Shalom = helse!

Det gode livet. KM 2015

I bibelsk forstand betyr helse helhet og velvære, og at alle gode relasjoner er intakte. Det er dette som ligger i ordet shalom som i vår bibel gjerne er oversatt til «fred». Det ser vi for eksempel i fortellingen om Josef. Da han spør brødrene om hvordan det står til med faren (1 Mos 43,26), bruker den hebraiske Bibelen her shalom, mens den jødiske oversettelsen til gresk (Septuaginta) har «er han frisk?». Relasjonen til slekten og den nære familie er av grunnleggende betydning.

Kyrkjemøtet 2015, som begynner denne veka, skal blant anna drøfta ei sak om kyrkje og helse. Avsnittet om det hebraiske ordet shalom også kan bety helse, er på ingen måte hovudtema i sakspapira til denne viktige saka. Likevel vil eg her på bloggen henta fram nettopp desse linjene. Dei seier oss at den kristne trua har jødiske røter også i dette; at helse betyr “helhet og velvære, og at alle gode relasjoner er intakte”. (Bibeltilvisinga skulle vel elles vore 1 Mos 43,27 om ein skal vera pinleg nøyaktig).

Saka er faktisk også hovudtema for Kyrkjemøtet 2015, under overskrifta Det gode livet. Eg blei klar over omfanget og innhaldet i saka då eg i januar deltok på ein konferanse om kyrkje og helse. Her hadde professor Kjell Nordstokke, som har vore sentral i forarbeidet med KM-saka, eit foredrag der han presenterte temaet.

Eg opplever at “saksframlegget gir teologisk innsikt og tar opp helsefaglige utfordringer”, slik det blir lova i innleiinga til det store hovuddokumentet. Me er mange kyrkjelege medarbeidarar, både løna og uløna, som kan ha god nytte av å lesa dette.

Kyrkjemøtet si nettside Litt om nokre av sakene gir ein kortversjon av kva saka handlar om:

Sak KM 09/17 Kyrkje og helse
Hovudtemaet for Kyrkjemøtet 2015 er òg ei sak på sakslista. I denne saka er er Kyrkjemøtet invitert til å se nærare på korleis helsespørsmål meir og meir sett preg på mediebilete og politiske debattar. Samstundes løftar saksframstillinga fram det helserelaterte arbeidet i kyrkja.
Gjennom eit stort spekter av diakonale institusjonar, og i arbeidet i kyrkjelydane, vert det utført eit omfattande arbeid innanfor helse og omsorg. Kyrkjemøtet er nå utfordra til å styrkje denne delen av verksemda til kyrkja. Den aktuelle samfunnsmessige konteksten blir løfta fram i saksframstillinga.
Til dømes syner ein til at Samhandlingsreforma og Omsorgsreforma utfordrar kyrkjelydane og dei diakonale institusjonane til ny innsats.
Saksframstillinga har eit eige kapittel om ”Kyrkja i den offentlege debatt om helse”. Her seier ein at kyrkja kan bidra til at det blir tala sant om livet og om døden i det offentlege rom. Det vert òg advara mot at stereotype oppfatningar av perfekt helse kan føre til ei nedtoning av menneskeverdet til den som ikkje svarar til dette idealet. ”I verste fall kan det grunngi praksisar som inneber eit steg i retning av sorteringssamfunnet sitt menneskesyn”, heiter det i dokumentet.
I framlegget til vedtak vert norske styresmakter utfordra til å se til at verdiar og etiske spørsmål får auka gjennomslag i helse- og sosialpolitikken. Ved prioriteringar i helsebudsjetta, bed ein styresmaktene vere særleg merksam på menneske i sårbare livssituasjonar og deira rettigheiter.

Du kan lesa heile saksframlegget til KM-saka her. Eg siterer eit lite avsnitt frå innleiinga, som seier noko om kor vidt kyrkja tenkjer når ein nå tar opp denne saka:

Saksdokumentet tematiserer kirkens helserelaterte tjeneste i vid forstand: som forebyggende helsearbeid, som hjelp til livsmestring, som medisinsk behandling og som omsorg for syke. Dokumentet drøfter helsebegrepet i lys av aktuelle forståelsesmåter. Intensjonen er å etablere en dypere forståelse som bekrefter at vi som kirke deler visjonen om å utføre denne viktige tjenesten i verden. Saksframlegget gir teologisk innsikt og tar opp helsefaglige utfordringer. På den måten kan den være en felles referanse for ulike deler av det kirkelige helsearbeidet. Framlegget er et ressursmateriale som kan bidra til å øke samhørigheten mellom de ulike arbeidsformene, og gi inspirasjon i arbeidet. Derfor retter forslagene til vedtak seg til både diakonale institusjoner, menigheter og til Kirkerådet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: