Hagar og Ismael

Her er bibelhistorieboka som eg hadde då eg gjekk på barneskulen. Den inneheld eit utval forteljingar frå skapinga til dei første kristne i Apostelgjerningane og Paulus sine brev. Det står ein del om Abraham og Sara der, men ingenting om Hagar og Ismael. Den teksten som er preiketekst i kyrkja i dag, høyrde eg ikkje om då eg gjekk på skulen.

Bibelhistorie

Kjenner du historia om Abraham, Sara (kona hans), Hagar (Sara sin slave), Ismael (Abraham sin son med Hagar) og Isak (Abraham sin son med Sara)?

9 Men Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fødd til Abraham, leika og lo. 10 Då sa ho til Abraham: «Driv bort denne slavekvinna og son hennar! For son til denne slavekvinna skal ikkje arva saman med Isak, son min.»11 Abraham tok dette svært tungt, for det gjaldt son hans. 12 Men Gud sa til Abraham: «Ikkje ta det så tungt, dette med guten og tenestekvinna. Du skal høyra på alt det Sara seier til deg. For gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di. 13 Men sonen til slavekvinna vil eg òg gjera til eit folkeslag, for han er ditt barn.» (1. Mos 21,9-13)

På ein måte kan dette verka som ei svært fjern historie. Samtidig er dette forteljingssstoff som har vore mykje framme i norsk kulturliv det siste året, med utgangspunkt i Svein Tindberg og forestillinga Abrahams barn.

Nå er det også gitt ut bok med utgangspunkt i forestillinga, og forlaget begynner omtalen av boka slik: Ein mann. To søner. Tre religionar. Dette er sjølvsagt flott formulert. Men eg trur det er meir ”to the point” å omtala Ismael som stamfar for arabarane enn for muslimane. Eg veit at Ismael har ein stor og viktig plass i islam. Men også kristne arabarar ser på Ismael som sin stamfar!

Store delar av preika i dag blir ei bibelforteljing. Eg vil fortelja frå Første Mosebok, ei forteljing som ikkje er veldig godt kjent. Eg høyrde ikkje om den på skulen. Eg håper den nå er pensum i RLE. I dag skal me la historia få leva sitt eige liv og la oss fascinera av den. Og så vil eg trekkja nokre linjer til koss me kan forstå utvelginga som er eit underliggjande tema midt i all den konkrete familiedramatikken.

Forteljinga om Abraham står på ca 15 sider i Bibelen, i Første Mosebok kapittel 12-25. Kanskje du skal finna fram Bibelen og lesa heile historia? Kanskje du blir så fascinert at du held fram og les resten av Første Mosebok, om Isak og Rebekka, Esau og Jakob, Josef og brørne hans? Eg ville helst brukt siste omsetjing (Bibel 2011). Her er det gjort nokre språklege grep som er ganske interessante.

Når me les forteljingane om Abraham og familien hans, må me huska at me er i eit heilt anna samfunn og ei heilt anna tid enn vår. Det er mykje som er annleis, mykje me kan reagera på. Står det verkeleg om slike ting i Bibelen? Den som trur at Bibelen er ei bok der alle er snille med kvarandre, bør i alle fall lesa sin Bibel. Her er det hard realisme. Her er det sjalusi, mobbing og utestenging, her er det “mine barn og dine barn”. Men også mykje tru, håp og kjærleik.

Me kan også undra oss over at menneska blir veldig gamle i desse forteljingane. Abraham blei 175 år, og det er på ingen måte nokon rekord i denne samanhengen! Eg har ingen god forklaring på dette med alderen. Me får ta det med oss som ein del av forteljinga.

Nå vil eg bla litt i Første Mosebok og henta fram noko av bakgrunnen for forteljinga om Hagar og Ismael:

Kapittel 12

Abraham kom opprinneleg frå Ur i Kaldea, i dagens Irak (11,27 ff). Abrahams far hadde begynt på ei vandring og hadde tatt med seg familien til Harran, ein oldtidsby i dagens Tyrkia. Her blir Abraham kalla til å bryta opp frå slekta og dra til eit framandt land. Etter ei lang reise saman med sine næraste, endar han opp i Kanaan, landet som sidan har fått så mange andre namn; Israel, Palestina, Det heilage landet.

På dette tidspunktet heitte Abraham Abram og kona hans heitte Sarai. Dei fekk seinare namna Abraham og Sara. Men eg forenklar og omtaler dei her gjennomført som Abraham og Sara.

Her les me første gong om Guds løfte til Abraham:

2 Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.

3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
men den som forbannar deg, skal eg forbanna.
I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»

Kapittel 15

Abraham hadde eit problem. Han og Sara hadde ikkje barn. Guds løfte verka derfor ganske urealistisk. Ein gong klaga Abraham til Gud over dette. Då gav Gud han på ny gav eit løfte om ei stor etterslekt:

 5 Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.»  6 Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.

Kapittel 16

Her høyrer me for første gong om Hagar og Ismael. Sara og Abraham hadde framleis ingen barn som kunne føra slekta vidare. Sara var nok på dette tidspunktet enda meir fortvila enn Abraham over dette, og ein dag gjekk ho til mannen sin og tok opp saka:

Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar.  2 Sarai sa til Abram: «Høyr på meg: Herren har hindra meg i å føda born. Gå no inn til slavekvinna mi! Kanskje får eg ein son ved henne.»

Det var altså Sara sin idé. Ho hadde ein tanke om at Hagars eventuelle barn kunne reknast som hennar barn. Ho tok saka i eiga hand. Abraham følgte kona si sitt forslag og låg med Hagar. Men då Hagar blei gravid, begynte familieproblema for alvor. Hagar såg ned på Sara, som igjen begynte å ydmyka Hagar. Det heile endte med at Hagar rømde frå Sara.

Då fann ein Herrens engel Hagar ute i ørkenen. Dette er eit uttrykk for Guds omsorg for henne. Engelen sa at ho skulle dra tilbake til Sara og Abraham og at ho skulle få ein son. Og Hagar fekk høyra løfte om etterslekta ho skulle få:

Stor vil eg gjera ætta di, så stor at ingen kan telja henne.

Hagar fekk også beskjed av Herrens engel om at guten skulle få namnet Ismael som betyr Gud høyrer.

I denne situasjonen er det me finn den vakre detaljen at Hagar gir Gud eit namn: Du er ein gud som ser meg. Hagar er faktisk den første personen i Bibelen som gir Gud eit namn.

Etter dette drar Hagar tilbake til Sara og Abraham. Hagar får sonen sin og Abraham gir han namnet Ismael. Abraham var 86 år på denne tida.

Kapittel 17

Tretten år seinare, då Abraham var ca 100 år, fornya Gud pakta med Abraham. Gud gjentok løftet om ei stor etterslekt, men ikkje gjennom Ismael! Etterslekta skulle koma gjennom ein son han skulle få med Sara. For Abraham eit uforståeleg løfte:

17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: «Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?» 18 Og Abraham sa til Gud: «Måtte Ismael få leva for ditt andlet!» 19 Då sa Gud: «Sanneleg, Sara, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil oppretta mi pakt med han, ei evig pakt for etterkomarane hans. 20 Eg har høyrt di bøn for Ismael. Sjå, eg vil velsigna han og gjera han fruktbar og overmåte talrik. Tolv hovdingar skal han bli far til, og eg vil gjera han til eit stort folkeslag. 21 Men pakta mi vil eg oppretta med Isak, som Sara skal føda deg neste år på denne tida.» 22 Så var Gud ferdig med å tala med han, og han steig opp frå Abraham.

Kapittel 18

Sara og Abraham fekk ein gong eit viktig besøk av Herren, som på ein merkeleg måte blir omtalt som tre menn, eventuelt tre englar. Mange i den kristne kyrkja har sidan sett dette som eit teikn på den treeine Gud. Då fornya Herren løftet om at Sara skulle få barn, og nå var Sara i bakgrunnen inne i teltet og høyrde dette. Då lo ho òg. Ho trudde ikkje det kunne vera mogleg. Men Sara blei irettesett med orda: Er noko umogleg for Herren?

Kapittel 21

Det første avsnittet i kapitlet er viktig. Her står det om Isaks fødsel. Dette var barnet som mot alle odds blei født på bakgrunn av Guds løfte. Namnet hans har språkleg samanheng med ordet for å le. Det er ein del latter i denne bibelforteljinga.

I følgje tidlegare bibelomsetjingar (til og med 1978-utgåva), sa Sara etter fødselen:

«Gud har laga det så at eg må le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le åt meg.»

I Bibel 2011 har dette fått ein annan valør. Det er forskjell på å le av og å le med:

«Gud har fått meg til å le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le med meg.»

Sara og Abraham heldt som det var vanleg i den tids samfunn, ein stor fest for barnet då det var slutt på amminga, truleg då Isak var ca tre år.

Her startar dagens tekst i kapittel 21 vers 9-13. Teksten begynner med at Sara under festen for Isak, ser at Ismael leiker og ler. Ho reagerer kraftig og vil ha Hagar og sonen bort frå familien. Han skal ikkje få nokon arv saman med hennar son!

Her er det igjen vesentlege endringar i bibelomsetjinga. 1978-omsetjinga sa at Sara såg at Ismael dreiv gjøn med Isak. Bokmålsutgåva frå 1930 skreiv til og med at Ismael spottet. Nå står det meir nøytralt at han leika og lo, og i ein fotnote står det at den gamle greske bibelutgåva Septuaginta fortel at Ismael leika med Isak!

Har tidlegare bibelomsetjngar lagt inn eit meir negativt bilde av Ismael, slik at Sara sin reaksjon skulle bli meir forståeleg? Eg veit ikkje, men syns det er interessant å sjå dei ulike omsetjingane.

Uansett: For Abraham var dette tungt. Svært tungt. Ismael var jo sonen hans. Men Gud (!) gir han beskjed om å gjera som Sara seier. For Isak er løftets barn. Samtidig gjentar Gud løftet knytt til Ismael og hans framtid. Han skal bli til eit stort folkeslag.

Eg syns dagens tekst skulle vore litt lenger, slik at den tok med heile avsnittet (vers 8-21). Det som ikkje kjem fram med dagens avgrensing, er at Gud også har omsorg for Ismael. I ein situasjon der han er døden nær, høyrer Gud røysta hans og reddar han. Ismael får bekrefta innhaldet i namnet sitt, det som tyder Gud høyrer.

(Det er ein kronologisk vanske mellom dei to bibeltekstane om Hagar og Ismael i kapittel 16 og 21. I følgje kapittel 16 skulle Ismael vera 15-16 år då han blei jaga frå familien og kom i dødsfare i ørkenen. Forteljaren av kapittel 21 kan neppe ha tenkt det slik. Ein fotnote i Bibel 2011 til 21,14 seier: “Kanskje er ulike tradisjonar knytte saman.”)

Med eit lenger tekstavsnitt, ville teksten ha slutta slik:

20 Gud var med guten, og han voks til. Han budde i ørkenen og vart bogeskyttar. 21 Han budde i Paran-ørkenen, og mor hans skaffa han ei kone frå Egypt.

Kapittel 25

Det er verdt å legga merke til at Ismael og Isak saman tok ansvar for gravferda til faren:

7 Dette er Abrahams levealder: Han vart 175 år gammal.  8 Så anda han ut. Abraham døydde i høg alder, gammal og mett av dagar, og han vart sameina med folket sitt.  9 Isak og Ismael, sønene hans, gravla han i Makpela-hòla, på marka til hetitten Efron, son til Sohar, austafor Mamre, 10 den marka som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart Abraham gravlagd saman med Sara, kona si. 11 Etter at Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande ved Lahai-Ro’i-brønnen.

Guds utvelging

Etter dette utdraget av bibelforteljinga om Abraham, vil eg seia noko om Guds utvelging. Dette er eit sentralt tema i denne forteljinga.

Det er mogleg å sjå slik på Guds utvelging: Utvelginga går frå dei mange til den eine, Jesus Kristus. Vidare går utvelginga frå den eine til dei mange, til oss. For å bruka eit bilde: Utvelginga er som ei trakt som er slik at den utvider seg igjen nedfor den smale “tuten”.

Den øvste vide opninga på trakta: Gud skapte alle menneske. Alle menneske kom inn under syndefallet og forbanninga. Alle menneske trong å frelsast frå det vonde.

Trakta blir smalare: Då valde Gud seg ut eit folk (Abrahams ætt gjennom Isak) til å vera eit utvald folk. Dette var dei GT kallar israelittane og som me kallar det jødiske folket. Dei blei valt ut for å vitna om han og tena han, for at alle folkeslag skulle bli velsigna.

Trakta blir enda smalare: Det er krevjande å vera utvald. Folket svikta kallet sitt gong på gong. Gud sende profetar for å få dei inn på rett veg, men det var oftast nyttelaust. For kvar gong dei kom under Guds dom, var det ein rest igjen som heldt fast på Guds vilje.

Trakta er på det smalaste: Til slutt var utvelginga knytt til éin person; Jesus Kristus, Herrens tenar. “Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!” (Lukas 9,35)

Frå Jesus utvider trakta seg igjen. Han sa: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» (Matt 28,18-20). Og Paulus skriv at Gud vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna. (1. Tim 2,4).

Allereie i Abrahamstekstane finn me dette universelle sikte. Heilt tilbake til den første teksten der utvelginga blei nemnt, har løftene eit universelt preg:

Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning. (…) I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»

Guds utvelging av eit utvald folk er ei ubegripeleg og suveren handling frå Guds side. Det var ingen spesielle kvalitetar ved dette folket. Dei var ikkje betre eller meir verdifulle enn andre folk. Men gjennom dette folket sende han frelsaren. Dette er bakgrunnen for at me ved dåpen og trua kan bli tatt inn i det utvalde folket.

Preike i Gausel kyrkje i dag, 11. søndag i treeiningstida 2013. Avslutninga blei bygd noko ut i forhold til manus utan at innhaldet blei vesentleg endra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: