Alle Nasjonars kyrkje

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Ein gong eg kom til kyrkja, opplevde eg å vera der ein stund heilt åleine. Eg syns det var flott. Eg knelte ned framfor den flate klippa. Og eg studerte dei store mosaikk-bileta over altaret. Det er tre store bilete som viser til forteljingar knytt til denne staden: Det første biletet viser Judas som forråder Jesus, det andre viser Jesus i bønekampen og det tredje viser Jesus som seier “Eg er”.

Men plusteleg var det slutt på freden og roen! Inn velta det ei gruppe amerikanske turistar som stort sett var opptatt av å ta masse bilete med blitz, trass i at det står oppslag om ikkje å gjera det. Deretter song dei eit halleluja-vers og hasta så vidare til ein ny stad. Mon tru om dei opplevde noko heilagt med denne staden? Eller var det bare var ein severdighet for dei? Det skal òg nemnast at det kom enda ei gruppe turistar mens eg var i kyrkja. Dei hadde heldigvis litt meir ro over seg.

Mange som kjem til Getsemane, er mest opptatte av hagen utanfor kyrkja. Her står det nokre eldgamle oliventre. Mange guidar vil nok hevda at desse er så gamle at dei var vitne til Jesu bønekamp her i Getsemane. Det syns eg ikkje er logisk. Om dei verkeleg skulle vera frå det første hundreåret (og slike tre kan visst bli så gamle!), må dei ha vakse opp etter år 70, då romerske soldatar hogg ned og brann opp alt brennbart under beleiringa av Jerusalem.

(Oppdatering: Sjå notatet Gamle oliventre i Getsemane frå 2012)

Likevel, sjølv om eg er skeptisk når nokon prøver å fortelja meg at desse trea stod der då Jesus levde, så gjer desse gamle trea inntrykk! Dei er spesielle, og Getsemane er ein spesiell plass. Staden er sterkt knytt til Jesu siste påske. Her kjem tekstane om koss Jesus kjempa i bøn like før han gjekk inn i lidinga og døden, svært nær.

Det må òg seiast at hagen ikkje er stor, og dessverre er det visst nødvendig å gjerda den inne. Me som besøkjer staden, får altså ikkje lov til å gå inn mellom trea. Vel, vel. Eg innser at viss alle turistar som ville, kunne brekka av ei grein for å ta den med heim, ville desse trea si lange historie få ein brå slutt!

Èitt svar til Alle Nasjonars kyrkje

  1. Harald seier:

    “..må dei ha vakse opp etter år 70, då romerske soldatar hogg ned og brann opp alt brennbart under beleiringa av Jerusalem..”

    Kult, dette visste eg ikkje!

    Eg syns det e kjekt å lesa bloggen din av mange grunner, Arne, men det at eg lære noko e ein skikkelig bonus!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: