Korsvegen

Korsvegen er ei vandring eller ei andaktsform med 14 stasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Korsvegen kan vera knytt til 14 bilete med motiv frå lidingshistoria eller den kan vera ei vandring i meir overført tyding ved at ein les og tenkjer og på den måten følgjer Jesus på lidingsvegen.

Mest konkret blir korsvegen som andaktsform når me er til stades i Jerusalem, der det skjedde. Her er den andaktsvegen som har danna utgangspunkt for alle korsvegandaktar og biletserier i kristne kyrkjer verda rundt. Kvar fredag ettermiddag går det organisert vandring langs vegen, med andakt på alle dei 14 stasjonane. Langfredag er det sjølvsagt spesielt mange som er med på dette. Men dei fleste som går denne vandringa, gjer det for seg sjølv eller saman med ei gruppe, uavhengig av om det er fredag eller ein annan dag.

Ved mange av stasjonane er det små kapell, ofte godt skjult i den tette bygningsmassen rundt dei tronge gatene. Desse kapella står opne og me kan gå inn og ha ein stille stund før me går vidare.

Sjølv har eg gått langs Via Dolorosa fleire gonger, både åleine og saman med andre. Ein gong har eg, saman med familien min, vore der i påsken (2001). Då deltok me sjølvsagt på korsvandringa langfredag. Men det var rett og slett for mange som deltok til at me kunne halda kontakten med dei som gjekk først og som leia med tekstlesingar og bøner. Det enda med at me frå femte stasjon gav opp og heller gjekk i vårt eige tempo fram til Gravkyrkja. Den gong traff me forresten også nokre me såvidt kjente frå Bryne, og slo følgje med dei.

Tradisjonen med å følgja lidingshistoria langs akkurat denne vegen, går tilbake til fransiskanske munkar som tok imot pilegrimar i det 13. eller 14. hundreåret. Men heilt tilbake til bysantinsk tid (Jerusalems periode som kristen by i tre hundre år i perioden 325-638) var det tradisjon med å gå frå stad til stad til minne om Jesu lidingshistorie. Uansett kva rute ein følgte, var målet Golgata og Jesu grav i Gravkyrkja.

Dette med dei 14 stasjonane er ein tradisjon som har vakse fram gjennom kyrkjehistoria, knytt til Via Dolorosa i Jerusalem:

  1. Jesus blir dømd til døden
  2. Jesus tar korset på skuldrane sine
  3. Jesus fell første gong under korset
  4. Jesus møter mor si
  5. Simon frå Kyrene blir tvunge til å bera Jesu kors
  6. Veronikas svetteduk
  7. Jesus fell andre gong under korset
  8. Jesus taler til dei sørgjande kvinnene
  9. Jesus fell tredje gong under korset
  10. Kleda blir tatt frå Jesus
  11. Jesus blir nagla til korset
  12. Jesus døyr på korset
  13. Jesus blir tatt ned frå korset
  14. Jesus blir lagd i grava

Dei fire siste av desse stasjonane er ved eller i Gravkyrkja.

Eg syns det er fint å bruka tradisjonen med desse stasjonane for å leva meg inn i lidingshistoria, både i ei kyrkje og når eg er i Jerusalem. Når Inger og eg er reiseleiarar og tar andre med til Jerusalem, brukar me eit forkorta opplegg der me går Via Dolorosa og stoppar på nokre av stasjonane.

Eg skriv dette langfredag, og i dag var det flott å sitja i kyrkjebenken og delta på ein korsvegandakt i eigen kyrkjelyd her på Bryne. Me nytta eit opplegg av den svenske biskopen Martin Lønnebo, omsett og tilrettelagt for bruk i norske kyrkjer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: