Bibelhistorier: Getsemane

10/04/2017
Getsemane og Oljeberget

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane er eit kjent stadnamn i den bibelske geografien. Bildet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda.

Bibelhistoria om Jesu bønekamp i Getsemane er spesielt knytt til skjærtorsdag:

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. (Matt 26,36-45)

Dei fleste som besøker Getsemane i vår tid, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei bysantinsk kyrkje frå 300-talet og ei korsfararkyrkje frå 1100-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Dei åtte gamle trea i hagen utanfor kyrkja gjer sterkt inntrykk på mange, for dei minner så konkret om denne bibelhistoria. Forskarar har funne ut at trea er frå 1100-talet, då korsfararane bygde si store kyrkje, sjå det tidlegare notatet Gamle oliventre i Getsemane.

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Tradisjonen knyter også Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. Bibelhistoria fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei (i grotta?) fordi dei var vane med å sova på denne staden? Kanskje var det her ved grotta Judas sveik Jesus?

Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om heile området ved Getsemanegrotta, Alle Nasjonars kyrkje og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Skissa nedanfor plasserer grotta, hagen (orto del Getsemani) og Alle Nasjonars kyrkje (basilika moderna) i forhold til kvarandre. Heilt til venstre ligg den underjordiske ortodokse Mariakyrkja (tomba della Vergine), som eg ikkje har omtalt i dette notatet.

By Deror Avi (Own work) [GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)%5D, via Wikimedia Commons

Advertisements

Gamle oliventre i Getsemane

23/10/2012

Oliventre er det mange av i Israel. Men ingen gjer inntrykk på same måte som dei åtte gamle trea i hagen utanfor Alle nasjonars kyrkje i Getsemane.

Nå har forskarar funne ut at trea er frå midten av 1100-talet. Dei er altså nærare 900 år gamle. Røtene er kanskje enda eldre?

Mannen som i forrige veke presenterte dei nye forskingsresultata, nemnte også koss desse trea blir oppfatta av mange:

… for every Christian, the olive trees of the Garden of Gethsemane serve as a “living” reference to the Passion of Christ …

I denne samanhengen er det interessant at det midt på 1100-talet blei bygd ei kyrkje på denne staden, over ruinane av den første kyrkja frå bysantinsk tid. Trea som står her i dag, blei kanskje planta i ein hage utanfor denne korsfararkyrkja.

Terrasanta.net skriv:

The research results show that three of the eight olive trees (the only ones on which it was technically possible to carry out the study), as dating from the middle of the twelfth century. Hence, the trees are about nine hundred years old. But one point needs to be made clear: the date indicated refers only to the aboveground part of trees – the trunk and foliage. In fact, the same research has shown that the part below ground, i.e. the roots, is certainly more ancient.

The outcome of the investigation must also be put in relation with ancient travel chronicles of pilgrims, according to which the second of Gethsemane basilica was built between 1150 and 1170 (the period during which the Crusaders were engaged in the reconstruction of the great churches of the Holy Land and Jerusalem in particular). It therefore seems likely that, during the construction of the Basilica of Gethsemane, the garden was rearranged, creating a renovation of the olive trees present at that time.

Les meir

Historia er også dekka av Reuters: Olive trees of Gethsemane among oldest in world: study

Eg reknar med at seriøse guidar nå vil slutta å snakka om at desse trea stod der då Jesus hadde sin bønekamp i Getsemane. Eg har aldri likt slike utsegn. Ei anna sak er at trea på ein sterk måte minnar om den spesielle historia som er knytt til staden. Her var det Jesus bad før han gjekk inn i lidinga og døden, og her i området var det også han blei arrestert.

Mannen som presenterte forskinga uttrykte dette perspektivet slik:

Fr Pierbattista Pizzaballa, presenting the results of the research, noted that «for every Christian, the olive trees of the Garden of Gethsemane serve as a “living” reference to the Passion of Christ, they witness to the absolute obedience to the Father, even sacrificing his person for the salvation of man, of all men, and are also an indication and memory of man’s disposition to “doing the will of God», the only way to identify a believer. In this place, Christ prayed to the Father, and put his trust in Him to overcome the agony of death,” the Agony”, the Passion and the terrible execution on the cross, trusting in the ultimate victory, the resurrection and the redemption of men.

Eg tar også med eit par bibeltekstar:

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. (Joh 18,1)

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45 Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.» (Matt 26,36-46)

(via BiblePlaces Blog)


Getsemane og Oljeberget

21/04/2011

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane er eit kjent stadnamn frå Bibelen, knytt til Jesu lidingshistorie. Biletet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Biletet er tatt frå den muslimske gravplassen som ligg langs austsida av tempelplassen. Du kan derfor sjå muslimske graver i forgrunnen.

Eg vel å ta fram dette biletet og stoff frå tidlegare notat om Getsemane nå i påsken. Biletet pryder apriloppslaget på ein fransk kalender for 2011, gjeve ut av dei katolske organisasjonane Légionnaires du Christ og Regnum Christi. Dei fann biletet på Flickr og bad om å få bruka det. Seinare fekk eg kalenderen i posten saman med eit hyggeleg takkebrev frå ei Carina som fortel at ho arbeider for Magdala Center Project. Altså eit lite økumenisk bidrag som til og med har ei lenke til eit bibelarkeologisk prosjekt!

Tilbake til biletet. Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om området ved Getsemanegrotta (til venstre på biletet, ovanfor vegen som går på tvers), Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Les me bibelforteljingane nøye, ser me at Jesus og disiplane truleg relativt ofte var samla i Getsemane. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Kanskje dette var ein slik stad?

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja.  Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

(Oppdatering: Sjå også notatet Gamle oliventre i Getsemane frå 2012).

Tradisjonen knyter Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden?

Relaterte notat:


Alle Nasjonars kyrkje

18/02/2005

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Ein gong eg kom til kyrkja, opplevde eg å vera der ein stund heilt åleine. Eg syns det var flott. Eg knelte ned framfor den flate klippa. Og eg studerte dei store mosaikk-bileta over altaret. Det er tre store bilete som viser til forteljingar knytt til denne staden: Det første biletet viser Judas som forråder Jesus, det andre viser Jesus i bønekampen og det tredje viser Jesus som seier «Eg er».

Men plusteleg var det slutt på freden og roen! Inn velta det ei gruppe amerikanske turistar som stort sett var opptatt av å ta masse bilete med blitz, trass i at det står oppslag om ikkje å gjera det. Deretter song dei eit halleluja-vers og hasta så vidare til ein ny stad. Mon tru om dei opplevde noko heilagt med denne staden? Eller var det bare var ein severdighet for dei? Det skal òg nemnast at det kom enda ei gruppe turistar mens eg var i kyrkja. Dei hadde heldigvis litt meir ro over seg.

Mange som kjem til Getsemane, er mest opptatte av hagen utanfor kyrkja. Her står det nokre eldgamle oliventre. Mange guidar vil nok hevda at desse er så gamle at dei var vitne til Jesu bønekamp her i Getsemane. Det syns eg ikkje er logisk. Om dei verkeleg skulle vera frå det første hundreåret (og slike tre kan visst bli så gamle!), må dei ha vakse opp etter år 70, då romerske soldatar hogg ned og brann opp alt brennbart under beleiringa av Jerusalem.

(Oppdatering: Sjå notatet Gamle oliventre i Getsemane frå 2012)

Likevel, sjølv om eg er skeptisk når nokon prøver å fortelja meg at desse trea stod der då Jesus levde, så gjer desse gamle trea inntrykk! Dei er spesielle, og Getsemane er ein spesiell plass. Staden er sterkt knytt til Jesu siste påske. Her kjem tekstane om koss Jesus kjempa i bøn like før han gjekk inn i lidinga og døden, svært nær.

Det må òg seiast at hagen ikkje er stor, og dessverre er det visst nødvendig å gjerda den inne. Me som besøkjer staden, får altså ikkje lov til å gå inn mellom trea. Vel, vel. Eg innser at viss alle turistar som ville, kunne brekka av ei grein for å ta den med heim, ville desse trea si lange historie få ein brå slutt!


%d bloggarar likar dette: