Påske i byen der det skjedde. Reisebrev IV frå Jerusalem 2001

Det er framleis mørkt påskemorgon kl 05.30. Me samlar oss stille i ein austvendt hage oppe på Oljeberget. Det er eit altar der, og me er samla for å feira Jesu oppstode i det sola står opp. Det er påske i Jerusalem. For meg har dette vore nokre fortetta dagar, fulle av gudstenester og prosesjonar i gatene. Dei mange kyrkjene her legg stor vekt på påskefeiringa, og for den som er interessert, er det mykje flott å få med seg. Dagane har vore så innhaldsrike at eg bare kan skildra nokre høgdepunkt her.

Fotvasking har ikkje stor plass i kyrkjelivet heime i Noreg. Her i Jerusalem har mest alle kyrkjene si gudsteneste med fotvasking i løpet av skjærtorsdag. Bakgrunnen er at Jesus vaska disiplane sine føter i samband med innstiftinga av nattverden. Han ville med dette vera eit førebilete for oss. ”Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre”, sa han ein annan gong.

Eg begynte dagen med gresk-ortodoks fotvasking ute i det opne rommet framfor Gravkyrkja. Gudstenesta hadde ein omfattande liturgi. Det var patriarken som stod for fotvaskinga: Han tok av seg krona og kappa, knytte eit handklede rundt livet, og gjekk rundt med eit fat og vaska 12 prestar sine føter. Den lutherske varianten av gudsteneste med fotvasking fekk eg dessverre ikkje med meg; der fekk alle som var tilstades vaska føtene sine, og dei vaska også sjølve andre sine føter. Dramaturgisk nådde kanskje ikkje dette det same nivå som den ortodokse fotvaskinga, men eg vil tru handlinga gjorde vel så stort inntrykk.

Skjærtorsdag kveld deltok eg på song-gudsteneste i den katolske kyrkja i Getsemane. Det er framleis ein hage med oliventre her, og i skråninga oppover Oljeberget er det bygd fleire kyrkjer. Det var her Jesus kjempa sin bønekamp, og det var her han blei arrestert etter å ha blitt forrådt av Judas. Det kjendest naturleg å søkja til denne staden, akkurat denne kvelden.

Langfredag gjekk eg korsvandring langs Via Dolorosa. Den tronge gata som snor seg fram mot Gravkyrkja, var full av folk. Det blei lese tekstar og bede bøner på 14 stasjonar undervegs. Trengselen var så stor at eg mista kontakten med dei som las, og ved den femte stasjonen valde eg heller å gå inn i det litle kapellet og ha ein stille stund, i staden for å prøva å fylgja med på programmet. Kanskje var det forresten like stor trengsel i gatene i Jerusalem då Jesus gjekk si lidings veg mot Golgata?

Litt seinare såg eg ei gruppe som tok seg fram i mylderet på ein oppsiktsvekkjande måte; ein halvnaken mann med tornekrone, kors og masse ”blod” pressa seg fram. Det var også to menn utkledt som romerske soldatar. Dei dramatiserte lidingshistoria med rop og skrik. Og naturleg nok: då dei internasjonale fjernsynskanalane skulle senda eit innslag frå langfredag i Jerusalem, var det dette dei sende. Det må action til, skal ein få merksemd.

Langfredag ettermiddag deltok eg på gudsteneste i den gresk-katolske kyrkjelyden. Kyrkja var fullsett av barn, unge og vaksne i festklede. Det lokale kyrkjekoret leia songen. Nokre barn og unge hadde oppgåver i gudstenesta. Symbolspråket var sterkt og forståeleg, og det betydde ikkje så mykje at eg ikkje forstod det arabiske språket deira. Eg forstod dei felleskristne greske orda Kyrie eleison og Amen. Og eg forstod at bodskapen om Jesu død var viktig for dei. Det blei eit sterkt møte med ein levande og syngjande kyrkjelyd, fjernt frå TV-kamera og småpratande turistar.

Påskeaftan er det ei spesiell lystennings-seremoni i Gravkyrkja. Den markerer overgangen frå mørker til lys, frå død til liv. Aldri er trengselen i Gravkyrkja større enn då. Eg tenkte optimistisk at dette skulle eg få med meg. Eg hadde bare ikkje sett for meg kor mange andre som hadde tenkt det same! Vel innanfor Gamlebyen sine murar, møtte eg denne gongen ikkje bare trengsel, men også stengsel. Israelsk politi stengte av heile området rundt kyrkja; dei vurderte det uforsvarleg å ha fleire menneske inn i denne delen av byen. Eg var nære ved å gje opp, men fann ut at eg fekk prøva å nærma meg kyrkja frå dei rolege bakgatene i det kristne kvarteret, der turismen ikkje er så påfallande. Og der såg eg mange menneske med stearinlys i handa, dei forsvann inn ei døropning i det gresk-ortodokse patriarkatet. Eg fylgde straumen, og kom etter kvart fram til ein stor terrasse på taket av Gravkyrkja! Der gjekk folk forventningsfulle rundt med lysa sine, og venta på at elden skulle koma opp frå seremonien nede i kyrkja. Og då dei mektige klokkene begynte å kima like ved, og det kom eld opp til takterrassen, var jubelen stor. Ungdomar dansa med lys og tamburinar. Det var fest og glede, og klokkene ringte påsken inn i ein heil time. Etter ein stund såg eg nokre som gjekk opp ein trapp og inn ei dør langt oppe på den store kuppelen. Eg fylgde naturleg nok etter, inn på eit smalt galleri, høgast oppe i kuppelen over Jesu grav. Det blei ei flott påskeoppleving for meg. Eg såg ned på eit teppe av røykjelse og lys, og høyrde jubelsong frå folket som var samla rundt grava.

Det blei ikkje så mange timar søvn på meg natt til fyrste påskedag. Om kvelden var det etiopisk-ortodoks feiring med faklar, trommer og dans på ein annan del av taket på Gravkyrkja, og deretter stille vandring i dei ulike kapella inne i kyrkja. Og om morgonen var det altså soloppgangs-gudsteneste med den lutherske kyrkjelyden i hagen oppe på Oljeberget. Der delte me den mektige påskebodskapen. Og me delte brød og vin. Me feira på vår måte at Jesus lever i dag.

I 2001 budde eg åtte veker i Jerusalem. I denne tida skreiv eg ein serie med reisebrev til lokalavisa Jærbladet heime på Bryne:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: