Barluzzi-kunst i Gravkyrkja

Arkitekten Antonio Barluzzi laga flott mosaikk-kunst i det latinske kapellet på Golgata i Gravkyrkja då han restaurerte dette kapellet på 1930-talet. Motiva er knytt til at Jesus blir festa til korset. Han viser også til gamaltestamentleg bakgrunnsstoff for dette. Utgangspunktet hans er ein liten medaljong med mosaikk bevart frå korsfarartida.

Barluzzi er kjent som Det heilage landets arkitekt. Han bygde kyrkjer som mange set pris på, f eks Englekapellet på Hyrdemarkene i Beit Sahour utanfor Betlehem, Dominus Flevit på Oljeberget og kyrkja på til minne om saligprisningane i Galilea. For meg var det ukjent at han også hadde arbeidd i Gravkyrkja i Jerusalem.

Nå har den israelske guiden Shira Elazary skrive eit bloggnotat med ein presentasjon av denne mosaikken til Barluzzi: Calvary Hill Mosaics. Neste gong eg kjem til Gravkyrkja, vil eg studera dette kapellet grundigare enn eg har gjort før. Takk for interessant bakgrunnsstoff, Shira!

Golgataklippa er bygd inn i bygningsstrukturen i Gravkyrkja. Over Golgata er det bygd ei plattform som ligg 4,5 meter over golvet i kyrkja. Denne plattforma er delt i to; eit latinsk (dvs romersk-katolsk) kapell og eit gresk-ortodokst kapell. Kapellet med Barluzzi-mosaikken markerer 11. stasjon på Via Dolorosa. Men for den som ikkje grundig følgjer heile Via Dolorosa, er det dessverre lett å oversjå dette kapellet på veg til staden for Jesu korsfesting, som blir markert i det gresk-ortodokse kapellet.

Jesus – som ei høne!

Notat til søndagens tekst: Matt 23,37-39

Jerusalem, Jerusalem. Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. Desse orda frå Jesus er ein del av preiketeksten denne søndagen. Når eg les dette, tenkjer eg på denne mosaikken frå altaret i kyrkja Dominus Flevit på Oljeberget i Jerusalem.

Frå Dominus Flevit, Oljeberget. Foto: Arne Berge 2012
Frå Dominus Flevit, Oljeberget. Foto: Arne Berge 2012

Jesus samanliknar seg her med ei høne. Han tenkjer på den omsorga ei høne har for kyllingane sine. Dermed har kunstnaren laga dette bildet av ei høne med glorie! Den latinske teksten i mosaikken er nettopp Jesu ord i Matt 23,37. I det latinske nytestamentet mitt står teksten slik:

Ierusalem, Ierusalem (…) quotiens volui congregare filios tuos, quemadmodum gallina congregat pullos suos sub alas, et noluistis!

Eg merkar meg at teksten som kunstnaren har brukt, har eit spørjeteikn til slutt!

Teksten er i følgje Matteusevangeliet ein del av Jesu undervisning på tempelplassen i dagane før påske. Dette er altså etter inntoget i Jerusalem og før korsfestinga. Men innhaldsmessig er det veldig naturleg å ta fram desse orda i kyrkja på Oljeberget. Denne kyrkja er knytt til Jesu gråt over Jerusalem i Luk 19,41-44. På norsk blir kyrkja kalla Tårekyrkja eller Herren gret. Frå kyrkja er det flott utsyn over tempelplassen.