Bibelhistorier: Getsemane

10/04/2017
Getsemane og Oljeberget

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane er eit kjent stadnamn i den bibelske geografien. Bildet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda.

Bibelhistoria om Jesu bønekamp i Getsemane er spesielt knytt til skjærtorsdag:

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. (Matt 26,36-45)

Dei fleste som besøker Getsemane i vår tid, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei bysantinsk kyrkje frå 300-talet og ei korsfararkyrkje frå 1100-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Dei åtte gamle trea i hagen utanfor kyrkja gjer sterkt inntrykk på mange, for dei minner så konkret om denne bibelhistoria. Forskarar har funne ut at trea er frå 1100-talet, då korsfararane bygde si store kyrkje, sjå det tidlegare notatet Gamle oliventre i Getsemane.

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Tradisjonen knyter også Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. Bibelhistoria fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei (i grotta?) fordi dei var vane med å sova på denne staden? Kanskje var det her ved grotta Judas sveik Jesus?

Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om heile området ved Getsemanegrotta, Alle Nasjonars kyrkje og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Skissa nedanfor plasserer grotta, hagen (orto del Getsemani) og Alle Nasjonars kyrkje (basilika moderna) i forhold til kvarandre. Heilt til venstre ligg den underjordiske ortodokse Mariakyrkja (tomba della Vergine), som eg ikkje har omtalt i dette notatet.

By Deror Avi (Own work) [GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)%5D, via Wikimedia Commons

Advertisements

Skjærtorsdag og langfredag

28/03/2013

Skjærtorsdag og langfredag er viktige dagar i påsken, den grunnleggjande kristne høgtida. Me minnest Jesu liding og død. Kvar dag i påsken har sitt preg og sitt bodskap til oss. Veka frå palmesøndag til påskedag heiter Den stille veka. Festen og gleda over Jesu oppstode begynner først påskenatta, natta frå laurdag til søndag (påskedag).

For meg er det viktig å delta i gudstenestelivet i kyrkja desse dagane, anten eg er i teneste som prest sjølve eller eg er der som deltakar i gudstenestene. Salmane, bibeltekstane og heilskapen har ein sterk og god bodskap til oss. Her får me verkeleg leva med i påskedramaet og opplever til fulle at kvar dag har sitt spesielle preg.

Skjærtorsdag markerer me til minne om at Jesus innstifta nattverden då han spiste påskemåltidet saman med disiplane. Dette er min kropp. Dette er mitt blod. Han innleia måltidet med å vaska disiplane sine føter. Han ville visa at han, Guds Son, var ein tenar. og han ville utfordra alle som følgjer han, til å vera tenarar for kvarandre. Etter påskemåltidet gjekk Jesus og disiplane ut i den seine kvelden til Getsemane. Der bad Jesus i fortviling og redsel, og der blei han arrestert.

Les tidlegare bloggnotat: Getsemane og Oljeberget, Påskemåltid med djupe røter.

Langfredag markerer me til minne om at Jesus blei dømt til døden, og blei korsfesta på Golgata. Han gjekk Via Dolorosa, smertevegen, frå han blei dømt til staden der han døydde.

Les tidlegare bloggnotat: Langfredag, Jesu bønerop på korset, Detaljar i Jesu lidingshistorie.


%d bloggarar likar dette: