På sporet av dei første kristne i Tyatira

Bilde frå dei sju byane i Johannes openberring

Porten inn til den arkeologiske parken i Akhisar (Tyatira). Foto: Arne Berge 2005

Dei kristne i Tyatira var blant dei første mottakarane av Johannes openberring. Dette skjedde på 90-talet etter Kristus. Kan me i dag finna spor av denne byen, som er nemnt i to ulike samanhengar i Det nye testamentet?

Sjå oppdatert oversikt over heile serien her: Dei sju byane i Johannes openberring.

Den moderne byen på staden heiter Akhisar. Den ligg vest i Tyrkia. Her er det dessverre (hittil) ikkje gjort arkeologiske funn frå det første hundreåret. Men det er ein arkeologisk park i eit kvartal i sentrum av byen, og guiden fører oss hit når me ønsker å oppleva det gamle Tyatira. I denne parken er det restar etter den antikke byen.

Det er først og fremst to viktige strukturar som er funne her. For det første ein stor basilika frå ca 500. Bygningen blir omtalt som ein sivil basilika, for det er ikkje noko som tyder på at dette har vore ei kyrkje.

Ikkje langt frå basilikaen er det restar etter ein stoa, det vil seia ein søylehall, som truleg har stått langs ein romersk hovudveg. Denne er eldre, – det blir antatt at søylehallen er frå det andre hundreåret.

Her er eit par bilde av basilikaen i den arkeologiske parken:

Frå den arkeologiske parken i Akhisar. Foto: Arne Berge 2019
Frå den arkeologiske parken i Akhisar. Foto: Arne Berge 2019

Desse bilda er frå hausten 2019. Då trur eg ikkje det hadde skjedd noko merkbart i den arkeologiske parken sidan eg var der første gong i 2005. Men det må likevel ha vore arbeid under planlegging, for det viser seg at arkeologar, etter at eg var der i 2019, har rekonstruert søylerekka frå den gamle stoaen! Du kan sjå eit fint bilde av dette, tatt av Mark Wilson hausten 2020, på Ferrell´s Travel Blog i eit notat om Tyatira.

Med rekonstruksjonen av desse søylene frå den romerske byen er me eit langt skritt nærare tida då Johannes openberring kom til byen.

Mens eg går rundt og ser i den arkeologiske parken med restar etter handelsbyen Tyatira, tenker eg på kva Det nye testamentet fortel om byen og dei første kristne her.

Tyatira er nemnt i Bibelen som heimstad for handelskvinna Lydia, som blei døypt av Paulus i Filippi ca år 50 og som inntok ei leiarrolle i den kristne forsamlinga der (Apg 16,14-15). Men kva tid kan evangeliet ha kome hit til Tyatira? Kan det ha skjedd indirekte gjennom Paulus si verksemd i Tyrannosskulen i Efesos litt seinare på 50-talet (Apg 19,9-10)?

Det er forresten heller ikkje umogleg at Paulus har reist i området nær Tyatira då han måtte endra reiserute fleire gonger og til slutt kom til Troas, litt forvirra over kva som kunne vera Guds plan (Apg 16,6-10).

Openberringsboka sitt bodskap til Tyatira (Op 2,18-29) er todelt i omtalen av dei kristne. Det er sterk kritikk av ei gruppering som tilpassar seg den heidenske kulturen. Dette blir knytt til ein person som med eit symbolsk namn blir kalla Jesabel (jfr 1 Kong 16,28), og assimilasjonen dei praktiserer i forsamlinga blir omtalt som horeri. 

Resten av forsamlinga blir positivt omtalt og det blir også lagt vekt på åndeleg modning blant dei:

Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine overgår dei første! (…) Eg legg inga ny bør på dykk. Hald berre fast på det de har, heilt til eg kjem.

Op 2,19 og 24b-25

Til slutt vil eg også nemna at Tyatira/Akhisar faktisk har hatt ei kristen befolkning heilt fram til 1922. Då blei byen dessverre tømt for kristne i samband med folkeutvekslinga mellom Tyrkia og Hellas.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.