Pilegrim i Jorsalaborg II

Kva tankar hadde ein norrøn pilegrim som var på veg mot Jerusalem? Eg skriv nå vidare på serien (sjå del I) om abbed Nikolas Bergssons reise til “Jorsalaborg” på 1150-talet og går inn i abbedens tekst i det han nærmar seg Jerusalem:

Så går det oppover til Jorsalaborg, som er den gildaste av alle byar i heile verda. Om den vert det sunge overalt i heile den kristne verda, for der kan ein enno sjå stormerkelege ting etter Kristi pinsle.

Det er kjent for alle som har vore i området, at Jerusalem ligg oppe i fjella, ca 800 m.o.h. Det er derfor heilt korrekt når Nikolas skriv at det går oppover når han nærmar seg byen.

Eg merkar meg at motivasjonen hans ligg i at han skal få sjå ting knytt til Jesu lidingshistorie. Hovudmålet var nok den nyrestaurerte Gravkyrkja (gjenvigsla i 1149 etter korsfararane si ombygging og utviding). Denne kyrkja kjem eg tilbake til i neste del av serien.

Det mest interessante i dette avsnittet, er likevel det abbeden skriv om koss han ser på Jerusalem.  Byen er “den gildaste av alle byar i heile verda”. Dette er eit godt uttrykk for den posisjonen byen hadde fått i høgmellomalderen i Europa, i alle høve i kyrkjeleg samanheng. Han skriv at det blir sunge om byen “overalt i heile den kristne verda”.

Det stemmer at byen Jerusalem har ein spesiell plass i den kristne salmetradisjonen, både i bokstavleg og ikkje minst i overført tyding. Slik er det også i vår tid. Og dette gjeld ulike kristne tradisjonar i ulike delar av verda. Bakgrunnen er den posisjonen byen har i Bibelen.

Salmen Se, vi går opp til Jerusalem er eit kjent eksempel frå Den norske kyrkja i dag. Salmediktaren Eyvind Skeie omsette den frå svensk i 1980. Salmen blir særleg brukt i fastetida, dei siste vekene før påske. Det siste verset er slik:

Se, vi går opp til Jerusalem,
til byen med glans og ære,
for Frelseren sa oss at der han er,
skal vi ved hans nåde få være.

(Norsk Salmebok nr 128, vers 4)

Salmen gir meining å synga, sjølv om ein ikkje fysisk er på veg til Jerusalem. Den handlar om å nærma seg “Frelserens kors og pine” (vers 3) som tema for fastetid og påskefeiring, meir enn å nærma seg byen i geografisk forstand. Likevel har eg fleire gonger opplevd det meiningsfullt å synga salmen når eg er på stadane “der det skjedde”.

Hadde salmen vore skriven på 1100-talet, hadde kanskje abbed Nikolas nynna på den mens han sleit seg opp bakkane mot Jerusalem?

Sjå del 3.

2 svar til Pilegrim i Jorsalaborg II

  1. […] den norrøne abbeden Nikolas som reiste som pilegrim til Jerusalem på 1150-talet (sjå del I og del II). Her kjem eit nytt notat i […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: