Menorah, Jerusalem ca 600

hu130909_mazar2Det er i dag kunngjort eit spennande funn av ein gullmedaljong med jødisk symbolikk, bl a ein menorah. Funnet er gjort på området like sør for tempelplassen i Jerusalem.

(Foto: Ouria Tadmor / Copyright: Eilat Mazar).

Medaljongen skal vera frå bysantinsk tid, dvs byens kristne periode. Arkeologane knyter funnet til dei urolege tidene omkring 614, då persarane øydela mykje i byen.

Det er sjeldan kost å finna ein gjenstand med så tydeleg jødisk symbolikk frå denne perioden i Jerusalems historie.

Kunngjeringa kjem frå The Hebrew University of Jerusalem:

Ancient Golden Treasure Found at Foot of Temple Mount
“Ophel Treasure” includes gold medallion with Menorah, Torah and Shofar etchings

Bildet under er frå det aktuelle arkeologiske utgravingsområdet. Det blei tatt på studieturen i januar 2013, då eg hadde ein interessant runde i dette området saman med Karl Olav Sandnes.

Frå Ophel, sør for tempelplassen. Foto: Arne Berge 2013
Frå Ophel, sør for tempelplassen. Foto: Arne Berge 2013