Garborg: Gud signe Noregs land

Norsk Fedralandssong

Teksten er skriven av Arne Garborg til 17. mai 1878. Han var då 27 år gamal, og salmen markerer hans lyriske gjennombrot. Den er også blant dei første tekstane hans på nynorsk, etter at han i 1877 hadde starta bladet Fedraheimen og skrive Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse.

Gud signe Noregs Land,
kvar Heim, kvar Dal og Strand,
kvar Lund og Lid.
Han lat’ det aldri døy,
han verje Bygd og Øy,
han verje Mann og Møy,
til evig Tid.
Me fekk det høgt og fritt,
me fekk det vænt og vidt
med Hav og Fjell.
Det stend so tryggt og godt,
det stend so reint og blaatt,
rett som eit Gudeslott
med Solskinstjeld.
Det er vaar Elsk paa Jord,
det er vaart beste Ord,
vaar Trivd og Trygd.
Storfrægdarmenn dei var,
som fram til oss det bar;
det er vaar Ættargard
til Fridom bygd.
Stort Arbeid ned er lagt
til Landsens Fred og Magt
fraa Tid til Tid.
Det kostad tusund Aar
i Kav fraa Vaar til Vaar,
i Strid so tung og saar
fyrr me vart fri’.
Her ligg dei, Grav i Grav,
fraa Heid og ned i Hav,
som stridde so.
Gud sign’ kvar ærleg Svein
som søv der under Stein,
Gud sign’ dei kvar og ein,
der dei er no.
Men Landet, dei hev rudt,
det vil me verja trutt
til sidste Stund.
Vaar Elsk og beste Agt,
vaart Liv og all vaar Magt
skal vera Noregs Vakt
til sidste Stund.
I Kjærleik varm og mild
me legg vaar Vilje til,
daa veks det fram.
Daa fær det bløma blidt,
daa fær det spyrjast vidt,
og altid standa fritt
fyr Naud og Skam.
Her stig det stort og blaatt
vaart fagre Heimlands Slott
med Tind og Taarn.
Og som det ervdest ned
alt fagrar’ Led fyr Led,
det byggjast skal i Fred
aat vaare Born.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: