Pilegrim i Jorsalaborg III

Eg er i gang med ein serie bloggnotat om den norrøne abbeden Nikolas som reiste som pilegrim til Jerusalem på 1150-talet (sjå del I og del II). Her kjem eit nytt notat i serien.

Nikolas kom til Jerusalem midt i korsfarartida. Byen var styrt av korsfararane i 88 år, i perioden 1099-1187. Korsfararane er først og fremst huska for si råe framferd i kampen for å sikra Den heilage landet eit kristent styre. Det paradoksale sett med vår tids auge, er at korsfararane fór fram på alt anna enn kristeleg vis for å nå sine mål.

Det som er mindre kjent, er at korsfararane også var aktive med store byggeprosjekt. Jerusalem hadde vore muslimsk i over 450 år då korsfararane inntok byen. Nå ville dei at den tidlegare muslimske byen skulle oppgraderast til eit sentrum for den kristne verda. Slik gjekk det ikkje, men fleire av bygga frå korsfarartida er framleis med og pregar Gamlebyen i Jerusalem.

Det var nok imponerande for den norrøne abbeden å koma til byen midt i denne tidsepoken. Det viktigaste pilegrimsmålet var Golgata og Jesu grav, som pilegrimen kunne finna inne i Gravkyrkja. Då Nikolas kom til Jerusalem, var denne gamle kyrkja nyleg gjenopna og gjenvigsla i 1149. Korsfararane hadde markert sine første 50 år i byen med ei omfattande utviding av Gravkyrkja.

Det norrøne namnet på kyrkja var Pulkrokyrkja – jfr dagens engelske namn: The Church of the Holy Sepulchre.

Abbed Nikolas skreiv slik om kyrkja:

Der er kyrkja med Herrens grav og staden der Kristi kross stod. Der kan ein klårt sjå Kristi blod på steinen, som om det nyleg hadde blødd, og slik vil det vera til dommedag. Der får folk lys ned frå himmelen påskeaftan. Ho er kalla Pulkrokyrkja og er open ovanom grava.

Eg merker meg tre ting i omtalen av Gravkyrkja. For det første den nærast naivistiske trua på korleis Jesu blod framleis var tydeleg til stades på Golgata. For det andre omtalen av den heilage elden, ein spesiell tradisjon med lystenning som framleis er levande kvart år på påskeaftan. Eg har sjølv opplevd denne lystenningstradisjonen, i påsken 2001 (her).

Det tredje eg merkar meg, er vanskelegare å forstå. Det er kjent at den første Gravkyrkja, bygd på 300-talet, var open over grava. Men eg har tidlegare oppfatta det slik at også denne delen av kyrkja var komen under tak i korsfarartida. Dette vil eg finna ut meir om!

I dag er det ein stor kuppel over sjølve gravstaden.

2 svar til Pilegrim i Jorsalaborg III

  1. […] Pilegrim i Jorsalaborg III « Arne Berge seier: 05/12/2010 ved 11:34 […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: