Det er inntrykk frå desse turane eg vil nå vil dela gjennom foto og kommentarar.

For den som har tid og lyst, skal det vera ein stor konferanse om desse stadane i Izmir (= Smyrna) sommaren 2020: 1st Global Smyrna Meeting on the Seven Churches of Revelation: https://www.globalsmyrnameeting.com/default.aspx

Kartet er henta frå https://en.wikipedia.org/wiki/Seven_churches_of_Asia

2 tankar på “Dei sju byane i Johannes openberring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: