Vennskapsikonet

Notat til søndagens tekst: Joh 15,13-17

Menas

Nå før helga har eg lyst til å minna om det såkalla vennskapsikonet med bilde av Jesus og abbed Menas. Jesus held armen rundt skulderen til Menas, og ikonet inneheld også mange andre detaljar som seier noko om å vera Jesu venn. Sjå meir om dette i biskop Halvor Nordhaugs betraktning over ikonet her.

Jesus sa ein gong til disiplane: “Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min.” Setninga er henta frå komande søndags preiketekst (18.08.2013).

Johannesevangeliet brukar her det greske ordet filos for å gjengje kva Jesus sa om disippelskap, vennskap og gjensidig kjærleik. Det er bare denne bibelteksten som brukar ordet filos i denne samanhengen. Ordet betyr venn, men kan også omsetjast “den som er elska”. Eg syns det er eit flott uttrykk som utvidar tankegangen om kva det vil seia å vera kristen.

Med utgangspunkt i desse orda av Jesus, vil eg òg peika på at den kristne kyrkja ikkje har nokon lukka kunnskap som bare er for dei få og innvigde. Guds rike er ope for alle, og heilt vanlege menneske blir lukka inn i det gjennom dåpen og trua. Slik blir me Jesu disiplar, og dermed også hans venner.

Her er bibelteksten, som er ein liten del av ein større tekst om Jesu siste måltid med disiplane (Johannesevangeliet kap 13-17):

Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

Tilbake til ikonet. Den gamle originalen frå Egypt heng i Louvre i Paris. Du kan sjå muséet si skildring av ikonet her. Eg har ein liten kopi som eg har kjøpt i Taizé.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: