Jesu grav

Jesus blei korsfesta på Golgata og lagt i ei grav i ein hage like ved. Der skjedde dei grunnleggjande handlingane som heile den kristne trua byggjer på. Er det muleg å vita nøyaktig kor dette skjedde? Koss ser det ut på denne staden idag? (Les meir)

Det er påskeaftan i dag. NT fortel om Jesu grav (og om gravlegginga). Her er tekstane frå Matteus- og Johannes-evangeliet:

Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu disippel. Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han. Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava. (Matt 27,57-61)

Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av disiplane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen. Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloë, omkring hundre pund. Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane. På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i. Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hos jødane og grava låg så nær. (Joh 19,38-42)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: