Getsemane

Getsemane er eit kjent stadnamn frå Bibelen. Staden er først og fremst knytt til Jesu lidingshistorie. Les me bibelforteljingane nøye, ser me at dette var ein stad der Jesus og disiplane ofte var samla. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Kanskje Getsemane var ein slik stad?

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med disiplane sine og over til andre sida av Kedronbekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og disiplane hadde ofte kome saman der.

Her i Getsemane var det Jesus kjempa ein avgjerande bønekamp før han frivillig gjekk inn i lidinga og døden. Han lot flokken med venner venta på samlingsstaden og tok dei tre disiplane han hadde eit nærast forhold til, med seg lenger inn i hagen. Der blei han gripen av sorg og gru. Han bad dei tre vaka med han, og gjekk så for seg sjølv eit lite stykke unna og bad: Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.

Mens Jesus bad, sovna disiplane. Noko seinare, då Jesus hadde vekt dei og han igjen var saman med alle disiplane, kom det folk for å ta han til fange. Kven var det eigentleg som arresterte Jesus? Johannes fortel at Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lampar og våpen. Vaktstyrken det her er snakk om, var ein romersk hæravdeling som var stasjonert i Jerusalem under dei store jødiske høgtidene, for å oppretthalde ro og orden. Jesus stakk ikkje av i denne situasjonen, men gjekk i møte med dei og lot det skje. Disiplane derimot, dei rømde.

Ein liten detalj frå Markusevangeliet: Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han, men han sleppte linkledet, og rømde naken. I kommentarane i NTR les eg: Det at det bare er Markus som fortel om dette, har ført til tanken at den unge mannen var evangelisten sjølv. Den improviserte påkledninga (tilsvarande “i bare nattskjorten”), tyder på at han ikkje var ein av deltakarane i påskemåltidet som Jesus og disiplane hadde feira like før. Kanskje han budde i nærleiken og eigentleg hadde gått til ro, men nå fulgte etter for å sjå kva som skjedde?

Idag er Getsemane prega av kyrkjer og hagar. To av desse stadane har betydd noko spesielt for meg, og dei vil eg skriva litt meir om:

  • Alle Nasjonars kyrkje og hagen med gamle oliventre
  • Grotta i Getsemane

Her finn du link til fransiskanarane sine flotte sider om Getsemane. Den som vil lesa ein grundigare leksikonartikkel om Getsemane, kan lesa her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: