Pilegrim i Jorsalaborg I

Jerusalem har ei spesiell tiltrekningskraft. Det er mange menneske som reiser dit, anten som pilegrimar eller som turistar. Dei første kristne pilegrimane som me kjenner til, kom til Jerusalem på 300-talet. Sidan har det vore pilegrimstrafikk til byen, sjølv om omfanget av denne trafikken har variert.

Dei første norske pilegrimane kom rundt år 1100, i korsfarartida. Historia om korsfararane er ei trist historie; ut frå vår tids vurderingar gjorde korsfararane mykje uklokt og ukristeleg. Eg vil likevel hevda at det er med dette som med så mykje anna, – me skal vera forsiktige med å døma menneska i ei anna tid med vår tids målestokk.

Korsfararane opna utan tvil “det heilage landet” for pilegrimsreiser frå Europa. Og det var ein del pilegrimar som reiste. I bokhylla mi har eg eit lite hefte med ei norrøn reiseskildring frå ca 1150, skrive av abbed Nikolas Bergsson. Abbeden drog som pilegrim frå Island via Norge til Roma og Jerusalem. Etterpå skreiv han om kva han hadde opplevd.

Reiseskildringa hans er omsett til norsk og har fått tittelen Til Romaborg og Jorsal. Abbed Nikolas skreiv om heile turen, og mest detaljert om Roma. Men han skreiv også om opphaldet i “Jorsalaborg”, det vil seia Jerusalem. Den norrøne teksten er omsett av Jan Ragnar Hagland som også har skrive ei interessant innleiing til teksten.

Eg kom over heftet då eg var i Nidarosdomen i sommar (her) og eg kjøpte det sjølvsagt. Eg ville finna ut kva ein norrøn kristen fekk med seg av pilegrimsmål i Jerusalem på 1100-talet. Dette vil eg nå skriva litt om her på bloggen, i ein liten serie om abbeden sitt opphald i Jerusalem.

Sjå del 2, del 3.

3 svar til Pilegrim i Jorsalaborg I

  1. Wenche seier:

    Det gler eg meg til!

  2. […] hadde ein norrøn pilegrim som var på veg mot Jerusalem? Eg skriv nå vidare på serien (sjå del I) om abbed Nikolas Bergssons reise til “Jorsalaborg” på 1150-talet og går inn i […]

  3. […] om den norrøne abbeden Nikolas som reiste som pilegrim til Jerusalem på 1150-talet (sjå del I og del II). Her kjem eit nytt notat i […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: