Litterært blikk på Utstein kloster

11239624_10203816105834961_6834123562315302697_n

Utstein kloster er ein av favorittstadane mine. Både kulturhistoria og kulturlandskapet som er knytt til staden, fascinerer meg. Og for med ein gong å sitera Alfred Hauge:

Eit landskap er som eit menneske. Det har sitt andlet, og det har dét som er innanfor andletet. (Perlemorstrand, side 28)

Det er i dag 50 år sidan klosteret i 1965 blei gjenopna etter omfattande undersøkingar og restaurering. Datoen var sjølvsagt ikkje tilfeldig valt. Larsok (10. august) er knytt til St. Laurentius som klosteret var vigd til i mellomalderen. Sjå museets omtale av 50-års jubileet her.

Eg har blant anna brukt dagen til å lesa ferdig Harald Olsen sin artikkel Alfred Hauge og Utstein Kloster, skriven for Museum Stavanger årbok 2014, side 121-173. Eg kjøpte eit særtrykk av artikkelen på Utstein Pilegrimsgard på forsommaren. Bildet av klosteret tok eg på Kristi Himmelfartsdag då eg var på gudsteneste i klosterkyrkja.

Alfred Hauge hadde eit nært forhold til klosteret. Mykje av artikkelen er interessant presentasjon og tolking av dei fem romanane og to diktsamlingane som inngår i “Utstein Kloster-syklusen”. Bøkene kom ut frå 1967 til 1984. Eg las romanane (og delar av diktsamlingane) på 70- og 80-talet, og har lese noko av dette om igjen nå i år i samband med 100-års jubileet for forfattaren.

Olsen avsluttar med å skriva om litteratur som bygger et helligsted. Denne delen av artikken begynner slik:

At Utstein Klister har betydd mye for Alfred Hauges forfatterskap er hevet over tvil. Men hva har så forfatterskapet – og Utstein Kloster-syklusen – betydd for klosteret? For enkelte leseres forhold til stedet har nok bøkene betydd mye. Men i det store og hele må en vel si at syklusen ennå er en lite benyttet skattkiste. Det er imidlertid en skattkiste med et stort potensiale!

Hauge har utan tvil vore med og forma mi interesse for og mitt bilde av staden. For meg er klosteret både ein heilag stad og ein historisk stad. Eg syns også det er flott at museet gir den litterære vinklinga så stor plass i årboka.

Relatert stoff på bloggen:

Èitt svar til Litterært blikk på Utstein kloster

  1. […] Oppdatering 10.08.2015: Sjå òg Litterært blikk på Utstein kloster. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: