Siloadammen

Notat til søndagens tekst: Joh 9,1-7 og 35b-38

Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007
Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. (Joh 9,7)

Delar av Siloadammen frå nytestamentleg tid er i dag graven fram og gjort tilgjengeleg i Davidsbyen i Jerusalem. På Jesu tid låg denne dammen innanfor bymurene. Dette var kanskje den einaste staden med friskt og rennande vatn. Vatnet blei ført fram til dammen gjennom Hiskias tunnel frå Gihonkjelda i Kedrondalen.

I eit tidlegare notat har eg skrive om Rennande vatn i Davidsbyen:

«Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen.» (Les meir)

Bibelteksten i Joh 9 handlar om ein mann som var født blind og som fekk synet igjen ved eit møte med han som er lyset i verda (Joh 8,12). Mannen møtte mykje motgang og vanskar fordi helbredinga hadde skjedd på ein sabbat. Forteljinga sluttar med at han møter Jesus igjen og blir ein disippel av han. På den måten blir bibelteksten eit møte med ein mann som ser lyset i dobbelt forstand.

Dette notatet frå 2008 er nå i 2015 oppdatert, først og fremst i forhold til nye tekstrekker og ny bibelomsetjing. Teksten er nå plassert på 4. søndag i openberringstida, mens den tidlegare høyrde til på det som då heitte 20. søndag etter pinse.

Rennande vatn i Davidsbyen

Hiskias tunnelJerusalems #7

Vatn er nødvendig i ein by. Jerusalem ligg langt oppe i fjella og var frå gamal tid avhengig av kjeldevatn. Byen er 3000 år gamal og vatnsystemet som er funne i Davidsbyen, det eldste Jerusalem, har element som går mest så langt tilbake i historia. Det er fascinerande å sjå nærare på Warren’s sjakt, Gihonkjelda, Hiskias tunnel og Siloadammen. Dette vatnsystemet er rangert som nr 7 på lista over Jerusalems 10 på topp.

Eg har tidlegare skildra ein tur ned gjennom Warren’s sjakt til Gihonkjelda. Denne kjelda forsynte byen med vatn. Her har også viktige historiske hendingar skjedd; Bibelen fortel at kong Salomo blei salva til konge ved Gihonkjelda (1. kong 1).

Frå kjelda er det mogleg å gå gjennom Hiskias tunnel (biletet 1) som blei hogd ut i fjellet under byen på 700-talet f Kr, for å sikra vatn i urolege tider. Gihonkjelda låg nemleg utanfor bymuren og tunnelen enda inne i byen. Tunnelen er ca 600 m lang og går i ein stor bue (som ein S). Her går ein i stummande mørker i rennande, temperert vatn. Vatnet går så vidt opp på leggen det meste av turen, bare eit par plassar er det litt djupare. Tunnelen er trong, men sikker. Og det er umogleg å gå seg vill!

SiloadammenDet rennande vatnet i Hiskias tunnel blei ført fram til Siloadammen. Biletet til høgre viser den dammen som låg der på Jesu tid. Den er funnen for få år sidan, eit lite stykke frå staden der tunnelen endar i dag. Eg opplevde for første gong å koma til det nytestamentlege Siloa i haustferien i fjor og eg syns det var fantastisk! Sjå også BAR sitt biletgalleri frå staden.

Denne dammen er nemnt i NT:

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloadammen.» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. (Joh 9,7)

Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen. Men det er også sett fram ein teori om at det var eit offentleg svømmebasseng. Les gjerne Hershel Shanks» artikkel Ritual Bath or Swimming Pool i det siste nummeret av BAR (3/2008). Han held på at Siloadammen truleg har fungert som eit stort reinsingsbad med rennande vatn og med ein viktig funksjon i forhold til tempelet.

Sjå òg den flotte sida City of David som nyleg har vunne ein pris:

Israel may have missed out at the Oscars in Hollywood, but an Israel website, www.cityofdavid.org.il, won first prize at the UN-sponsored World Summit Awards (WSA) in Venice recently.

Selected as «the best in e-content and creativity in the category of e-culture,» «this outstanding website brings remote visitors face to face with the protagonists and locations of the living Bible,» the WSA stated in its laudatory citation. (les meir)

Oppdatering: Serien er nå ferdig: