Trappevegen frå Siloadammen

01/11/2019

Det er diskusjon om alderen på pilegrimsvegen som er under utgraving under Davidsbyen i Jerusalem. Det har lenge vore sagt at den blei bygd av Herodes den store, som døydde i år 4 f Kr. Nå seier ein forskings-rapport at den er bygd ca år 30, altså under Pilatus. Mens den fremste eksperten på tempelhøgda i Jerusalem meiner den er bygd av kong Agrippa II på slutten av 50-talet. Det er funn av myntar som kan daterast nøyaktig som blir brukt i diskusjonen, og ulike forskarar tolkar og vektlegg funna på ulik måte.

Den breie trappevegen var truleg ein viktig pilegrimsveg og den avsluttande etappen for dei som var på veg opp til tempelet. Om den var ferdig bygd på Jesu tid, er altså foreløpig eit ope spørsmål.

Vegen går frå Siloadammen til Robinson´s Arch ved tempelplassen. Det er ein imponerande trappeveg som i dag ligg under jorda, hovudsakleg under gata El-Wad. Det vil truleg gå fleire år før heile vegen kan bli opna for publikum, men under denne vegen går det ein trang avløpskanal (der det også er mange trapper), og den har vore open i nokre år nå. Eg har gått den fleire gonger, seinast i haustferien i år.

National Geographic har nyleg publisert ein artikkel som fortel om vegen og om diskusjonen om datering. Artikkelen er illustrert med eit flott bilde av vegen. Artikkelen fortel også om kritikken frå palestinsk hald mot dette arkeologiske arbeidet, som foregår under det som i dag er eit palestinsk bustadområde.

Road built by biblical villain uncovered in Jerusalem
A long-buried street that led pilgrims to the Jewish Temple 2,000 years ago was commissioned by Roman governor Pontius Pilate. (National Geographic 20.10.2019)

The Gospel Coalition følger opp med ein artikkel som presenterer hovudsynspunkta i artikkelen over, men som også lar Leen Ritmeyer, spesialist på tempelhøgda, sleppa til med ei alternativ datering:

Was the Road in Jerusalem Discovered by Archaeologists Really Built by Pontius Pilate? (The Gospel Coalition 22.10.2019).

Eg avsluttar med eit bilde frå avløpskanalen som altså går under den store trappevegen som er under utforsking.

IMG_8899

Avløpskanalen under trappevegen i Davidsbyen.
Foto: Inger Bakke Berge 2018


Siloadammen

21/01/2015

Notat til søndagens tekst: Joh 9,1-7 og 35b-38

Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007

Siloadammen. Foto: Arne Berge 2007

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. (Joh 9,7)

Delar av Siloadammen frå nytestamentleg tid er i dag graven fram og gjort tilgjengeleg i Davidsbyen i Jerusalem. På Jesu tid låg denne dammen innanfor bymurene. Dette var kanskje den einaste staden med friskt og rennande vatn. Vatnet blei ført fram til dammen gjennom Hiskias tunnel frå Gihonkjelda i Kedrondalen.

I eit tidlegare notat har eg skrive om Rennande vatn i Davidsbyen:

«Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen.» (Les meir)

Bibelteksten i Joh 9 handlar om ein mann som var født blind og som fekk synet igjen ved eit møte med han som er lyset i verda (Joh 8,12). Mannen møtte mykje motgang og vanskar fordi helbredinga hadde skjedd på ein sabbat. Forteljinga sluttar med at han møter Jesus igjen og blir ein disippel av han. På den måten blir bibelteksten eit møte med ein mann som ser lyset i dobbelt forstand.

Dette notatet frå 2008 er nå i 2015 oppdatert, først og fremst i forhold til nye tekstrekker og ny bibelomsetjing. Teksten er nå plassert på 4. søndag i openberringstida, mens den tidlegare høyrde til på det som då heitte 20. søndag etter pinse.


Tunnel ved tempelhøgda II

05/02/2011

Her er nøktern og informativ informasjon om dreneringstunnelen som er graven fram i området mellom tempelhøgda og Siloadammen i Jerusalem.

Det er Caspari Media Review 03.02.2011 som formidlar denne teksten frå avisa Ma’ariv:

An ancient drainage tunnel running the length of the Tyropoeon Valley has recently been cleared of dirt and refuse accumulated over the course of 2,000 years, allowing body-height access for the first time since its discovery. The channel is located beneath the main paved and stepped road which traversed Jerusalem in those days, passing alongside the Western Wall in the north and down to the Siloam Pool in the southern portion of the City of David. Neither the road nor the channel pass beneath the Temple Mount itself.

Sjå tidlegare notat om tunnelen her.


Rennande vatn i Davidsbyen

21/05/2008

Hiskias tunnelJerusalems #7

Vatn er nødvendig i ein by. Jerusalem ligg langt oppe i fjella og var frå gamal tid avhengig av kjeldevatn. Byen er 3000 år gamal og vatnsystemet som er funne i Davidsbyen, det eldste Jerusalem, har element som går mest så langt tilbake i historia. Det er fascinerande å sjå nærare på Warren’s sjakt, Gihonkjelda, Hiskias tunnel og Siloadammen. Dette vatnsystemet er rangert som nr 7 på lista over Jerusalems 10 på topp.

Eg har tidlegare skildra ein tur ned gjennom Warren’s sjakt til Gihonkjelda. Denne kjelda forsynte byen med vatn. Her har også viktige historiske hendingar skjedd; Bibelen fortel at kong Salomo blei salva til konge ved Gihonkjelda (1. kong 1).

Frå kjelda er det mogleg å gå gjennom Hiskias tunnel (biletet 1) som blei hogd ut i fjellet under byen på 700-talet f Kr, for å sikra vatn i urolege tider. Gihonkjelda låg nemleg utanfor bymuren og tunnelen enda inne i byen. Tunnelen er ca 600 m lang og går i ein stor bue (som ein S). Her går ein i stummande mørker i rennande, temperert vatn. Vatnet går så vidt opp på leggen det meste av turen, bare eit par plassar er det litt djupare. Tunnelen er trong, men sikker. Og det er umogleg å gå seg vill!

SiloadammenDet rennande vatnet i Hiskias tunnel blei ført fram til Siloadammen. Biletet til høgre viser den dammen som låg der på Jesu tid. Den er funnen for få år sidan, eit lite stykke frå staden der tunnelen endar i dag. Eg opplevde for første gong å koma til det nytestamentlege Siloa i haustferien i fjor og eg syns det var fantastisk! Sjå også BAR sitt biletgalleri frå staden.

Denne dammen er nemnt i NT:

Så sa han: «Gå og vask deg i Siloadammen.» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. (Joh 9,7)

Den vanlege oppfatninga er at Siloadammen hadde ein viktig funksjon som reinsingsbad (miqveh) for folk som skulle opp til tempelet, ikkje minst når det i dei tre jødiske høgtidene kom tusenar av pilegrimar til byen. Men det er også sett fram ein teori om at det var eit offentleg svømmebasseng. Les gjerne Hershel Shanks» artikkel Ritual Bath or Swimming Pool i det siste nummeret av BAR (3/2008). Han held på at Siloadammen truleg har fungert som eit stort reinsingsbad med rennande vatn og med ein viktig funksjon i forhold til tempelet.

Sjå òg den flotte sida City of David som nyleg har vunne ein pris:

Israel may have missed out at the Oscars in Hollywood, but an Israel website, www.cityofdavid.org.il, won first prize at the UN-sponsored World Summit Awards (WSA) in Venice recently.

Selected as «the best in e-content and creativity in the category of e-culture,» «this outstanding website brings remote visitors face to face with the protagonists and locations of the living Bible,» the WSA stated in its laudatory citation. (les meir)

Oppdatering: Serien er nå ferdig:


Hiskias tunnel

09/04/2005

April 2005

30 minutt vandring under jorda i gamal og trong tunnel med rennande vatn. Eg er i Davidsbyen, ein del av Jerusalem eg ikkje har vore i før. Tunnelen går frå ei kjelde som heiter Gihon til Siloadammen. Begge desse stadane og Hiskiatunnelen som forbinder dei er nemnt i Bibelen, og Siloadammen var eit viktig samlingspunkt i byen på Jesu tid (vatn har for øvrig alltid vore viktig her i Midt-Austen). Jesus nemner dammen bl. a. i Joh 9,7:

Så sa han til han: Gå og vask deg i Siloa-dammen.» Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.

Arne Dag og eg gjekk gjennom denne tunnelen frå kjelda lenger oppe i dalen. Den største opplevinga var eigentleg ikkje sjølve Siloadammen, men å gå gjennom dette vatnsystemet som fører vatn inn i dammen.

Oppdatering: Tunnelen fører ut til ein dam som ikkje er den nytestamentlege, men nokre hundreår yngre. Seinare har eg fleire gonger besøkt restane etter den nytestamentlege dammen som ligg like i nærleiken. Eg har seinare skrive meir om staden i notatet Rennande vatn i Davidsbyen.

Då me bestemte oss for å gå tunnelen, fekk me låna lommelykt og plastsandalar. Dei to ungararane me er saman med, våga seg dessverre ikkje på dette prosjektet, men Arne Dag og eg var fast bestemt på at dette ville me gjennomføra.

Det var absolutt ikkje ein stad for dei med klaustrofobi. Det var sjølvsagt kolsvart når me skrudde av lyktene. Tunnelen var ca 50-70 cm brei. Dei fleste stadane kunne me gå oppreist. Det rann heile tida vatn gjennom den, og me fulgte straumen. Vatnet gjekk stort sett opp til knærne, men på det djupaste rakk det langt opp på låret. Me gjekk i underbukse og t-skjorte, og det var eit svært greitt antrekk. Kunne dermed ta på oss turre bukser (som me hadde i ryggsekken) då me kom ut. Me tok bilete både inne i tunnelen og ved Siloadammen. Du kan også sjå bilete frå staden f eks her.

Det var ei spesiell oppleving. Tunnelen blei hogd ut under kong Hiskia som var konge i Jerusalem ca 700 f. Kr. men Gihonkjelda har gjeve vatn til byen frå den blei grunnlagt ca 2000 f.Kr. Poenget er at det frå kong Hiskias tid har vore ein tunnel som førte vatn frå ei kjelde med friskt vatn utanfor byen til ein dam inne i byen. Dette var viktig i tider då byen var truga av fiendar, for vatnet i Siloadammen betydde at dei kunne sleppa å gå utanfor bymuren for å henta vatn. Delar av tunnelen blei oppdaga av arkeologar paa 1800-talet, dei siste delane blei opna for folk flest for ca 10 år sidan.

Me kom ned til tunnelen gjennom ein sjakt som er oppkalt etter arkeologen som fann den, Warrens Shaft. Då kong David inntok byen sendte han soldatane sine inn i den befesta byen gjennom ein sjakt, og det kan vera denne sjakta som nå er funnen.


%d bloggarar likar dette: