Getsemane og Oljeberget

Oljeberget. Foto: Arne Berge 2005

Fastetida er ei tid for å førebu påskehøgtida. Eg vel å ta fram dette bildet som eg tok for mange år sidan, som ein del av den førebuinga. Getsemane og Oljeberget er kjende stadnamn frå Bibelen, og dei er begge knytt til pasjonshistoria. Bli med på ei vandring i påskeforteljinga sin geografi, gjennom dette notatet frå fastetida i 2021.

Bildet viser Oljeberget i Aust-Jerusalem. Her kom Jesus ridande på eit esel under inntoget i Jerusalem, det me markerer på palmesøndag. Og her var Jesus og disiplene samla då han i dagane før påskehøgtida underviste dei om dei siste tidene.

Getsemane er namnet på området ved foten av denne høgda. Bildet er tatt frå den muslimske gravplassen som ligg langs austsida av tempelplassen. Du kan derfor sjå muslimske graver i forgrunnen. Kedronbekken renn (dersom det skulle vera vatn i den) i dalen framfor Getsemane.

Les me bibelforteljingane nøye, ser me at Jesus og disiplane truleg relativt ofte var samla i dette området. Dei budde ikkje fast i Jerusalem, men reiste nok som jødar flest tre gonger i året til byen i dei store høgtidene. Då var det fullt av folk i Jerusalem, og det er ikkje unaturleg at dei hadde ein eller fleire faste samlingsstadar. Getsemane var i følge bibeltekstane éin slik stad.

Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der. 

Joh 18,1-2

Bibelhistoria om Getsemanehagen er spesielt knytt til forteljinga om Jesu bønekamp og om då han blei tatt til fange:

Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru. 38 Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time? 41 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.» 43 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda. 45 Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.» 

47 Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket. 48 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!» 49 Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han. 50 Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

Matt 26,36-50

Me veit ikkje i dag kor stor Getsemanehagen var på Jesu tid. I vår tid blir namnet Getsemane brukt om eit område som omfattar fleire kyrkjer og eigedomar. Denne kartskissa (med italiensk tekst) viser det meste av dette området.

By Deror Avi (Own work) [GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html) or CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)%5D, via Wikimedia Commons

Samanhengen mellom bildet øverst og denne teikninga er slik, frå høgre mot venstre (frå sør mot nord):

Den store kyrkja med mosaikk i gavlen, blir kalla Alle nasjonars kyrkje. På kartskissa er den omtalt som basilica moderna. Denne katolske kyrkja blei bygd i 1924 over restane av ei kyrkje frå 300-talet (basilica bizantina) og ei korsfararkyrkje frå 1100-talet (basilica crociata). Framfor altaret i Alle nasjonars kyrkje kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Utanfor Alle nasjonars kyrkje ligg ein liten hage med gamle og store oliventre, orto del Getsemani. Forskarar har funne ut at trea er frå 1100-talet, altså frå tida då korsfararane bygde si kyrkje på staden.

Over vegen ligg ein innegjerda og avlåst del av Getsemane. Dette er ein stille stad i forhold til resten av området. Her er det mogleg å bestilla tid for å koma inn og få ei stille stund, borte frå folkemengda som ofte fyller dette området. På bildet er dette hagen som ligg heilt til venstre, frå midten av bildet og nedover. Kartskissa viser at denne hagen ligg over Getsemanegrotta.

Inngangen til Getsemanegrotta (grotta del tradimento o degli apostoli) går gjennom ein smal gang som er nedfelt i terrenget, og som derfor ikkje viser på bildet. Eg syns dette er ein flott stad å besøka. I dag er dette eit fransiskansk kapell. Tradisjonen knyter grotta til Jesus og disiplane og fortel at dette var deira opphaldsstad, og kanskje òg overnattingsstad, når dei var i Jerusalem. NT fortel at disiplane sovna i Getsemane mens Jesus kjempa sin avgjerande kamp i bøn eit steinkast unna. Kanskje sov dei, fordi dei var vane med å sova på denne staden?

Frå den same staden er det også nedgang til den gresk-ortodokse kyrkja (tomba della Vergine) som ligg under jorda. Dette er etter ortodoks tradisjon Jomfru Maria si grav.

Kyrkja med gullkuplar oppe i bakken er ikkje med på teikninga. Dette er den russisk-ortodokse Maria Magdalena-kyrkja. Den ligg over vegen som går opp til toppen av Oljeberget: strada per la cima del monte degli Ulivi. Dette er den vegen dei fleste pilegrimane kjem ned, når ein går turen frå toppen av Oljeberget og ned til Getsemane. Då er ein gjerne også innom kyrkja Dominus flevit, som me ser langt oppe i bakkane heilt til høgre i bildet.

Til slutt eit bilde av dei eldgamle oliventrea i Getsemane. Sjølv om trea ikkje er frå Jesu tid, er dei likevel for meg med og dannar nokre sterke indre bilde som eg knyter til bibeltekstane om Jesu bønekamp og hans lidingshistorie.

Sjå det tidlegare notatet Gamle oliventre i Getsemane.

Gamle oliventre utanfor Alle nasjonars kyrkje, Getsemane. Foto: Arne Berge

Oppdatert 28.02.2021.

Alle Nasjonars kyrkje

Dei fleste som kjem til Getsemane, konsentrerer seg om den katolske Alle Nasjonars kyrkje og om ein liten hage med eldgamle oliventre utanfor kyrkja. Denne kyrkja blei bygd i 1924 over ruinane av ei kyrkje frå 300-talet. Framfor altaret kjem det ei flat klippe opp av golvet, og tradisjonen fortel at det var her Jesus hadde si avgjerande bønekamp.

Ein gong eg kom til kyrkja, opplevde eg å vera der ein stund heilt åleine. Eg syns det var flott. Eg knelte ned framfor den flate klippa. Og eg studerte dei store mosaikk-bileta over altaret. Det er tre store bilete som viser til forteljingar knytt til denne staden: Det første biletet viser Judas som forråder Jesus, det andre viser Jesus i bønekampen og det tredje viser Jesus som seier «Eg er».

Men plusteleg var det slutt på freden og roen! Inn velta det ei gruppe amerikanske turistar som stort sett var opptatt av å ta masse bilete med blitz, trass i at det står oppslag om ikkje å gjera det. Deretter song dei eit halleluja-vers og hasta så vidare til ein ny stad. Mon tru om dei opplevde noko heilagt med denne staden? Eller var det bare var ein severdighet for dei? Det skal òg nemnast at det kom enda ei gruppe turistar mens eg var i kyrkja. Dei hadde heldigvis litt meir ro over seg.

Mange som kjem til Getsemane, er mest opptatte av hagen utanfor kyrkja. Her står det nokre eldgamle oliventre. Mange guidar vil nok hevda at desse er så gamle at dei var vitne til Jesu bønekamp her i Getsemane. Det syns eg ikkje er logisk. Om dei verkeleg skulle vera frå det første hundreåret (og slike tre kan visst bli så gamle!), må dei ha vakse opp etter år 70, då romerske soldatar hogg ned og brann opp alt brennbart under beleiringa av Jerusalem.

(Oppdatering: Sjå notatet Gamle oliventre i Getsemane frå 2012)

Likevel, sjølv om eg er skeptisk når nokon prøver å fortelja meg at desse trea stod der då Jesus levde, så gjer desse gamle trea inntrykk! Dei er spesielle, og Getsemane er ein spesiell plass. Staden er sterkt knytt til Jesu siste påske. Her kjem tekstane om koss Jesus kjempa i bøn like før han gjekk inn i lidinga og døden, svært nær.

Det må òg seiast at hagen ikkje er stor, og dessverre er det visst nødvendig å gjerda den inne. Me som besøkjer staden, får altså ikkje lov til å gå inn mellom trea. Vel, vel. Eg innser at viss alle turistar som ville, kunne brekka av ei grein for å ta den med heim, ville desse trea si lange historie få ein brå slutt!