Siloadammen

21/01/2015

Notat til søndagens tekst: Joh 9,1-7 og 35b-38

Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007

Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. (Joh 9,7)

Delar av Siloadammen frå nytestamentleg tid er i dag graven fram og gjort tilgjengeleg i Davidsbyen i Jerusalem. På Jesu tid låg denne dammen innanfor bymurene. Dette var kanskje den einaste staden med friskt og rennande vatn. Vatnet blei ført fram til dammen gjennom Hiskias tunnel frå Gihonkjelda i Kedrondalen.

I eit tidlegare notat har eg skrive om Rennande vatn i Davidsbyen:

«Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen.» (Les meir)

Bibelteksten i Joh 9 handlar om ein mann som var født blind og som fekk synet igjen ved eit møte med han som er lyset i verda (Joh 8,12). Mannen møtte mykje motgang og vanskar fordi helbredinga hadde skjedd på ein sabbat. Forteljinga sluttar med at han møter Jesus igjen og blir ein disippel av han. På den måten blir bibelteksten eit møte med ein mann som ser lyset i dobbelt forstand.

Dette notatet frå 2008 er nå i 2015 oppdatert, først og fremst i forhold til nye tekstrekker og ny bibelomsetjing. Teksten er nå plassert på 4. søndag i openberringstida, mens den tidlegare høyrde til på det som då heitte 20. søndag etter pinse.

Advertisements

Gamle graver i Kedrondalen

16/03/2010

Jerusalems 10 på topp #4

I Kedrondalen i Jerualem står tre store og imponerande gravmonument. Gravene stod her allereie på Jesu tid. Bildet viser Bene Hasirs grav til venstre og Sakarjas grav til høgre. Litt lenger til venstre for desse, utanfor bildet, ligg Absaloms grav. Desse gravene er med på ei liste over Jerusalems 10 på topp for den som er historisk og arkeologisk interessert.

Jesus gjekk her

Dette var sikkert ein stad Jesus ofte passerte på sine vandringar mellom Jerusalem og Oljeberget, slik det f eks er skildra her:

Om dagen var Jesus i tempelet og underviste, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta. Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han på tempelplassen og høyrde på han. (Luk 21,37-38)

Jesus og disiplane passerte truleg også dei gamle gravene den natta dei gjekk frå innstiftinga av nattverdmåltidet til Getsemane, der Jesus blei arrestert:

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med disiplane sine og over til andre sida av Kedronbekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. (Joh 18,1)

Namna på gravene

Gravmonumenta har gjennom tradisjonen blitt knytt til kjente namn frå Bibelen. Absaloms grav blei i 1170 e. Kr. knytt til Absalom med utgangspunkt i teksten frå 2. Sam 18,18:

Medan Absalom levde, hadde han reist ein minnestein for seg. Det er den steinen som enno står i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt,» sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og sidan har han vorte kalla «Absaloms minne» og heiter så den dag i dag.

Bene Hesir var ein prestefamilie som er nemnt i 1. Krøn 24,15. Grava har fått dette namnet etter orda i ei hebraisk innskrift over dei to søylene. Sakarjas grav er blitt knytt både til den gamaltestamentlege profeten Sakarja og til døyparen Johannes sin far.

Historikarar daterer derimot gravmonumenta til 1. og 2. hundreår f Kr, altså til mellomtestamentleg tid, og gravene har nok ingen historisk tilknyting til personane dei har fått namn etter.

Jerusalems 10 på topp

Det er arkeologen og bibelforskaren Jerome Murphy-O’Connor som plasserer Kidron Valleys Tombs på fjerde plass på si liste over Jerusalems 10 på topp.

Her er heile lista over Jerusalems 10 på topp:


%d bloggarar likar dette: