På basar i Tyrkia

Tyrkisk marked 1Ei reise i Tyrkia består sjølvsagt ikkje bare av besøk på historiske stadar, sjølv om artiklane eg skriv her på bloggen kanskje gir inntrykk av det (oktober 2005). Like utanfor portane til dei arkeologiske utgravingane i Efesos er det livlig handel. Her kunne eg blant anna kjøpa desse klokkene til ein god pris!

Tyrkisk marked 2I dei fleste tyrkiske byane med ei viss historie er det ein basar, eit overbygd handelsområde med mange små butikkar. Det andre biletet her er frå The Grand Bazaar i sentrum av Istanbul. Denne basaren skal vera den største i verda, med fleire tusen butikkar i ein labyrint av overbygde gater. Og dette er ikkje eit moderne handlesenter, men ein stad med skikkeleg historisk sus! The Grand Bazaar har røter tilbake til slutten av 1400-talet.

Tyrkisk marked 3Byen Bursa, som i dag er ein storby med ca 1,5 millionar innbyggjarar, er spesielt kjent for handel med silke. Denne handelen har hatt betydning for byen heilt sidan bysantinsk tid. Bursa er siste stopp på den gamle silkevegen frå Kina. Biletet er frå silkebasaren som blei oppført i 1490. Her blir det framleis solgt silkevarer.

Sidan kona mi, Inger, arbeider mykje med silke, hadde me avtalt at eg skulle sjå om eg fann noko som kunne vera av interesse for henne der. Og det gjorde eg! Eg kjøpte silke-brodertråd som ho brukar når ho broderer symbol på kyrkjetekstilar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: