Jesu bønerop på korset

Eg tenkjer meg at Jesus bad Salme 22 på korset, eventuelt at han bad med enkelte ord (på arameisk) som sidan har blitt knytt til denne salmen.

Alle dei fire evangelistane siterer Jesu bønerop og utsegner på korset. Men innhaldet er ulikt. I den kristne tradisjonen har det vakse fram ei harmonisering som gjerne blir kalla Jesu sju ord på korset (sjå her)

Eg har lese Raymond E. Brown si bok  The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. Han er opptatt av å skilja mellom tolkinga av orda slik dei bevisst er nytta av evangelistane og det me kan seia om kva Jesus ropte/sa på korset.

Jesu ord på korset er altså sterkt knytt til Salme 22. Det har vore drøfta om han bad heile denne salmen mens han hang på korset. Brown viser at det er mogleg å knyta alle dei fire evangelistane sine gjengjevingar av kva Jesus ropte og/eller sa, til denne salmen.

I Markus- og Matteusevangeliet roper Jesus eit fortvila ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?” Begge evangelia gjengjev Jesu ord (i litt ulik form) på arameisk, hans talemål. Dette er innleiingsorda til Salme 22. Markus og Matteus lar Jesus gjennom lidingshistoria bli forlaten av Gud. Han når, ved døden på korset, botnen av den menneskelege eksistensen. I Getsemane, ved innleiinga av lidingshistoria, bad han tillitsfullt til Gud som Far. No bed han med meir allmennmenneskeleg form til ”min Gud”. Me kan likevel merka oss at også denne bøna har tillit som føresetnad. Men sjølv om Salme 22 endar i siger, med orda om at Gud har “vist si rettferd”, lar ikkje evangelistane denne samanhengen bli synleg før etter Jesu død.

I Lukasevangeliet ropar Jesus med urokkeleg tillit: ”Far, i dine hender gjev eg mi ånd”. Dette er også ord henta frå Salmane, no frå Sal 31,6. Brown tenkjer seg at dette kan vera eit utslag av lukansk redigering. Både Sal 22 og 31 har utfriing frå fiendar som tema. Lukas har såleis kanskje ved redigeringa valt å nytta ein annan, men tilsvarande, salme som utgangspunkt, og så lagt eit vers prega av tillit i munnen på Jesus? Hos Lukas er Jesus gjennom heile livet prega av eit tillitsfullt forhold til Gud som Far; alt som 12-åring uttalte han seg om behovet for å vera ”i huset åt Far min” (2,49). I lidingshistoria møter me dette forholdet først i Getsemane (22,42), vidare i bøna hans i det han blir korsfesta (23,34) og så til sist i det han døyr med ønsket om å få vera i Fars hender.

I Johannesevangeliet møter me Jesus som han som meistrar situasjonen. Han har kome med eit oppdrag frå Gud, og på korset ”visste han at alt var fullført” (19,28+30). For at Skrifta skulle oppfyllast, sa han ”Eg er tørst”. Kanskje er det også her trådar tilbake til Sal 22; ”Munnen er tørr som eit potteskar, tunga er klistra til ganen” (Sal 22,16). Hans ord ”Det er fullført” referer både til den oppgåva Gud hadde gjeve han, og til oppfyllinga av Skrifta.

Her er det mest aktuelle avsnittet:

Salme 22

  2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
Kvifor er du så langt borte
når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?

3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
eg ropar om natta og finn ikkje ro.

4 Men du er Den heilage,
som tronar over Israels lovsong.

5 Til deg sette fedrane si lit,
dei leit på deg, og du fria dei ut.

6 Dei ropa til deg og vart berga,
dei leit på deg og vart ikkje til skamme.

7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
spotta av menneske, forakta av folk.

8 Alle som ser meg, håner meg,
vrengjer leppene og rister på hovudet:

9 «Han har gjeve seg over til Herren,
lat han fria han ut og berga han,
han har då glede i han!»

10 Du drog meg fram frå mors liv,
du gjorde meg trygg ved hennar bryst.

11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
frå mors liv er du min Gud.

12 Ver ikkje langt borte frå meg,
for trengsla er nær,
og det finst ingen som hjelper.

13 Store oksar samlar seg om meg,
stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.

14 Dei spilar opp gapet mot meg
lik ei løve som brøler og riv sund.

15 Eg renn bort som vatn,
alle mine bein har losna.
Hjartet er som voks, det smeltar inni meg.

16 Munnen er tørr som eit potteskar,
tunga er klistra til ganen.
Du legg meg ned i dødens støv.

17 Hundar samlar seg om meg,
ein flokk av valdsmenn kringset meg.
Dei gjennomborar mine hender og føter.

18 Kvart bein i kroppen kan eg telja.
Dei stirer, dei ser på meg.

19 Dei deler kleda mine mellom seg
og kastar lodd om kappa.

Èitt svar til Jesu bønerop på korset

  1. […] tidlegare bloggnotat: Langfredag, Jesu bønerop på korset, Detaljar i Jesu […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: