Getsemane

oljebergetGetsemane er eit kjent stadnamn frå Bibelen, knytt til Jesu lidingshistorie.

Biletet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om området ved Getsemanegrotta (til venstre på biletet, ovanfor vegen som går på tvers), Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Les me bibelforteljingane nøye, ser me at Jesus og disiplane truleg relativt ofte var samla i Getsemane. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Kanskje dette var ein slik stad? (Les meir)

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja.  Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp. (Les meir)

Tradisjonen knyter Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden? (Les meir)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: