Kaifas’ hus

Då Jesus blei arrestert i påsken, blei han ført til dei jødiske leiarane som var samla hos øvstepresten. I guidebøker blir denne staden omtalt som Kaifas’ hus. Bibeltekstane som omtaler staden, brukar eit ord som like gjerne kunne omsetjast med palass.

Nytestamentet gjev oss ikkje hjelp til å finna ut kvar i Jerusalem dette palasset låg, men historikaren Josefus fortel at øvstepresten budde i den bydelen som blei kalla Øvrebyen.

Der er det i dag to stadar som blir vist fram som den sannsynlege lokaliseringa av Kaifas’ hus: Ein armensk eigedom som ligg godt skjult bak høge murar på toppen av Sionshøgda og den katolske Hanegalskyrkja (biletet) som ligg i skråninga aust for Sionshøgda.

Det er interessant å besøkja begge desse stadane. Det vil seia: Det er absolutt mest å sjå og oppleva i Hanegalskyrkja. Eigedomen bak dei høge murane, det armenske Convent of St. Saviour, verkar ved første augekast ganske utilgjengeleg. Dei fleste historikarane argumenterer for at det er dette som er staden for øvstepresten sitt palass. Det er likevel nokre som på grunn av arkeologiske funn og tradisjonshistoria til dei to stadane, tenkjer annleis.

Eg vil først seia litt om den staden dei fleste historikarane meiner Kaifas’ hus låg. Me finn denne staden på toppen av Sionshøgda, like utanfor bymuren. Også Den Norske Bibelselskap sitt kart over Jerusalem i nytestamentleg tid i vanlege norske biblar, plasserer øvstepresten sin bustad der.

Armenarane sin eigedom på Sionshøgda

Armenarane er eit kristent folk som har hatt ei busetjing i Jerusalem sidan slutten av 300-talet. No er det ca 1000 innbyggjarar i det armenske kvarteret i Gamlebyen. Her held det armenske patriarkatet til, og armenarane her har kontakt med armenarar over heile verda. Då eg besøkte kvarteret i 2001, blei eg kjent med Fader Isak, ein 24 år gamal armensk prest. Han tok meg med til gravplassen deira, Convent of St. Saviour, som ligg like utanfor Gamlebyen, ved Sionsporten. Dette er staden som armenarane sjølv, og mange historikarar med dei, meiner er staden øvstepresten hadde sitt palass.

Innanfor murane viste han meg Frelsarkapellet, som skal liggja der Kaifas’ hus stod, og den armenske kyrkjegarden. I tillegg ligg det her eit nytt, uferdig kyrkjebygg og nokre eldre bygningar som blir nytta som bustad. Kapellet er ikkje lenger i bruk, men det er muleg å koma inn i det skjærtorsdag ettermiddag, då armenarane har ein prosesjon til staden. Kapellet blei bygd i 1140. Interiøret blei i stor grad øydelagt i perioden 1948-1967, då denne eigedomen låg i ingenmannsland på grensa mellom det israelske Vest-Jerusalem og Aust-Jerusalem, som då tilhøyrde Jordan. Eg var der saman med Fader Isak like før påske, og då det blei skjærtorsdag, stilte eg sjølvsagt opp for å vera med på prosesjonen deira og få oppleva staden ein gong til.

Fader Isak fortalde at denne staden er viktig for armenarane, både på grunn av tradisjonen om Kaifas’ hus, og fordi dei trur at ein del av steinen som låg framfor Jesu grav, er tatt vare på og bygd inn i altaret i kapellet. Mange historikarar vil seia at denne tradisjonen er sannsynleg når det gjeld plasseringa av Kaifas’ hus. Teorien om steinen frå Jesu grav vil dei neppe nemna eingong.

Det har vore arkeologiske utgravingar inne på den armenske eigedomen. Og dei fann spor etter rikmannsbustadar frå den aktuelle tida. Men i desse utgravingane var det òg gjort funn som talar mot at dette kunne vera restar etter huset me leiter etter. Tradisjonen som plasserer øvstepresten sitt hus her, kan truleg heller ikkje følgjast lenger tilbake enn til slutten av 600-talet, altså frå tida etter Jerusalems 300-årige kristne periode (ca 325-638). Dei skriftlege kjeldene frå pilegrimane som besøkte byen i denne perioden, tyder heller på at staden dei fekk sjå som Kaifas’ hus låg i skråninga på austsida av Sionshøgda.

Slik sett kan det vera at dei som har gjort butikk på å kunna visa fram restane etter Kaifas’ hus, ein fransk katolsk orden som eig Hanegalskyrkja, faktisk er nærare den historiske sanninga.

Hanegalskyrkja

Hanegalskyrkja, eller St. Peter in Gallicantu, som den heiter i engelsk-språklege guidebøker, er ei moderne kyrkje bygd over gamle ruinar. Kyrkja skal minna oss om Peter sitt svik då han sa han ikkje kjende Jesus.

Under kyrkja er det eit anlegg med gamle murar, grotter og sisterner. Det mest interessante er ei stor sisterne som er 6 meter djup og 4 meter brei og som har tre bysantinske kors i “halsopninga”. Denne sisterna blir vist fram som Jesu fengselscelle. Dei tre korsa syner at pilegrimar i gamal tid oppsøkte staden og knytte den til Jesus. Det er òg gjort andre funn som kanskje kan knyta staden til øvstepresten og tempeltenesta. Det er mykje usikkert når det gjeld denne staden. Men eg vil ikkje utelukka at desse arkeologiske utgravingane under Hanegalskyrkja faktisk viser oss delar av Kaifas sitt hus.

Eg huskar spesielt ein gong eg var der. Først gjekk eg og såg på nokre gamle trapper som er avdekka utanfor kyrkja. Dei er frå Jesu tid, og var truleg ein del av ein veg som gjekk mellom Siloadammen og Sionshøgda. I desse trappane gjekk truleg Jesus og disiplane skjærtorsdag på veg frå staden dei innstifta nattverden og på veg til Getsemane. Og her blei truleg Jesus ført då han var arrestert.

Så gjekk eg ned i sisterna. Eg las Salme 88, som står gjengitt på mange språk der nede, bl.a. norsk. Kanskje Jesus bad den salmen då han satt arrestert nattestid hos øvstepresten? Det blir sjølvsagt å gjetta, men Jesus kunne sin Bibel og det er ikkje usannsynleg at han i dei gamle salmane fann ord for sine bøner, både når han var glad og når livet var vanskeleg!

Eg tenkjer at orda frå Salme 88 gir uttrykk for kor fælt Jesus må ha hatt det i den situasjonen. Her tar eg med nokre vers frå denne teksten:

2 Herre, du Gud som er min frelsar,
eg ropar til deg dag og natt.
3 Lat mi bøn koma fram for deg,
vend øyra til mitt klagerop!

4 Mi sjel er mett av ulukker,
mitt liv er kome dødsriket nær.
5 Eg vert rekna til dei som steig ned i grava,
eg er som ein mann utan kraft.

9 Du har teke mine kjenningar frå meg
og gjort det så at dei avskyr meg.
Eg er innestengd og kjem ikkje ut,
10 mitt auga sløvest av plager.

14 Men eg, Herre, ropar til deg,
om morgonen kjem mi bøn imot deg.
15 Kvifor støyter du meg bort frå deg, Herre,
kvifor løyner du ditt andlet for meg?

18 Heile dagen er dei ikring meg som vatn,
alle saman omringar meg.
19 Du har teke vener og frendar ifrå meg,
og mine kjenningar held du borte.

I 2001 hadde eg studiepermisjon og arbeidde med eit studieprosjekt eg kalla Jesu lidingsveg. Innhald og lokalisering. Då arbeidde eg bl.a. med kva arkeologar og historikarar meiner om lokaliseringa av øvstepresten sitt palass. Eg har trukke den konklusjonen at det er mest sannsynleg at palasset låg i skråninga på austsida av Sionshøgda. Ikkje nødvendigvis akkurat der Hanegalskyrkja står i dag, men det er gjort funn som gjer at ein ikkje bør utelukka at kyrkja faktisk står på staden der dette skjedde, slik eigarane av kyrkja hevdar.

Den som vil lesa ein meir omfattande artikkel med argumentasjon omkring lokaliseringa av Kaifas’ hus, kan lesa det eg skreiv om dette etter studiet i 2001: Øvstepresten sitt palass og Pilatus sitt pretorium. Om lokaliseringa av Jesu lidingsveg i Jerusalem. Tidsskrift for teologi og kirke nr 4/2001.

2 svar til Kaifas’ hus

  1. Sigve Ims seier:

    Arne

    Er imponert
    Hadde ikke tid til å lese så mye nå , men vil vende tilbake til sider jeg ser inneholder mye spennende.

    En kommentar i en helt annen gate – kan du sjekke datasystemet på Bryne om det ligger gamle gravferdstaler fra undertegnede
    Sigve

  2. Arne seier:

    Kjekt du har vore inne på sidene og at du vil koma tilbake når du har betre tid, Sigve! Eg skal sjekka opp om me har backup av det du spør om.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: