Bibelhistorier: Getsemane

10/04/2017
Getsemane og Oljeberget

Getsemane og Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Getsemane er eit kjent stadnamn i den bibelske geografien. Bildet viser Oljeberget som ligg aust for Gamlebyen i Jerusalem. Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda.

Bibelhistoria om Jesu bønekamp i Getsemane er spesielt knytt til skjærtorsdag:

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. (Matt 26,36-45)

Dei fleste som besøker Getsemane i vår tid, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje (den store kyrkja med mosaikk i gavlen) og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei bysantinsk kyrkje frå 300-talet og ei korsfararkyrkje frå 1100-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Dei åtte gamle trea i hagen utanfor kyrkja gjer sterkt inntrykk på mange, for dei minner så konkret om denne bibelhistoria. Forskarar har funne ut at trea er frå 1100-talet, då korsfararane bygde si store kyrkje, sjå det tidlegare notatet Gamle oliventre i Getsemane.

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Getsemane. Foto: Arne Berge 2006

Tradisjonen knyter også Getsemanegrotta til Jesus og disiplane, og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. Bibelhistoria fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei (i grotta?) fordi dei var vane med å sova på denne staden? Kanskje var det her ved grotta Judas sveik Jesus?

Det er umogleg å vita kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. Namnet blir i dag brukt om heile området ved Getsemanegrotta, Alle Nasjonars kyrkje og den russiske kyrkja med gullkuplar lenger oppe i bakken.

Skissa nedanfor plasserer grotta, hagen (orto del Getsemani) og Alle Nasjonars kyrkje (basilika moderna) i forhold til kvarandre. Heilt til venstre ligg den underjordiske ortodokse Mariakyrkja (tomba della Vergine), som eg ikkje har omtalt i dette notatet.

By Deror Avi (Own work) [GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)%5D, via Wikimedia Commons


Påskeforteljinga i Jerusalem i dag

08/04/2017

Filmen The Week that changed the World gir ein god gjennomgang av Jesu siste påske i Jerusalem. Samtidig gir den eit inntrykk av dei aktuelle delane av Jerusalem i dag. Foreløpig er første del (ca 15 min) av Wayne Stiles´film lagt ut på nettet. Resten kjem seinare i påsken. Eg vil følgja med, for dette likte eg å sjå!

Her er filmen: The Week that changed the World.

Oppdatering skjærtorsdag: Eg har nå sett dei tre delane av filmen. Han har lagt mykje arbeid i dette prosjektet. Eg syns likevel det er uheldig at den siste delen av filmen går rett over i sal av abonnement på serien Walking the Bible Lands. PS: Denne påsken er det gratis å sjå påskefilmen!

Filmen har også med små drypp med kristen forkynning mellom forteljingane og skildringane av byen. Slik er Wayne Stiles´eigen omtale av dei tre episodane:

In Episode 1, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Palm Sunday, when Jesus entered Jerusalem on the foal of a donkey, to Monday—when Christ cleansed the temple—through Tuesday, when Jesus left the temple for the final time and made an ominous prediction of Israel’s future. Our challenge: How do we live a life of authenticity with God?

In Episode 2, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Wednesday through Friday. In addition to seeing some archaeological finds related to Jesus, we’ll experience the Upper Room, the Garden of Gethsemane, Jesus’ arrest, trials, crucifixion, and burial.Our challenge: How do we keep going when we have blown it with God?

In Episode 3, our journey through the Passion Week explores the events that occurred from Saturday, where the disciples thought all was lost, to Easter Sunday where the resurrection changed the world. We even journey back north to Galilee where the resurrected Jesus gave hope to those who need a second chance—including us. Our challenge: How do we start over with God?

(via BiblePlaces Blog)


Oversikt over Jesu lidingshistorie

04/04/2012

Nå i den stille veka er det tid for å lesa Jesu lidingshistorie, som er detaljert skildra i Det nye testamentet. Historia kan delast inn på denne måten:

  1. Jesus bed og blir arrestert i Getsemane på Oljeberget
  2. Jesus overfor dei jødiske leiarane
  3. Jesus overfor Pilatus, den romerske guvernøren
  4. Jesus blir korsfesta og døyr på Golgata, og blir gravlagt i nærleiken

Men under kvar av desse fire overskriftene, skjular det seg ei forteljing med mange detaljar. Full oversikt over lidingshistoria kan du få i notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie. Og sjølve teksten, – den finn du altså i NT.


Jesu lidingshistorie

02/04/2010

I dag på langfredag vil eg gjerne minna om at alle dei fire evangelistane skriv grundig og detaljert om Jesu liding og død i Jerusalem. Dei skriv med ulike briller og legg vekta på litt ulike stadar, og nettopp dette er med og gjer NT truverdig og ekstra interessant.

Det tidlegare notatet Detaljar i Jesu lidingshistorie gir oversikt over dette viktige materialet frå dei fire evangelistane.


Detaljar i Jesu lidingshistorie

12/04/2006

Raymond E. Brown har sett opp ei detaljert inndeling av Jesu lidingshistorie i boka The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. Inndelinga gir ei god oversikt over dei enkelte delane av lidingshistoria, og kan vera nyttig for andre som ønskjer å setja seg inn i denne viktige delen av Det nye testamentet.

Raymond E. Brown deler lidingshistoria opp i fire akter som igjen blir delt i ulike scener og vidare i små avsnitt. For alle avsnitta blir det vist til dei aktuelle tekstane i dei fire evangelia Matteus, Markus, Lukas og Johannes.

AKT I: JESUS BED OG BLIR ARRESTERT I GETSEMANE PÅ OLJEBERGET OVER KEDRON

Scene 1: Jesus går til staden og bed der. Mark 14,26-42 / Matt 26,30-46 / Luk 22,39-46 / Joh 18,1

Overgangsavsnitt: Jesus går med disiplane til Oljeberget. Mark 14,26-31 / Matt 26,30-35 / Luk 22,39 /Joh 18,1a

Bøna i Getsemane, del 1: Inngang og førebuing. Mark 14,32-34 / Matt 26,36-38 / Luk 22,40 / Joh 18,1b

Bøna i Getsemane, del 2: Jesus bed til Faderen. Mark 14,35-36 / Matt 26,39 / Luk 22,41-42

Bøna i Getsemane, del 3: Den styrkande engelen. Luk 22,43-44

Bøna i Getsemane, del 4: Jesus kjem fyrste gongen tilbake til disiplane sine. Mark 14,37-38 / Matt 26,40-41 / Luk 22,45-46

Bøna i Getsemane, del 5: Jesus kjem andre og tredje gongen tilbake til disiplane sine. Mark 14,39-42 / Matt 26,42-46

Scene 2: Jesus blir arrestert. Mark 14,43-52 / Matt 26,47-56 / Luk 22,47-53 / Joh 18,2-11

Arrestasjonen av Jesus, del 1: Det innleiande møtet. Mark 14,43-46 / Matt 26,47-50 / Luk 22,47-48 / Joh 18,2-8a

Arrestasjonen av Jesus, del 2: Medfølgjande hendingar. Mark 14,47-50 / Matt 26,51-56 / Luk 22,49-53 / Joh 18,8b-11

Arrestasjonen av Jesus, del 3: Ein ung mann flyktar naken bort. Mark 14,51-52

AKT II. JESUS OVERFOR DEI JØDISKE LEIARANE

Scene 1: Rettsleg behandling og utspørjing ved dei jødiske leiarane. Mark 14,53-64 / Matt 26,57-66 / Luk 22,54-55 + 66-71 / Joh 18,12-25

Overgangsavsnitt: Jesus blir ført til dei jødiske leiarane. Utspørjing ved Annas. Mark 14,53-54 / Matt 26,57-58 / Luk 22,54-55 / Joh 18,12-25a

Rådet si behandling, del 1: Leiarane som var samla, vitna og påstanden om at Jesus skulle øydeleggja tempelet. Mark 14,55-59 / Matt 26,59-61 / Luk 22,66

Rådet si behandling, del 2: Spørsmål om Messias, Guds Son. Mark 14,60-61 / Matt 26,62-63 / Luk 22,67-70a

Rådet si behandling, del 3: Jesu svar og utsegn om Menneskesonen. Mark 14,62 / Matt 26,64 / Luk 22,67-70b

Rådet si behandling, del 4: Dei jødiske leiarane sin reaksjon på Jesu svar. Mark 14,63-64 / Matt 26,65-66 / Luk 22,71

Scene 2: Jesus blir spotta og mishandla / Peters fornekting / Judas. Mark 14,65-15,1 / Matt 26,67-27,10 / Luk 22,54b-65 + 23,1 / Joh 18,15-18+22-23+25-28a

Den jødiske mishandling og spott av Jesus. Mark 14,65 / Matt 26,67-68 / Luk 22,63-65 / Joh 18,22-23

Peter sine tre fornektingar av Jesus. Mark 14,66-72 / Matt 26,69-75 / Luk 22,54b-62 / Joh 18,15-18 + 25-27

Avslutning av Rådet si behandling, overføring til Pilatus. Mark 15,1 / Matt 27,1-2 / Luk 23,1 / Joh 18,28a

Judas, overprestane og prisen for det uskuldige blod. Matt 27,3-10

AKT III: JESUS OVERFOR PILATUS, DEN ROMERSKE GUVERNØREN

Mark 15,2-20a / Matt 27,11-31a / Luk 23,2-25 / Joh 18,28b-19,16a

Den romerske rettssaka, del 1: innleiande utspørjing ved Pilatus. Mark 15,2-5 / Matt 27,11-14 / Luk 23,2-5 / Joh 18,28b-38a

Den romerske rettssaka, del 2: Jesus overfor Herodes. Luk 23,6-12

Den romerske rettssaka, del 3: Barabbas. Mark 15,6-11 / Matt 27,15-21 / Luk 23,13-19 / Joh 18,38b-40

Den romerske rettssaka, del 4: Domfelling over Jesus. Mark 15,12-15 / Matt 27,22-26 / Luk 23,20-25 / Joh 19,1 + 4-16a

Den romerske spott og mishandling av Jesus. Mark 15,16-20a / Matt 27,27-31a / Joh 19,2-3

AKT IV: JESUS BLIR KORSFESTA OG DØYR PÅ GOLGATA, OG BLIR GRAVLAGT I NÆRLEIKEN

Scene 1: Jesus blir korsfesta og døyr. Mark 15,20b-41 / Matt 27,31b-56 / Luk 23,26-49 / Joh 19,16b-37

Overgangsavsnitt: Jesus blir ført ut for å bli korsfesta. Mark 15,20b-21 / Matt 27,31b-32 / Luk 23,26-32 / Joh 19,16b-17a

Jesus blir korsfesta, del 1: Situasjonen. Mark 15,22-27 / Matt 27,33-38 / Luk 23,33-34 / Joh 19,17b-24

Jesus blir korsfesta, del 2: Aktivitetar ved korset. Mark 15,29-32 / Matt 27,39-44 / Luk 23,35-43 / Joh 19,25-27

Jesus blir korsfesta, del 3: Dei siste hendingane. Døden. Mark 15,33-37 / Matt 27,45-50 / Luk 23,44-46 / Joh 19,28-30

Jesus blir korsfesta, del 4: Hendingar etter Jesu død. A: Utanforliggjande effektar. Mark 15,38 / Matt 27,51-53 / (Luk 23,45b)

Jesus blir korsfesta, del 4: Hendingar etter Jesu død. B: Reaksjonar hos dei som var tilstades. Mark 15,39-41 / Matt 27,54-56 / Luk 23,47-49 / Joh 19,31-37

Scene 2: Jesus blir gravlagt. Mark 15,42-47 / Matt 27,57-66 / Luk 23,50-56 / Joh 19,38-42

Jesus blir gravlagt, del 1: Josef spør om å få lekamen. Mark 15,42-45 / Matt 27,57-58 / Luk 23,50-52 / Joh 19,38a

Jesus blir gravlagt, del 2: Lekamen blir lagt i grava. Mark 15,46-47 / Matt 27,59-61 / Luk 23,53-56a / Joh 19,38b-42

Jesus blir gravlagt, del 3: Vakt ved grava på sabbaten. Matt 27,62-66 / Luk 23,56b

(Inndelinga er henta frå Brown, Raymond E.: The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. A Commentary on the Passion Narratives in the Four Gospels, 2 Volumes. The Anchor Bible Reference Library, New York etc. 1994. First Paperback Edition 1998)


%d bloggarar likar dette: